Hopp til innhold

Saveliy (15) og Kristina (16) kom til Noreg i haust – ventar endå på skuletilbod

Ukrainske Saveliy og Kristina kom til Noreg i haust, men har framleis ikkje fått begynne på skule i Fauske. Kommunen meiner UDI må ta ein større del av ansvaret.

Saveliy og Kristina får ikke skoletilbud.

Ukrainske Saveliy (til venstre) og Kristina ventar framleis på første skuledag i Fauske, sjølv om lova seier at dei har rett på det innan tre månadar. Kommunalsjefen i kommunen, som har tatt i mot over 400 flyktningar, meiner UDI må få til ei likare fordeling.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

I Fauske kommune har barn og unge vore nøydde til å vente lenge for å få skuleplass.

– Det er dumt, sjølvsagt.

Det seier ukrainske Saveliy på 15 år.

– Kvifor synest du at det er dumt?

– Vel, fordi alle burde gå på skulen, i det minste for å lære eit framand språk.

Ukrainske Kristina på 16 år nikkar bekreftande.

Saveliy og Kristina får ikke skoletilbud.

Saveliy og Kristina har prata med NRK via tolk. Dei synest det er dumt at dei ikkje har fått gå på skule endå.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Dei to er blant over 400 flyktningar som har kome frå Ukraina til Fauske i Nordland, ein kommune på 9500 innbyggarar.

Robek-kommunen sa til å busette 40 nye flyktningar i 2023. UDI bestemde at dei skulle ta imot over 400.

Har rett på skulegang

Med det fekk Fauske kommune auka innbyggartalet med nesten 5 prosent. Dei første flyktningane kom 23. august i fjor.

Ifølge den norske opplæringslova har barn og unge rett til ei offentleg grunnskuleopplæring. Plikta til grunnskuleopplæring startar når opphaldet har vart i tre månader.

I Fauske kan ikkje kommunalsjefen svare eksakt kor lenge barna har venta på å få skuleplass.

– Det er vanskeleg å ha oversikt med tanke på at den butida varierer så mykje og det er stor utskifting på mottak.

Det seier Hans Fredrik Sørdal som er kommunalsjef for oppvekst og opplæring i kommunen. Han legg til:

– Nokre har kanskje vore her i ein månad før dei har reist vidare, nokre har kanskje vore her i tre månadar før dei no får eit skuletilbod og nokre kom kanskje i førre veke.

Hans Fredrik Sørdal
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / Lars-Bjørn Martinsen/NRK

Han understrekar at frå og med måndag komande veke så vil alle elevar som har rett på skule få undervisning.

– Vi har slite med å få tak i kvalifisert personell for å gå inn å gjere jobben for å gi undervisning til elevane i skulen.

– Men er de ikkje opptatt av å ikkje bryte lova, og dermed finne ut kor lenge dei er her?

– Vi er opptatt av å få eit kvalifisert tilbod på plass og det har vi gjort så fort som over hovudet mogleg og det er no på plass frå neste veke.

Dei som kjem har rettane som følger norsk lov, som helsehjelp og skule. Når det kjem så mange på så kort tid, legg det eit press på heile det kommunale apparatet som skal halde oppe tenestene.

Fleire hytter med snø på bakken

Her på Lundhøgda Camping blir hyttene, og brakker, brukt som asylmottak. I hyttene til venstre på bildet bur Saveliy og Kristina. Dei held varmen i kulda med å ha platene på kok.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Fleire kommunar manglar kapasitet

Sidan krigen i Ukraina braut ut 24. februar 2022 har Noreg tatt imot fleire flyktningar enn våre naboland, ifølge Imdi.

I ein rapport frå Imdi stadfester tilsette i flyktningtenesta at mange kommunar no opplever utfordringar knytt til kapasitet til busetting og integrering av flyktningar.

I rapporten kjem det fram at:

  • 23 prosent av kommunane svarar at dei ikkje har kapasitet til å busette fleire flyktningar.
  • 74 prosent meiner dei kan ta i mot nokre, men ikkje mange fleire.

Sørdal i Fauske seier at kommunen har gjort alt dei kan og at han no trur dei lagar eit godt tilbod til barna som bur i mottak og som har rett på skuleplass.

Men han legg ikkje skjul på at vegen dit kunne ha vore enklare.

– Det er jo eit kjempeutfordring å opprette eit skuletilbod til opp mot 100 elevar over natta. Det er det vi har fått i fanget.

– Legg du til grunn då at dei som søker på stillingar hos oss har oppseiingstid andre plassar, så seier det seg sjølv at det tar minimum tre månadar før vi har utlysinga klar.

Les også Ukrainske flyktningar gjer vondt verre for Robek-kommune: – Skulle ønskje vi var eit betre vertskap

Fauske

Meiner ein må «dele byrda»

Sørdal meiner at fordelinga bør vere likare.

– Dette er noko som er statleg styrt og då er det også slik at ein burde ha ei meir rettferdig fordeling enn det som vi no ser med den måten det blir gjort på.

– Til sjuande og sist så er det menneske det handlar om i klasserommet vi står i. Då er det om å gjere å levere eit best mogleg tilbod til ein kvar tid.

Lundhøgda camping og motell.

Det er lokala til Lundhøgda camping og motell som skal huse mange av dei 400 flyktningane som er komne til Fauske kommune.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Det hadde ifølge Sørdal vore lettare å integrere flyktningane i opplæringstilbodet dersom det var snakk om eit lågare tal flyktningar.

– Når det er så mange menneske på flukt, er det ikkje då naturleg at det blir ei veldig stor oppgåve for norske kommunar?

– Jo, det er det. Så må ein heile tida strekke seg etter å fordele byrda likt. Men vi er veldig klare på at vi skal levere eit godt tilbod over tid til dei som kjem og dei som er drivne på flukt.

UDI: – Forstår at det er krevjande

Frode Forfang, avtroppande UDI-direktør, forstår at Fauske har fått utfordringar som følge av mange mottak på kort tid.

– Det er klart at for ein kommune på Fauske sin storleik, så er det ei stor utfordring, og det tar vi omsyn til når det gjeld framtidig oppbygging av mottak.

Han seier i dag at UDI ikkje ønsker at enkeltkommunar som Fauske skal ta i mot så mange flyktningar på så kort tid.

Frode Forfang Direktør UDI

Frode Forfang er avtroppande direktør for UDI.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Er det berre Fauske sitt ansvar om dei bryt lova når det gjeld fristen på tre månadar på å gi flyktningbarn skulegang?

– Akkurat når det gjeld handtering av utdanning så ligg ikkje det under UDI sitt ansvar, men eg forstår at dei er i ein krevjande situasjon når dei får mange asylsøkarar og stor mottakskapasitet på kort tid.

Burde UDI rigge dette annleis slik at ein kommune som Fauske ikkje får så mange flyktningar på ein gong?

– Dette er jo litt krevjande fordi når vi etablerer nye mottak og det kjem veldig mange flyktningar til Noreg på ein gong, så er vi i ein situasjon der vi må etablere mottak der det er kapasitet og fasilitet tilgjengeleg for eit mottak.

– Men så forstår vi at ein kan nå eit mettingspunkt i ein kommune. Og det betyr også at viss det skal bli etablert fleire mottak i denne regionen, så vil vi jo ta omsyn til situasjonen som Fauske er i når vi skal etablere nye mottak.

Les også Kommunen sliter tungt økonomisk – skal ta imot 435 flyktninger om kort tid

Ordfører Marlen Rendall Berg (Sp) og ordførerkandidat Nils-Christian Steinbakk (Ap).