Hopp til innhold

Tilfredsstilte ikkje nordiske båtkrav

Statens havarikommisjon har konkludert med at årsaka til forliset av sjarken "Marina" var forskyving av lasta om bord.

Sjarken "Marina" på Sortland

'Marina' foliste utanfor Andøya 2.mars.

Foto: Stein Inge Pedersen / NRK

Statens havarikommisjon har komme med foreløpige tryggleikstilrådingar etter forliset av sjarken "Marina".

Sjarken "Marina" forliste nordvest av Andøya 2.mars med ein person ombord. Ein omfattande leiteaksjon vart sett i gang utan at fiskaren vart funnen.

LES OGSÅ: Det russiske lasteskip vek unna båt

LES OGSÅ: Må samarbeide bedre etter forlis

Foreløpig rapport

Statens havarikommisjon skriv i sin foreløpige rapport at eigarar og brukarar av sjarkar må hugse på at last på dekk verkar negativt inn på stabiliteten til fartøyet. Dei ber difor om at ein bør unngå last dersom det ikkje er dokumentert at det er trygt.

LES OGSÅ: Nærmer seg svar på sjarkforlis

LES OGSÅ: Forbannet på havariinspektør

I tillegg tilrår Statens havarikommisjon eigarar og brukarar av sjarkar å kontrollere plasseringa av luftinntaket til motoren. Luftinntaket må vere plassert tilstrekkeleg høgt, og nærast mogleg senteret av fartøyet

Video nsps_upload_2009_4_1_7_51_38_2203.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Havarikommisjonen har konkludert

Marina tilfredsstiller ikkje krava

Berekningar gjort av Statens havarikommisjonen viser at sjarken "Marina" ikkje tilfredsstiller krava i nordisk båtstandard. Berekningane tyder på at båten har lita evne til å rette seg opp igjen etter ei forskyving av last på dekk. I tillegg er luftinntaka til motoren dårleg plassert.

Statens Havarikommisjon meinar dårlege stabilitetseigenskapar kombinert med laus fisk på dekk og uheldig plassering av luftinntaka til motoren, hadde avgjerande betydning for forliset