Hopp til innhold

Kjempar mot vindkraftanlegg: – I verste tilfelle endar det som i Fosen-saka

Akkurat som på Fosen kjempar reindriftssamane på Sør-Helgeland mot vindturbinar. I mai startar rettssaka. Advokat Thomas Benson meiner staten kan ha gått på ein smell her også.

Reineigar i Jillen-Njaarke reinbeitedistrikt, Ole Henrik Kappfjell

– Området betyr enormt mykje. Vi har ikkje mykje fjellområde igjen. Skal reinbeitedistriktet overleve i framtida må ein ta grep, seier reineigar Ole Henrik Kappfjell. I mai skal saka til retten.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Etter over ei veke med demonstrasjonar i Oslo kom ei offentleg orsaking frå regjeringa til reindriftssamane på Fosen før helga.

Statsminister Jonas Gahr Støre sa til og med at det er eit brot på menneskerettane.

I starten av mai skal eit anna reinbeitedistrikt lengre nord kjempe sin kamp i retten.

Då skal Jillen-Njaarke reinbeitedistrikt sitt søksmål mot Øyfjellet Wind AS opp i Helgeland tingrett.

Torstein Appfjell og Ole Henrik Kappfjell i Jillen-Njaarke reinbeitedistrikt

– Dette er ein del av det landet vi skal bruke til beiteland og vinterland. Det er jo også eit land som vi brukar tidleg haust og tidleg vår. Så med eit industriområde, så seier det seg sjølv at det ikkje er eigna som beiteland, seier Torstein Appfjell.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Leiar Torstein Appfjell meiner det er mange likskapstrekk mellom sakene rundt Øyfjellet og Fosen.

– Det er eit område til vindkraftindustri, det er eit reinbeitedistrikt. Saksbehandlinga har vore ganske lik, og det er bygd og sett i produksjon før det har vore ei avklaring om konsesjonen er gyldig.

72 vindturbinar

Energikommisjonen la nyleg fram beskjeden om at Noreg må bygge enorme mengder fornybar energi dei komande åra, om vi skal få nok kraft.

Eit av svara er vindkraft. Men som Fosen-saka har illustrert, er det inga enkel sak å avgjere kor turbinane skal stå. Og fleire kontroversar kan kome.

Reindrift føregår nemleg i 140 av kommunane i landet, frå store delar av Finnmark i nord til Engerdal i Hedmark i sør, på eit areal som utgjer rundt 40 prosent av landarealet i Noreg.

Noregs vassdrags- og energidirektorat sin plan frå 2019 peikar på areal dei meiner er egna til å bygge ut vindkraft. Fleire av desse områda overlappar med reinbeite.

På Øyfjellet i Vefsn kommune i Nordland er det sett opp 72 vindturbinar, og produksjonen er gradvis i gang. Men turbinane hindrar reinen i området å kome seg til vinterbeite ved kysten.

Det har vore reindrift på staden i generasjonar.

Les også Statsforvalteren ut mot vindkraftutbygger: – Klønete oppførsel

Reinflytting i Øyfjellområdet i Vefsn. Bildene er ikke fra selve planområdet for vindkraftanlegget.

Meiner staten har gått på ein smell

Likskapstrekka mellom desse to sakene er rettane til urfolk, og det å vareta samane sine rettar til forsvarleg og god reindrift.

Det seier Thomas Benson, advokat i kontraktsrett og forvaltningsrett.

Rettssaka i mai er ei skjønnssak der hovudformålet er å fastsette kompensasjon til ramma grunneigarar og rettshavarar.

Øyfjellet vindkraft

Vindturbinane på Øyfjellet vil produsere årleg rundt 1200 GWh, eller 1,2 TWh som svarar til kraft til 75 000 husstandar.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Som ein del av skjønnssaka, har reinbeitedistriktet oppført at konsesjonen er ugyldig. Derfor må retten ta stilling til det også.

Benson trur at saka om vindkraftanlegget på Øyfjellet kan følge Fosen-saka.

Akkurat som i Fosen-saka, så kan det bli eit vedvarande menneskerettsbrot til ein kjem med eventuelle avbøtande tiltak eller eventuelt fjerna desse vindmøllane.

