Hopp til innhold

Høgre:-Urovekkjande forsvarsbudsjett

Forsvarsbudsjettet går nok ein gong nedover og det stikk i strid med lekkasjane frå forsvarsstudien. Dette går ikkje lenger, særskilt med tanke på Nordområdesatsinga seier leiar Jan Petersen i forsvarskomiteen for Høgre.

F-16
Foto: Per Arne Juvang

- Regjeringa sørgar nok ein gong for nedskjæringar. Og dette stikk i strid med signala me har fått i frå lekkasjane frå Forsvarsstudie 07, seier Petersen.

Han er særskilt uroa over Nordområdesatsinga.

- Me greier ikkje halde fast ved satsinga i nord dersom me ikkje løyver nok pengar til denne satsinga, seier Petersen.

Dramatiske Kutt

Og han får støtte frå Framstegspartiet og andre nestleiar Per Ove Width i forsvarskomiteen for Framstegspartiet.

Han seier via sin rådgjevar Per Kristian Krogh at forsvarsbudsjettet er lite tilfredsstillande. Han tykkjer forsvarsbudsjettet representerer dramatiske kutt og manglande løyvingar til  Nordområdesatsinga er det som er mest urovekkjande.

- Det er bekymringsverdig når ein ser på den utviklinga ein har i Nord-områda, seier Width via sin rådgjevar Per Kristian Krogh.

Per Ove Width er i dag på Island og var ikkje tilgjengeleg for ein lengre kommentar.

Framstegspartiet er uroa over årets forsvarsbudsjett og tykkjer ikkje regjeringa tek ansvar for dei måla dei har satt seg.

Nordområda

Særleg er det manglande løyvingar til Nord-områda som uroar partiet.

- Sjø- og luftforsvaret får ikkje auka løyvingar. Dette gjer det nærast umogleg å vidareføre nord-områdesatsinga, seier Krogh

Han seier at dei har fått oppgåver, men ikkje auka løyvingar slik at dei kan vidareføre oppgåvene sine på ein forsvarleg måte.

- Dei treng meir pengar til drift og slik budsjettet no framstår er det ein katastrofe, seier han.

Han er særskilt uroa for korleis det skal gå når Sjøforsvaret får nye fregattar.

- Det er ikkje noko poeng med nye fregattar når dei ikkje har pengar til å nytte dei, uttalar Krogh.