Hopp til innhold

Stornøgd med festivalen

Det vart ingen publikumsrekord for Musikkfestveka, men festivalsjefen er strålande nøgd.

Rolf Cato Raade og Birgitte Christiansen

Festivalsjef Rolf Cato Raade hadde ingen ambisjonar om å setje nye publikumsrekordar.

Foto: Gisle Forland / NRK

Festivalsjef Rolf Cato Raade hadde ingen ambisjonar om å setje nye publikumsrekordar.

Publikumstala ikkje klare

Foreløpig er ikkje publikumstala klare, men nokre tusen færre enn i fjor kan det godt verte utan at det uroar festivalsjefen.

- Det var ikkje målet, for i år ville me reindyrka den profilen me har, seier Raade.

For fjerde året på rad er det Rolf Cato Råde som styrer festivalskuta.

- Kunstnerisk har dette vore ei av dei beste Musikkfestvekene, seier han.

Høgdepunkt

Og allerede no er mykje av programmet for neste musikkfestveke klart. Det er ikkje kjende namn, men det er heller ikkje målet. Men å verte lagt til merke til internasjonalt - det betyr mykje.

- Me bestiller mange verk. Me har hatt 40 urframføringar på fire år, og det vert lagt merke til ute i verda. Desse vert vidare framført i London og andre stadar i verda, og då følgjer det alltid med eit skriv at dei vart urframført i Bodø under Musikkfestveka, seier Raade.