Hopp til innhold

No er det slutt på turvêret

Det kalde, fine vintervêret forsvinn. Neste veke vert prega av vind, mildvêr og nedbør.

Mann som går på ski i solnedgong

KNALLVÊR: Denne veka hadde nordlendingane mange gode turmoglegheiter – og dei drog nytte av det.

Foto: Zdeno Dvorak

– Det vert nok ganske grått, seier vakthavande meteorolog, Håvard Larsen.

Denne veka hadde store delar av Nordland minusgrader og tørt vêr. Det sende både store og små nordlendingar ut på tur.

– Vêret me får neste veke er svært annleis, seier Larsen.

På sundag aukar vinden til stiv eller sterk kuling langs kysten, og held fram ut i neste veke. Fleire stadar i fylket har ein no sludd eller snø, men dette kjem som regn når temperaturane stig.

– Dei fleste stader i fylket får plussgrader så å seie heile neste veke, seier Larsen.

Laster Twitter-innhold

Turglade nordlendingar

I slike gråvêrsperiodar kan det vere greitt å tenkje på godvêrsdagane. Og at nordlendingane dreg nytte av den flotte naturen, er det ingen tvil om.

Lesarbilete til bruk i plugg
Foto: Instagram: m_birkeland83

Ynskjer du å dele ditt bilete med oss? Bruk emneknaggen #nrknordland. Den verkar sjølv om det er overskya òg.