Hopp til innhold

Ukrainske flyktningar gjer vondt verre for Robek-kommune: – Skulle ønskje vi var eit betre vertskap

435 nye flyktningar til ein kommune med 9500 innbyggjarar blir merka. Fauske kommune trur dei vil tape mange millionar kroner på å vere vertskommune.

Fauske

Fauske kommune slit tungt økonomisk. Flyktningar frå Ukraina er velkommen, men det gjer ein utfordrande situasjon meir utfordrande.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Robek-kommunen Fauske sa ja til å busetje 40 nye flyktningar i 2023. I 2022 busette dei 50 flyktningar.

UDI bestemde at dei skal ta imot ti gonger så mange, og vel så det.

Tre asylmottak og 435 plassar krev infrastruktur og kompetanse.

Dette kostar sjølvsagt pengar, noko Fauske kommune har lite av.

No snur administrasjonen i marmorkommunen kvar einaste stein både ein og to gonger.

Dei meiner nemleg dei økonomiske tilskota ikkje er i nærleiken av å dekkje utgiftene.

– For kvar dag som går dukkar det opp nye utfordringar. Vi har ikkje oversikt over behova til dei som kjem, seier kommunedirektør Ellen Beate Lundberg.

kommunedirektør Ellen Beate Lundberg

OMSTILLING: Kommunedirektør Ellen Beate Lundberg fortel at Fauske i fleire år har drive omstilling for å snu den økonomiske situasjonen. Flyktningstraumen gjer ting endå vanskelegare.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Vil tape pengar

Kommunen har sjølv laga eit reknestykke som gir eit bilete av sannsynlege kostnader og inntekter i samband med flyktningane.

Inntektene vil vere summen av:

  • Fast tilskot for vertskommune: 756.551 kroner.
  • 11.611 kroner per ordinære mottaksplass.
  • 103.00 kroner per barn i grunnskulen.
  • 18.300 kroner per vaksne i vaksenopplæring.

Det er andre satsar for einslege mindreårige. Fauske kommune har regna to ulike scenario der summane for inntekter er høvesvis 22,4 og 18,9 millionar kroner.

Fauske rådhus. Fauske kommune.

I 2021 hadde Fauske kommune 1.5 milliardar i gjeld. Dei har gjort mykje for å spare pengar. Mellom anna kutta i SFO-tilbod og flytta ut av eige rådhus.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

Men kor mykje vil det koste?

Det har også kommunen rekna på. I eit minimumsalternativ er det sannsynleg at dei bruker 23,5 millionar kroner.

Estimert kostnad er likevel 34,3 millionar kroner.

Med andre ord trur kommunen at dei kjem til å få et økt utgiftsbehov på omtrent 10 millionar kroner.

– Det er faktisk svært uføreseieleg fordi vi ikkje ane kvar det ber, seier kommunedirektør Ellen Beate Lundberg.

Seier seg sjølv at ting tek tid

Eit av dei tre asylmottaka Fauske skal drive ligg i Sulitjelma ein liten time utanfor Fauske. Det er drive av Corvita-care.

23. august kom dei første flyktningen til det gamle hotellet i bygda.

– Vi er snart fylte opp her. Det har gått veldig fort, fortel mottaksleiar Hilde Skramsett.

– Det kom busslass omtrent kvar einaste dag. Ting var litt prega av kaos og at ting skjedde fort, men vi byrjar å kjenne at vi har hovudet over vatnet og orden i kaoset.

Hilde Skramsett fortel at det kjem einslege, mødrer, fedrar og barn. Frå null til 80 år.

Hilde Skramsett fortel at det kjem einslege, mødrer, fedrar og barn. Frå null til 80 år.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

– Fauske kommune kjenner seg teken på senga. Kva tenkjer du om det?

– Det skjønner eg veldig godt. I Sulitjelma bur det 350 menneske, og no kjem det 185 flyktningar der 30–40 av dei er barn. Det er klart det kan bli ei utfordring for kommunen, svarer Skramsett og legg til:

– Det seier seg sjølv at det tek mykje tid å skaffe fagfolk, pedagogar, sjukepleiarar og legar.

Mottaket har allereie folk på mottaket som får lange dagar.

– Vi har mange som eigentleg skal ha eit tilbod som no er på mottaket heile dagen. Det blir lange dagar og kjedelege dagar. Det er krevjande, men vi har forståing for at ting tek tid i kommunen.

