Hopp til innhold

Slik kan du feriere i Noreg utan å blakke deg heilt: – Det enkle er ofte det beste

Nordmenn merkar allereie konsekvensane av inflasjon og ei svak norsk krone. Med desse råda kan du få ein fin ferie utan å bruke opp sparepengane.

Ferie i Noreg

Med påskeferien overstått er mange begynt å tenke på neste. Det finst håp ein rimeleg sommarferie sjølv med inflasjon og svak kronekurs.

Foto: Marius Dalseg Sætre

Nordmenn sine lommebøker kan få køyrt seg i sommarferien, enten du skal utanlands eller feriere i Noreg.

Takka kan ein rette mot inflasjon og ein svak norsk kronekurs, som bekymrar fleire finanstoppar.

Men det finst håp for å halde økonomien i sjakk. Med desse råda kan du kanskje få litt draghjelp til korleis å lage ein budsjettvenleg sommarferie i år.

Trur folk legg lista for høgt

Ida Amundsen er oppvaksen i Nord-Noreg og er godt vand med å feriere i Noreg på ein økonomivenleg måte.

Ida Amundsen

Ida Amundsen trivst best på tur med sambuar og hund, rundt omkring i Noreg.

Foto: Privat

Det viktigaste er kanskje å ikkje gjere det så vanskeleg, meiner Amundsen.

– Eg trur folk har ei forventing om at alt skal vere så fancy og bra, at ein legg forventningane så høgt til det. Ofte vil det enkle vere det beste.

Sjølv trivst ho best på ferie i Noreg, og vel helst det framfor tur til varmare strøk.

Ida Amundsen

– Eg har aldri vore den som kjenner behovet for å reise til Syden, seier Amundsen, som heller vil oppleve krikar og krokar av heimlandet.

Foto: Privat

– Det er så mange toppar, elvar og plassar eg ikkje har fått oppleve som eg ønsker å bruke ferien min på.

Amundsen har fleire råd til andre som har lyst å feriere i Noreg denne sommaren:

Lag maten sjølv

Eller last ned mattilbodsappen, rår ho.

– Når eg og sambuaren drar på tur, søv vi sjeldan på hotell og trivst best på hytte eller i telt. maten hentar vi ikkje frå take-away eller restaurant, men vi kjøper det på butikken og lagar det sjølv.

Ida på tur med sambuar og hund

Det treng ikkje vere så komplisert å lage billeg og god mat på tur, meiner Amundsen, som ofte er på tur med sambuaren og hunden Tyr.

Foto: Privat

– Kva er det enklaste?

– Pitapizza! Eller lefsepizza, det er kjempeenkelt. Du kjøper det du vil ha på, og kan grille det på bål eller lage det på stormkjøkken.

Kvalsafari frå berget

Eit måltid etter at rekebåten kom inn, og kvalsafari frå berget med to venninner.

Foto: Privat

Snakk med folk

Amundsen trur også nordmenn kan vere litt forsiktige med å snakke med framande.

– Folk er som oftast veldig hjelpande og viser ruter. Møter du på nokon på turen, er det berre å slå av ein prat og få litt tips. Folk er hyggelege.

Ida Amundsen anbefalar å slå av ein prat med folk i nærområdet

Ida Amundsen meiner ein ikkje bør undervurdere det å snakke med folk i nærområdet.

Foto: Privat

På den måten kan du ende opp med gode råd, men også mange fine turar som du aldri hadde venta å finne sjølv, meiner ho.

Planlegg

– Planlegg køyreruta og last ned drivstoffappen. Drivstoffprisane har jo vore kjempehøge, seier Amundsen.

Slik får du oversikt på kor det er billegast å fylle drivstoff viss du køyrer bil.

På tur med bilen i Finnmark

Ein kan følge med på prisane og fylle drivstoff der det er lågast, rår Amundsen.

Foto: Privat

Ho vil også råde folk om å sjekke Finn.no og Facebook for å kjøpe utstyr ein eventuelt treng brukt. Då kan du spare store summar.

Trur folk ferierer i Noreg

Generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT), Dag Terje Klark Solvang, trur at nordmenn brukar naturen heime i år.

