Hopp til innhold

Svak krone er godt nytt for turistnæringa

Den norske krona vert mindre og mindre verd. Det vil svi i lommeboka om du skal til utlandet i ferien, men turistnæringa her heime jublar.

Kåre Godø står ved roret på MS Bruvik. Han har på seg uniform og kvit skjorte, og smilar medan han ser ut frå styrehuset.

Kåre Godø er kaptein og går stadig med utanlandske turistar inn og ut fjordane på Sunnmøre på fjordcruise. Han spår at sesongen i år vert ein god ein.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Dei som ferierer i Noreg denne sesongen vil få meir for pengane enn vanleg, uansett om ein kjem frå utlandet eller er nordmann.

Den svake norske krona gjer nemleg at utlendingar får meir for pengane sine her i Noreg, medan nordmenn får langt mindre i til dømes Europa eller USA.

Medan norske studentar i utlandet fortvilar over situasjonen, har turistnæringa grunn til å vere optimistiske.

Kåre Godø er kaptein på MS Bruvik. Det er ein passasjerbåt frå 40-talet som i dag går med turistar inn og ut fjordarmar i Møre og Romsdal. Han spår at årets sesong blir ein god ein.

– Det ser veldig bra ut, seier han før han skal leggje frå kai i Ålesund med ein heil gjeng tyskarar.

Les også: Derfor er kronen så svak          

Penger
Penger

Trur fleire vil velje Noreg

– Då eg sa til venene mine at eg skulle til Noreg, sa alle at det var so dyrt, seier Ben Kolle.

Han er frå Ulm i Tyskland og er i Noreg for første gong, og vart sjølvsagt åtvara om det vi alle høyrer ofte frå utlendingar – brunost-, fjord- og nordlyslandet er ikkje billig å feriere i.

Ben Kolle

Ben Kolle er i Noreg for første gong, og tykkjer det er eit dyrt land å besøkje. Han trur ein sterkare euro vil trekkje fleire landsmenn mot nord då turistsesongen tek til.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Det er litt dyrare enn å reise til andre europeiske land, men det er veldig vakkert og eg har fått veldig god mat. Trass i at det er litt dyrt, er det pengar vel anvendt, trur eg.

Han er viss om at når hans landsmenn sine pengar vert meir verd i forhold til den norske krona, vil det vere lettare å bestille billettane opp hit.

– Med ein meir verdifull euro, trur eg fleire turistar vil kome hit, seier Kolle.

Det finst faktisk allereie teikn på at tyskaren kan ha rett.

Les også: Danskene flokker seg til fjellet på grunn av svekket krone

Dansker i Hafjell. Mads Gulbrandsen fra Danmark er sammen med venner og familie på påskeferie i Hafjell.
Dansker i Hafjell. Mads Gulbrandsen fra Danmark er sammen med venner og familie på påskeferie i Hafjell.

Ekstra draghjelp

På det velkjende og tradisjonsrike Kviknes Hotell i Balestrand er sesongen straks i gang, og bestillingsansvarleg Kari Kvikne har hendene fulle med å ta imot alle bestillingane.

Eit nytt system dei har, men som Kvikne ser vert flittig brukt, er moglegheita til å betale for opphaldet allereie no, trass i at sjølve overnattinga er månadar unna.

– Det er det veldig mange som har gjort no. Det er veldig artig å sjå so mange frå utlandet velje å betale no, og det trur eg har med kronekursen å gjere, seier Kvikne.

Kari Kvikne, Kviknes hotel.

Kari Kvikne fortel om travle dagar med bestillingar til Kvikne Hotell.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Om ein turist frå eit land som brukar amerikanske dollar eller euro betalar for opphaldet sitt no, vil det i realiteten vere billigare enn om nokre månadar om kronekursen stig att.

Også litt lenger nord på kysten meiner Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, at kronekursen er til hjelp for turistnæringa:

– Den vert litt som ei ekstra draghjelp. Mange som har hatt Noreg som eit ønska reisemål i fleire år, har no fått ein ekstra god grunn til å reise.

Tom Anker Skrede

Tom Anker Skrede meiner den svake krona kan gagne turistnæringa i Noreg, også fordi ei svak krone kan gjere at nordmenn let vere å feriere i utlandet, då dei vil få mindre enn normalt for pengane sine.

Foto: Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Kjem du til å bruke sommarferien i Noreg i år?

Likevel ikkje berre optimisme

Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, den største interesseorganisasjonen for bedrifter som driv med reiseliv og turisme i Noreg, ber likevel om at ein ikkje tek heilt av med sjampanje og kake før sesongen er skikkeleg i gang.

Ho seier at ein frå tidlegare periodar med svak krone veit at det kan føre til at talet på ferierande i Noreg aukar, men at ein ikkje må gløyme dyrtida vi er inne i.

Vi veit at resesjon og stramme tider for folk flest, både i Noreg og Europa, kan gjere at fleire må spare. Det ser vi allereie i ferske og aukande konkurstal for reiseliv og varehandel, skriv ho i ein e-post til NRK.

Kristin Krohn Devold om reiseliv

Kristin Krohn Devold seier ein kan ha grunnar til å vere optimistisk, men at ein ikkje må gløyme at mange har svekka kjøpekraft for tida.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ho meiner også at det er ein trend dei siste åra at både norske og utanlandske gjestar har sete på gjerdet lenger før dei bestiller ferien sin, og at dette aukar uvissa for bedriftene.

Attende i Ålesund gjer kaptein Kåre Godø seg klar til å gå ut med sine gjestar for å syne dei dei verdskjende norske fjella og fjordane, og han er optimist for månadane som kjem.

– Eg trur folk ser på dette som ei moglegheit til å reise til Noreg, seier Godø.

– Det er veldig blide folk som går på land att.

– Vert du stolt når du skal ta dei med innover her i dette vêret?

– Ja, ein dag som dette her er heilt perfekt, seier kapteinen og smiler.

Skipet MS Bruvik seglar ut frå Ålesund. Skipet er gamalt og svart og kvitt, med det norske flagget hengjande akter. Skipet set ut mot øyene nord for Ålesund, og det er knallblå himmel.

MS Bruvik legg ut frå Ålesund full av tyske turistar med sterke euro i lommeboka. Spørsmålet er om dei er meir ivrige etter å bruke dei?

Foto: Olaug Bjørneset / NRK