Hopp til innhold

Leonore (32) lager snacks av tare: – Vi lager ei ny næring for Noreg

Leonore Olsen slutta som forskar og reiste heim til Helgeland for å redde klimaet. Korleis? Ved å satse på tang.

Leonore Olsen er gründer og dagleg leiar for Sjy Seaweed

FORSKAR: Leonore Olsen er gründer og dagleg leiar for Sjy Seaweed

Foto: Janita Zenteno

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Tare er noko vi har bruka i Noreg sidan før vikingane, men det har falt ut av dietten vår, seier Leonore Olsen.

Etter å ha jobba som forskar i Sintef flytta ho heim for å lage snacks av tare.

Botn i berekraft

Sjy Seaweed er snacks av tare. Det vert laga på same vis som cheesedoodles. Dei set temperatur og trykk på mais, potet og tare. Det vert eit salt snack med ein smak av «sjø».

No er verda såpass dårleg stilt i forhold til berekraft og globalt oppverming. Eg meiner at om ein ser at ein kan bidra i rett retning bør ein gjere det, seier 32-åringen.

I botn av prosjektet ligg nemleg ein tanke om miljø- og klimautfordringane.

Sjy Seaweed seier at deira bidrag er å gjere marine makroalgar tilgjengeleg for alle.

OSTEPOP: Leonore Olsen, dagleg leiar i tangsnacksfabrikken, seier produktet er laga nesten på same måte som ostepop. Det er laga av mais, potet og tang.

OSTEPOP: Leonore Olsen, dagleg leiar i tangsnacksfabrikken, seier produktet er laga nesten på same måte som ostepop. Det er laga av mais, potet og tang.

Foto: Janita Zenteno / Janita Zenteno

– Men kor berekraftig er det å bruke mais i produktet?

– Vi synest det er betre å selje eit produkt som mange kan like, med moderat innblanding av tare enn å selje eit produkt som vert framand for marknaden, seier Olsen.

Tare kan verte produsert utan ferskvatn, og utan bruk av landareal, gjødsel eller kjemikaliar når det vert dyrka på havet. Det er produsert utan bruk av fôr og lever på sollys og næringsstoff i havet.

I dag har snackprodusenten direkteavtalar med spesialbutikkar og nokre kjedebutikkar som til dømes Joker, men ser auka interesse frå utlandet og hotellnæringa.

MEDARBEIDAR: No er det ein og ein halv stilling i Sjy Seaweed. Om produktet deira vert populært håper dei at dei vert mange fleire.

MEDARBEIDAR: No er det ein og ein halv stilling i Sjy Seaweed. Om produktet deira vert populært håper dei at dei vert mange fleire.

Foto: Janita Zenteno / Janita Zenteno

Den blå åkeren

På Kvarøy ligg også Kvarøy Fiskeoppdrett. Det kjem til å bli viktig for Sjy Seaweed om dei etter kvart begynner å produsere eigen tare.

– Vi er veldig glade for å ha lakseoppdrett i nærleiken som vi kan gjere oss nytte av. Der er sirkulær økonomi i sin reinaste form, seier Olsen

Forsker ved Sintef fiskeri og havbruk, Silje Forbord

LØYSING: Silje Forbord, forskar ved Sintef fiskeri og havbruk seier satsing på tang kan vere ei løysing for klimautfordringane.

Foto: Sintef

Forskar ved Sintef fiskeri og havbruk, Silje Forbord fortel at det er stor interesse både nasjonalt og internasjonalt for dyrking av tare.

I 2017 var tareproduksjonen i dyrkingsanlegg i Noreg 145 tonn. I 2050 kan tareoppdrett langs Norskekysten til saman utgjere eit område på storleik med heile Hardangervidda, ifølgje Norsk institutt for vassforsking (NIVA).

Tare kan motverke klimaendringar og havforsuring ved å ta opp CO₂, og reinsar havområde som er truga av overgjødsling frå landbruk, industri og fiskeoppdrett ved å ta opp næringsstoff.

– Tare bind CO₂ og kan vere ei løysing for klimautfordringar, seier Forbord.

SNACK: Kvarøy fiskeoppdrett er ein viktig støttespeler for Sjy Seaweed. Prosjektleiar i fiskeoppdrettet, Gjermund Olsen, er medeigar i Sjy Seaweed. I tillegg er fiskeavføringa frå fisken hans næring for framtidig tangproduksjon.

SNACK: Kvarøy fiskeoppdrett er ein viktig støttespelar for Sjy Seaweed. Prosjektleiar i fiskeoppdrettet, Gjermund Olsen, er medeigar i Sjy Seaweed. I tillegg er fiskeavføringa frå fisken næring for framtidig tangproduksjon.

Foto: Janita Zenteno / Janita Zenteno

Forbord forklarar at i tillegg til sollys, er fosfor og nitrogen to av dei viktigaste byggesteinane for tare. Det finst det mykje av i fiskeavføring.

2000 posar i timen

Snacksutviklaren har løyve til å dyrke eigen tare vest for øya og dei har allereie bygga fabrikk på Kvarøya. Viss produktet deira vert populært kan dei få bruk for fleire tilsette til det vesle samfunnet, med om lag 85 innbyggarar. Førebels er mandatet deira å lage eit produkt som gjer at folk får auga opp for den nye snack-kandidaten.

Sjy Seaweed hentar no taren sin frå ein tareprodusent på Lofoten.

Sjy Seaweed held til på vakre Kvarøy på helgelandskysten. Bedrifta er ei av fleire som er viktig for lokalsamfunnet.

VAKKERT: Sjy Seaweed held til på vakre Kvarøy på Helgelandskysten. Bedrifta er ei av fleire som er viktig for lokalsamfunnet.

Foto: Janita Zenteno / Janita Zenteno

– Vi å introdusere ein berekraftig framtid gjennom vegansk sjømat.

No produserer fabrikken eit par tusen posar kvar arbeidsdag, men dei har anlegg for å produsere 2000 posar i timen.

Sidan oppstarten har dei fått mykje tilbakemelding frå eit ungt publikum. Mange veganar er glade for å få eit produkt frå sjøen som dei kan ete.

– Det er viktig å bruke den blå åkeren, altså havet, og ikkje berre den grøne åkeren på landjorda, seier Olsen.