– Det som er så kjekt å sjå i dei siste åra etter pandemien er at det stig for kvart år.

– Eg trur at mange vil fortsette å bruke Noreg slik vi har sett rett etter pandemien, så trur eg også vi vil sjå det framover.

Dag Terje Klarp Solvang leder fellestur fra Hallingskeid til Osa, Historisk Vandrerute på vestlandet, august 2019.

– Så er det kjekt å ta med alle som skal på tur, barn eller dei du fær saman med, med i planlegginga, seier Klarp Solvang.

Foto: André Marton Pedersen

Dei populære tilboda er gjerne dei som ikkje krev så lang reise, opplyser Klark Solvang, enten det er i Tromsø eller Kristiansand.

Les også Derfor er kronen så svak          

Penger

Påska 2023 kan vitne om at nordmenn vil ut i naturen når ferien kjem. For første gong sidan normalåret før korona, i 2019, var DNT tilbake på normalen.

– Vi hadde ein solid oppgang på DNT sine betente hytter i år samanlikna med i fjor, seier kommunikasjonsrådgivar i DNT, Andreas Blaauw-Hval.

Huldreheim Østmarka
Marius Dalseg Sætre

1. Sov i gapahuk, telt eller hengekøye i skogen

Man trenger ikke reise langt for å få feriefølelsen! Du finner mange gapahuker for overnatting på Norges største turportal, UT.no. Hva med å ta med familien eller venner på overnatting i nærskogen?

Dag Terje Klarp Solvang leder fellestur fra Hallingskeid til Osa Historisk Vandrerute på vestlandet august 2019.
Andre Marton Pedersen

2. Hytte til hytte-tur er en rimelig eksepedisjon

Planlegg en tradisjonell hytte til hyttetur, enten mellom betjente hytter eller selv- og ubetjente, eller en kombinasjon. På denne måten kan du få en lengre ferie med mange opplevelser for lite penger.

Sted Område NordNorge Nordland Lofoten Vesterålen og Hinnøya Vesterålen Hytte Ubetjent Guvåghytta Kyst Sommer Kysthytte
Kristin Folsland Olsen

3. Utforsk delingshytter langs kysten

Mange drømmer om å også få tilbringe tid langs kysten om sommeren, men frykter at det er dyrt å realisere. Det finnes heldigvis delingsøkonomi ved kystperler også!

Fottur fra Sognefjellshytta til Skogadalsbøen i Utladalen i Jotunheimen.
Monica Hägglund langen

4. Lån eller lei utstyret du trenger

Ikke kjøp nytt om du mangler utstyr til sommerfriluftslivet eller din første telttur. Lån av venner, kjøp brukt eller sjekk hvilke organisasjoner som leier eller låner ut utstyr der du bor. Da holder du utgiftene nede og det er dessuten miljøvennlig.

Badekulp i Innerdalen Trollheimen.
Marius Dalseg Sætre

5. Dagsturer og måltider ute gir feriefølelsen

Har du ikke tid eller råd til lang ferie? Dagsturer i nærmiljøet gir også sommerferieminner! Finn et fint badested, del et måltid ute eller utforsk nye turmål og topper i nærheten av der du bor. Inspirasjon finner du på UT.no

Det viktigaste rådet

Generalsekretæren trur det er viktig å starte planlegginga allereie no.

– Både viss du skal koste på deg nokre overnattingar, eller om du skal sikre deg plass på hyttene, eller det å få lånt utstyr til å gjennomføre det du har tenkt. God planlegging er halve jobben som dei seier, ifølge Klarp Solvang.

Men endå viktigare:

– Å glede seg til å dra på tur. Så viss den glede seg-tida kan bli så lang som mogleg trur eg ein får det ekstra kjekt.

Les også Svak krone godt nytt for turistnæringa: – Det ser veldig bra ut

Kåre Godø står ved roret på MS Bruvik. Han har på seg uniform og kvit skjorte, og smilar medan han ser ut frå styrehuset.

Les også Her får du mindre for krona i sommer

Fotball-EM 2020: Danmark - Finland