Les også Reineier hevder vindutbygger kom med «skambud»: – Skulle få 3200 kroner per vindturbin

Rein påkjørt ved anleggsvei i Mosjøen. Øyfjellet

Han seier at staten kan ha gått på ein smell her også.

– Ein har eigentleg gjort det, meiner eg. Aller først skulle ein ha sørga for at denne saka vart behandla gjennom rettssystemet og ikkje gitt tillating til bygging før erstatningsutmålinga var avklart, eller gyldigheita av vedtaket var avgjort.

– Det har skjedd i begge desse sakene at ein har gitt tillating til utbygging før ein har teke ei endeleg avgjerd av vår øvste domstol, seier Benson.

Raudt: – Skal ikkje vere lov

Geir Jørgensen i Raudt har sjølv demonstrert mot vindturbinane på Øyfjellet.

Han fryktar at utfallet i rettssaka i mai, kan likne på ei ny Fosen-sak.

Geir Jørgensen, Øyfjellet

Geir Jørgensen i partiet Raudt.

Foto: Privat

– Det er heilt klart at Fosen-dommen har styrka rettsgrunnlaget til reindriftsutøvarane, også på Øyfjellet.

For å beskytte urfolksrettar nærare har Raudt denne veka levert eit nytt forslag i Stortinget.

– Det skal ikkje vere lov å sette i gang naturinngrep i reinbeiteområde før reindrifta si rettslege stilling er avklart, seier Jørgensen.

Også MDG er spent på utfallet av rettssaka i mai.

MDG har lenge meint at Øyfjell-saka må bli gjennomgått på nytt. No krev partiet også av vindkraftkonsesjonar som blir behandla no, skal bli gjennomgått grundigare.

Arild Hermstad (MDG)

Arild Hermstad i MDG.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Vi er særleg opptekne av Øyfjellet, som vi har vore opptekne av sidan Fosen-dommen kom. Der må ein sjå på det anlegget i lys av Fosen-dommen. Det må regjeringa gjere utan å vente på ei rettssak. Det må dei gjere på eiga kjøl, seier Arild Hermstad.

Utbyggarane: – Store forskjellar

Utbyggarane sjølve er ikkje einige i likskapstrekka mellom sakene.

– Vi kommenterer ikkje Fosen-dommen spesielt. Men det er store forskjellar mellom desse sakene, skriv kommunikasjonssjef i Eolus Vind, Karin Wittsell Heydl i ein e-post til NRK.

Ho utdjupar at prosjekta i Fosen ligg innanfor vinterbeitesoner. Diskusjonen om Øyfjellet, derimot, har handla om flytting av rein til og frå eit avgrensa vinterbeiteområde som ligg utanfor prosjektområdet.

– Hovudvinterbeiteområda for reindriftsdistriktet er ikkje rørt ved.

– Det er viktig å finne gode løysingar for dei utfordringane reinbeitedistriktet ser, og det jobbar vi med, men dette er veldig ulikt frå diskusjonane rundt Fosen.

Ho skriv også at den påståtte parallellen til sakene er tilbakevist av Oslo tingrett i ei mellombels forføyningssak.

– Kan ikkje bygge, og så spørje

Reineigar i Jillen-Njaarke reinbeitedistrikt, Ole Henrik Kappfjell, fryktar at eksistensen til drifta er trua.

– Å sjå at dette blei bygd ut, og at det var så omfattande. Det gjer utruleg vondt, seier Kappfjell.

Øyfjellet vindkraftverk

Vindturbinane hindrar reinen i området i å kome seg til vinterbeitet ute ved kysten.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– I verste tilfelle blir det som i Fosen, ti år i rettssystemet før ein endar med ein konklusjon om brot på urfolksrettar her også. Det er den brutale konsekvensen.

Det mest krenkande, meiner han, er at bygginga er begynt før det er avklart med reindrifta kva slags avbøtande tiltak ein kunne ha fått, i samråd med drifta.

– Ein kan ikkje bygge først, og så spørje etterpå korleis vi kan sameksistere med dette. Det synest eg er det verste.