Sjå nisebabyen lære å symje: – Det er sjeldan å sjå dette, seier forskar

I Lofoten fekk fotograf Sindre Rånes eit sjeldan syn: ein niseunge som fekk symjeopplæring av mor si.

Niser

UNIKT SKUE: Fotograf Sindre Rånes fekk litt av eit syn då han var i Lofoten. Sjå video nede i saka.

Foto: Sindre Rånes

– Det er veldig sjeldan at vi menneskje kjem til og kan følge desse dyra so lenge som fotografen her gjorde.

Arne Bjørge er hovudforskar på sjøpattedyr ved Havforskingsinstituttet. Han seier niseleiken ikkje er sjeldan for dyra, men er imponert over videoen fotografen har fanga.

– Dette er sikkert leik og symjetrening mellom mating, seier Bjørge.

Sjå video av nise-mora leike og lære ungen sin å symje. – Namnet «nise» kjem frå eit gamalt norrønt verb for det å nyse. Dette er grunna lyden dei lagar då dei kjem opp til overflata for å puste, fortel Bjørge

Treng treninga

– Denne ungen er nok ikkje mange vekene gamal, seier Bjørge.

Nisene føder i juni og juli og ungane er avhengige av mora i åtte til ti månadar. Denne tida går med til mellom anna å trene på symjing og å fange levande mat.

– Dette er heilt vanleg på denne årstida, men det er sjeldan ein får sjå det, seier Bjørge.

Vanlege frå Afrika til Arktis

– Niser er vanlege å sjå heilt frå Nord-Vestkysten av Afrika til polarfronten i Barentshavet, seier Bjørge.

Då ungane vert fødd er dei om lag 70 cm lange og veg kring fem kilo. På berre eitt år vert dei 125 cm lange og aukar vekta si til 75 kilo. Mykje av dette skuldast at niser har utruleg feittrik mjølk, forklarar Bjørge.

Dyra kan bli over tjue år gamle, men dei fleste døyr då dei er ti-femten.

– Dei er heile livet utsett for å drukne i fiskegarn. Difor døyr dei som oftast unge, seier Bjørge.

Oddbjørn Hjelvik med nise i båten

DØYR UNGE: Det er ofte fiskegarn som tek livet av nisene, seier Bjørge.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK