Hopp til innhold

Sommarsola skapar trafikkaos

Mange vil nyte finvêret til det fulle anten på fjellet eller stranda. Men feilparkerte bilar gjer naudetatane uroa for tryggleiken.

Farlege parkeringar

FARLEG PARKERING: Her bøtelegg Politiet feilparkerte bilar. Naudetatane er redd dei ikkje greier å passere om det skulle trengast.

Foto: Politiet

– Brannvesenet har vore på staden og sett på vegen. Dei er redd dei ikkje greier å passere, seier Tommy Beck, operasjonsleiar hjå Politiet i Nordland.

Som tidlegare år skapar finvêret trøbbel langs vegar i nord. Spesielt i Lofoten går smale vegar forbi ettertrakta fjellstiar og strender. Det fører til at folk parkerer uaktsamt.

– Vi oppfordrar til at folk tenkjer før dei parkerer, skriv Politiet på Twitter.

Fredag fortalde politiet at dei kom til å be Vegtrafikksentralen forby parkering i området kring Kvalvika i Lofoten.

– Slik parkering hindrar normal ferdsle langs vegen, seier Bech.

Laster Twitter-innhold

Inga ny problemstilling

Problematisk parkering er ikkje noko nytt for lofotingar. Også i fjor blei saka gjort aktuell av store problem langs vegane. Mona Fagerås, fylkesråd for næring, sa då til NRK at ho ikkje var framand for å sjå på moglegheita til å betre situasjonen.

– Fylkeskommunen ser at vi må hjelpe små kommunar når dei får store innrykk av turistar. So har vi sagt oss villig til å sjå nærmare på korleis vi kan vere med å finansiere dette, sa ho til NRK.

Trafikk Lofoten

TRONGT: Slik såg det ut i fjor ved Kvalvika i Flakstad. Ifølgje Politiet skal det vere liknande problem i år også.

Foto: Knut-Ivar Johansen