Hopp til innhold

Skreien er ikkje så rastlaus som ein har gått ut frå

Vitskaplege funn lærer oss noko nytt om torsken si åtferd. Vandringa til heimekjær kysttorsk og rastlaus skrei er ikkje så ulik som først tenkt.

Bilder viser ein torsk i havet

PROSJEKT: Forskarane vil finne ut korleis lakseoppdrett påverkar ville torskebestandar i nordlege kystområde. Undervegs har dei gjort fleire funn om torsk og skrei.

Foto: Øystein Paulsen / Havforskingsinstituttet

Den store torskejakta utanfor Nord-Noreg er rett rundt hjørnet.

Kvart år er det store spørsmålet: Kva tid kjem skreien frå Barentshavet til norskekysten?

For vi har to ulike typar torsk: Skreien som kjem vandrande inn frå Barentshavet for å gyte langs norskekysten, og kysttorsken oppheld seg i kystnære strøk heile livet.

Det er grunnen til at ein kallar kysttorsken for heimekjær og skreien for rastlaus.

Men no har forskarar funne ut at desse torsketypane ikkje er så ulike som vi har gått ut frå.

– Vi fann blant anna ein del små skrei i fjorden, noko som står i kontrast til tanken om at all skrei veks opp i Barentshavet, seier forskar John Fredrik Strøm.

Torsk (skrei) henger til tørk på hjeller på Røst.

Fersk torsk (skrei) heng til tørk på hjeller på Røst.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Gjorde fleire funn

Gjennom å studere åtferda til 300 fisk i Frakkfjord og Olderfjord i Finnmark, fann havforskarar at vandringsmønstera til kysttorsk og skrei ikkje er så ulike som ein har tenkt.

Dette fann forskarane ut:

  • Ein overraskande andel kysttorsk forlét fjordane som forskarane var i
  • Ein del skrei blei verande i fjordane i lengre periodar etter gyting
  • Ungfisk som blei fanga på hausten hadde genetikk som fortel oss at dei er skrei og ikkje kysttorsk.

Sistnemnde går imot påstanden om at all skrei veks opp i Barentshavet og berre er langs norskekysten når dei skal gyte.

– Du har ein viss variasjon i livshistoria som er skildringa av vandring, utvikling og økologi til ein fisk som gjer at det er fleire nyansar til det enn ein tidlegare har trudd, seier Strøm.

Ein mann med rø lue, svart jakke og redningsvest står ytterst på ein båt i havet med eit snølagt fjell bak seg

Forskar John Fredrik Strøm held ein akustisk hydrofon. Slike blir sett ut i havet for å logge fisken som er merkt.

Foto: Thomas Bøhn / Havforskingsinstituttet

Merkte meir enn 700 torsk

Det er gjennom prosjektet SalCod at Havforskingsinstituttet har merkt meir enn 700 torsk med såkalla akustiske merke.

Merka sender signal til lyttebøyer som er plassert ute i vatnet, noko som gjer det mogleg for forskarane å kartlegge åtferda til torsken.

Med kvart merke er det eitt signal som gjer det mogleg å kjenne att kvar enkelt fisk.

På bildet er to hender på ein torsk som skal sette inn eit merke i torsken

Sidan 2019 har Havforskingsinstituttet gjennomført fleire årlege tokter i Frakkfjord, Olderfjord og Langfjord i Troms og Finnmark. Her merkar dei ein torsk med akustisk merke.

Foto: Ellie Watts / Havforskingsinstituttet

– Det totale datamaterialet som er samla inn er heilt unikt i ein vitskapleg samanheng og vi ser fram til å jobbe vidare med det.

Det overordna formålet med prosjektet er å gi ei heilskapleg skildring av korleis lakseoppdrett påverkar ville torskebestandar i nordlege kystområde.

Forskar på fisk nær oppdrettsanlegg

Ved å forske på fisk i ein fjord både med og utan oppdrett i nærleiken, vil forskarane sjå om det er ein forskjell i åtferda til torsken.

– Det kan vi sjå i lange periodar ettersom merkinga varer veldig lenge, seier Strøm.

Merde med torsk i med fjell i bakgrunnen som har snø på seg

Her er torsk samla opp i merd før merking.

Foto: Ellie Watts / Havforskingsinstituttet

Det er fleire aspekt rundt dette som forskarane no jobbar med å analysere, som om torsken vil halde seg i nærleiken av eit oppdrettsanlegg, eller symje rundt og vekk frå området.

– Vi kan få detaljert dokumentasjon på torsken si åtferd, seier Strøm.

Viktig for forvaltinga

Han meiner resultata er viktige for å forstå økologien til dei nordlegaste torskebestandane.

– For eksempel er det plassar lang norskekysten der du har lov til å fiske skrei, men ikkje kysttorsk. Det kan vere problematisk viss dei overlappar i rom og tid.

Les også Temperaturen øker – norsk torsk kan havne i Russland

Lofoten

Då endar ein opp med å fiske den bestanden som ikkje er lov til å fiske på.

– Då må du vite underliggande om vandringsmønster og åtferda til desse bestandane, seier Strøm.

Såleis gir funna kunnskap til vidare forsking, reguleringar og berekningar på bestanden.