Hopp til innhold

Éin person alvorleg skadd etter eksplosjonsulykke

Tre menn er frakta til sjukehus etter ei alvorleg ulykke med acetylengass ved ei bedrift i Mosjøen.

Verkstedet som der eksplosjonen skjedde

TYDELEGE SPOR: Vindauget på verkstaden bær tydeleg preg av trykket etter eksplosjonen natt til søndag.

Foto: Per Vikan / Helgelendingen

– Vi ser på dette som ei alvorleg ulykke, seier operasjonsleiar i politiet i Nordland, Remi Johansen.

Politiet fekk beskjed om ulykka ved verkstaden M. Nordvik i Mosjøen litt før klokka 0.30 natt til søndag. Alle naudetatane rykte ut.

Ifølgje Johansen har tre personar vore inne på området til ei bedrift i Mosjøen da ei flaske med acetylen eksploderte.

Denne gassen brukast for det meste til sveising.

Det var ein av dei tre involverte som sjølv ringde og melde frå.

To av dei tre er frakta til sjukehuset i Sandnessjøen, medan ein av dei er frakta til UNN i Tromsø med alvorlege skadar.

Berre ein av dei tre har tilknyting til verkstaden, og dei var ikkje på området i jobbsamanheng. Politiet vil difor ikkje kalle det ei arbeidsulykke.

– Kva dei gjorde der er noko av det vi prøvar å finne ut av, seier Johansen.

Målet er få avhøyrt dei involverte i løpet av dagen, men politiet er usikre på om dei får prata med personen som er sendt til Tromsø søndag.

Nordvik Gruppa AS sende søndag ut ein utsegn i forbindelse med saka.

Hendinga har skjedd utanfor opningstid og er ikkje i regi av bedrifta. Saka er under etterforsking, og vi samarbeider med politiet for å finne ut kva som har skjedd, skriv kommunikasjonsansvarleg June Karine Pedersen.