Sulitjelma hotell

Mottaket i Sulitjelma husar mange flyktningar, og fleire av dei har eigentleg krav på tilbod på dagtid.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Krevjande sjølv for vekstkommune

På andre sida av landet held Holmestrand kommune på med det same som Fauske. Riggar seg for mange flyktningar.

Men i motsetning til Fauske er Holmestrand vant til vekst over fleire år.

– Vi er ein vekstkommune og er relativt vande til å vekse. Mange flyttar hit frå Drammen og Oslo, mellom anna fordi det er mogleg å pendle, fortel ordførar Elin Weggesrud (Ap).

Totalt veks Holmestrand med rundt 2 prosent i året.

Men å ta imot 400 nye flyktningar på kort sikt er tøft også for nokon som er vand til å vekse.

– 400 flyktningar er sjølvsagt krevjande for kommune, men alle er innstilte på at vi skal få det til og det ser ut til at vi skal klare det.

Elin Gran Weggesrud, ordfører i Holmestrand kommune

Elin Gran Weggesrud (Ap) fortel at det er for tidleg å seie noko om økonomien knytt til flyktningane frå Ukraina.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Ho legg til:

– Det pressar teneste våre hardt. Mellom anna har vi tilsett ein sjukepleiar og skal tilsetje ein til relativt snart, forklarer ordføraren.

Barnehagar, skular, fastlegar og vaksenopplæring er også rigga klart til flyktningstraumen. Dei første kom til Holmestrand i slutten av august.

Weggesrud understrekar at dei hald fram treng meir tid før dei veit om det blir økonomisk tap i samband med akuttmottaka.

– Vi treng meir tid, men vi kan ane at det kan bli krevjande. Vi er ein låginntektskommune og det er knappe marginar.

Les også Kommunen sliter tungt økonomisk – skal ta imot 435 flyktninger om kort tid

Ordfører Marlen Rendall Berg (Sp) og ordførerkandidat Nils-Christian Steinbakk (Ap).

Vil gå utover fastbuande

Kommunedirektøren i Fauske er klar på Noreg, slik som resten av verda, må gjere sitt for å ta imot flyktningar på ein god måte.

Men det er vanskeleg for ein kommune, som allereie før flyktningane kom, sleit med å få tak i nok kompetanse i alle sektorar.

– Helsetenester, pedagogstillingar og andre relevante stillingar som skal bidra til å dekkje lovpålagde tenester utfordrar oss kvar dag. Flyktningsituasjonen utfordrar oss endå meir.

– Vil fastbuande i Fauske kommune merke dette?

– Det er ikkje til å unngå at det på ein eller annan måte vil merkast.

Fauske rundkjøring

Kommunedirektøren fortel at ho er bekymra for korleis dei skal takle flyktningstraumen på ein god måte.

Lundberg beskriv situasjonen som så utfordrande at ho er i tvil på om dei kjem til å klare å vere ein god vertskommune.

– Vi har hatt dialog med UDI og peika på desse utfordringane. Vi som kommune blir ikkje høyrd med tanke på at vi skal levere lovpålagde tenester.

Ho legg til:

– Det er veldig viktig å peike på at vi ønskjer ikkje å sutre fordi vi skal vere vertskap. Vi ønskjer dei velkommen. Men vi skulle ønskje vi var eit betre vertskap.

Les også Roy tjente mer uten jobb enn hos akuttmottak: – Jeg ble forbanna

Roy

Skal dekkje gjennomsnittet

Justis- og beredskapsdepartementet seier krigen i Ukraina gjer at vi opplever historisk høge innkomstar av asylsøkjarar.

I skrivande stund har 60.031 personar frå Ukraina søkt om asyl. Berre i går søkte 184 personar om det same.

Staten har plikt til å gi utlendingar som søkjer vern eit tilbod om innkvartering.

– Vertskommunar for asylmottak får mellom anna vertskommunetilskot, som skal dekkje dei gjennomsnittlege utgiftene ein kommune har som følgje av å vere vertskommune for eit asylmottak, skriv departementet i ein e-post til NRK.

Les heile svaret frå Justis- og beredskapsdepartementet her:

UDI kan ifølgje departementet gi enkeltkommunar fritak frå anbodskonkurransar.

Fauske kommune sa ja til å ta imot 40 flyktningar, men fekk over 400. Departementet understrekar at terskelen for unntak skal vere høg.

– Vi skal vere sikre på å ha god nok beredskap for å handtere høge innreisetal og å oppfylle vår lovpålagde plikt om å tilby innkvartering til asylsøkjarar. Det skal vere svært spesielle forhold som i sum tilseier eit unntak.