Hopp til innhold

Sørpeskred stenger riksveg 80 mellom Fauske og Bodø

Vegen blir sannsynlegvis stengd til onsdag, ifølge Statens vegvesen.

Sørpeskred på riksveg 80 mellom Bodø og Fauske

Trafikkoperatør Håvard Langmo seier sørpeskredet er på mellom 50 og 100 meter bredt og ein halv meter høgt.

Foto: Statens vegvesen

Det milde regnvêret har ført med seg utfordrande køyreforhold og skredfare.

I Nordland er sendt ut farevarsel for opp mot 90 millimeter regn på 24 timar frå måndag føremiddag.

Og skredvarslinga Varsom.no melder at Salten og Svartis-regionen har faregrad 4, stor snøskredfare.

Natt til tysdag bestemde vegtrafikksentralen Nord-Noreg å stenge riksveg 80 mellom Bodø og Fauske. Det var på grunn av overfløyming og fare for ras.

Og i morgontimane tysdag gjekk det eit sørpeskred over vegen.

– Vegen er heilt stengd og vil sannsynlegvis vere stengd til utpå dagen onsdag. Statens vegvesen gjer ei ny vurdering kl. 20.00 tysdag kveld, men det er framleis mykje snø igjen i fjellsida så faren for nye skred er stor.

Det seier trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen Nord-Noreg, Håvard Langmo i ei pressemelding.

Sørpeskredet er på mellom 50 og 100 meter bredt og ein halv meter høgt. Det har gått mellom Skistrand og Tverlandet.

– Det har nådd vegen, men det har ikkje nådd jernbana, seier Langmo.

Han fortel vidare at det no er folk frå Statens vegvesen og entreprenørar på staden for å vurdere.

Omkøyring er fylkesveg 812 Misvær.

Les også Utfordrande køyreforhold: Så glatt at bilbergarane vart bortvist av politiet

En hvit bil ligger i grøfta.

Fleire stengde vegar

– Det er ekstreme nedbørsmengder som har kome etter ei lang kuldeperiode som gjer at vatn ikkje finn vegen utanfor vegen. Det blir mykje vatn og glatt, og vi får overfløyming og skredfare, seier Langmoe.

Han seier vidare at alle som skal ut å køyre i Nord-Noreg i dag bør ta sine forholdsreglar.

– Det er å sjekke trafikk- og vêrmeldingar. Og sørge for at man er godt kledd og førebudd på å måtte vente, seier Langmo.

Fleire vegar i fylket er stengd måndag føremiddag.

  • På fylkesveg 7420 Bjærangen i Meløy har det gått eit snøskred. Vegen er difor stengd, i første omgang fram til klokka 13:00.
  • E6 i Mørsvikdalen i Sørfold er også stengd på grunn av eit stansa køyretøy. Berging er på staden rundt klokka 10:30.
  • Fylkesveg 7370 ved Furuhaugmyra i Rana er vegen stengd grunna snøskred. Planen er å opne klokka 16.32 tysdag, men dette kan endre seg.
  • Fylkesveg 7438 ved Sandneslia i Gildeskål er også stengd grunna snøskred. Planen er å opne klokka 22.00 tysdag, men dette kan endre seg.
Stengt vei etter sørpeskred over riksvei 80 mellom Bodø og Fauske.

Riksveg 80 mellom Bodø og Fauske er stengd på grunn av eit sørpeskred som har gått over vegen.

Foto: Ronald Jacobsen

Gasstankbil velta på E6 på Saltfjellet

Føret har også ført til at ein gasstankbil velta på E6 på Saltfjellet.

– Politiet fekk melding klokka 09.05 via ei trippelvarsling frå AMK om at ein tankbil hadde velta oppe på Saltfjellet.

Det seier operasjonsleiar Lars Halvorsen i politiet i Nordland.

Det er ikkje meldt om personskade eller andre bilar i nærleiken. Men politiet satt opp ein sikkerheitsavstand på 100 meter frå gasstankbilen. Ut på ettermiddagen vart denne oppheva.

Hendinga skal ha skjedd mellom Polarsirkelsenteret og Lønnsdal stasjon. Tankbilen hadde passert fjellet før det vart stengt, og var på veg over då ulykka skjedde.

– Slik det ser ut no, er det køyreforholda som har ført til ulykka, seier Halvorsen.

Ein gasstankbil har velta på E6 på Saltfjellet.

Ein gasstankbil velta på E6 mellom Polarsirkelsenteret og Lønnsdal stasjon.

Foto: Politiet

Føraren blir frakta til legevakta for ein sjekk.

To timar etter den første meldinga kom til politiet, melder dei at det ikkje er fare for lekkasje eller eksplosjon frå tankbilen. Tilhengaren med gasstanken ligg godt utanfor vegen og utgjer ingen fare.

Arbeidet med å berge bilen har også starta.

Politiet seier det er vanskeleg å seie noko om når vegen kan opna igjen.