Hopp til innhold

Veret vert betre

Det har vore særs dårleg ver så langt i Nordland i påska. Men veret ser ut til å bli noko betre på tampen av høgtida.
Det seier statsmeteorolog ved Vervarslinga i Nord-Noreg, Gjertrud Vrøyland.

Dårlig vær på fjellovergangene.
Foto: Atle Romøren

- Laurdag vil Nordland få vind i frå nord og nordvestleg kant. Vinden vil liggje frå liten til stiv kuling langs kysten fyrste del av dagen, og vil minke gradvis. Nordland vil også få snøbyger. Dei fleste i ytre strøk, og desse vil vere minkande utover ettermiddagen, seier Vrøyland.

Sjølv om det har vore dårleg ver i fylket, har det vore ei stille påske for politiet, Det fortel operasjonsleiar, Sven Tore Engen, ved Midtre Hålogaland politidistrikt.

- Påsken har vore roleg. Vi hadde ein leiteaksjon rett før påske i Tysfjord område, seier Engen.

Det har vore fleire redningsaksjonar i fylket i påska, men alle dei sakna har vorte funne i god form. Og folk har respekt for veret . Slik som Morten og Henrik Helldal i Bodø.

- I år må vi ta omsyn til veret. Og vi har ikkje lagt ut på nokre skiturar eller vore i slalom bakken, seier Far og Son.