Hopp til innhold

Aldri meldt inn så mange brot på ulovleg køyring i utmark

Statens naturoppsyn avdekka 173 brot på motorferdselslova i 2023. Det er eit problem med ulovleg køyring, ifølge motorferdselsansvarleg.

Toril Lamo i Statens Naturoppsyn kontrollerer Stein Solbakken og barnebarnet som er på snøskutertur. De to sitter på snøskuteren mens Lamo står ved siden av og noterer på en mobil.

Toril Lamo i Statens naturoppsyn kontrollerer Stein Solbakken og barnebarnet som er på snøskutertur i Jamtfjelldalen på Helgeland.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

På veg heim frå hytta på snøskuter vart Stein Solbakken og barnebarnet Adrian stoppa i kontroll av Statens naturoppsyn (SNO).

– Det gjer ingenting å møte på Statens naturoppsyn. Eg har papira i orden, seier Solbakken.

Denne dagen i Jamtfjelldalen i Grane kommune på Helgeland stoppa naturoppsynet fleire skuterførar, men avdekka ingen brot.

– Det er jo eigentleg slik vi vil ha det, seier motorferdselsansvarleg i Statens naturoppsyn i Nordland, Toril Lamo.

Men det er ikkje alle som følgjer lova slik som Solbakken og barnebarnet.

Statens naturoppsyn har aldri avdekka så mykje ulovleg køyring i utmark som i 2023.

– Ein del stadar opplev vi at det er problem med ulovleg køyring. Då kan det bli konflikt med natur, dyreliv og andre som vil gå på ski, seier Lamo.

Les også Familier ble splittet da skuterløypa kom til bygda

Turid Bredesen

Aldri meldt inn så mange brot

Av 173 brot på motorferdselslova var 105 av dei bruk av snøskuter og 66 var bruk av ATV.

– Statens naturoppsyn har aldri meldt så mange til politiet for ulovleg køyring i utmark som dei gjorde i 2023, seier seksjonsleiar Lars Bendik Austmo i Miljødirektoratet.

Austmo seier at over 60 prosent av meldingane dei leverte til politiet i fjor var brot på motorferdselslova.

Statens Naturoppsyn på oppsynsrunde i Grane kommune på Helgeland. Her har to ikledd vinterkle og refleksvest stoppet en snøscooterkjører ikledd rød jakke og hjelm.

Seksjonsleiar i Miljødirektoratet seier at SNO lokalt har god oversikt over område der det blir drive ulovleg motorferdsel, såkalla frikøyring.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Grunnen til at det har blitt avdekka så mange lovbrot, seier Austmo er tips som direktoratet har fått frå folk. Desse tipsa følgjer Statens naturoppsyn opp.

– SNO prioriterer å følge opp tips, og å gjennomføre tilsyn i kjente område med frikøyring. SNO er ikkje ute etter å ta nokon, men ønsker, gjennom jobben vår med tilsyn og kontroll, å hindre ulovleg motorferdsel i utmark.

Motorferdsel i utmark er forbode

Eigentleg er all motorferdsel i utmark forbode, men det er unntak.

– Det kan vere køyring til hytta eller andre typar nyttekøyring, seier Lamo i Nordland.

Kommunane kan også fastsetje løyper for fornøyelseskøyring med snøskuter, noko ein har gjort i fleire kommunar i Finnmark, Troms, Nordland og Trøndelag. Det er også løyper i Telemark og andre stadar på Austlandet.

– Her skal alle kommunane ha eit kart på sine heimesider som viser kva for løyper som er opne og ikkje.

Toril Lamo i statens naturoppsyn ser i kikkert ute på snøskuterkontroll.

Toril Lamo i Statens naturoppsyn.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

– Kva for reaksjonar kan ein få om ein bryt desse reglane?

– Det kjem litt an på kva slags brot det er. Er det nokon som berre har køyrt litt parallellkøyring så kan vi påleggje dei gebyr.

Men er det grove brot så melder dei det til politiet. Lemo seier at eit døme på slike brot kan vere at folk leikar seg og køyrer utanfor løypene.

I Trøndelag tok Statens naturoppsyn bilete av ulovleg snøskuteraktivitet. Her ser du mange snøskuterspor i kryss og tvers i ein tynn skog.

Eit grovt brot kan til dømes vere at nokon «leikar» seg, seier Toril Lamo. Slik som på biletet under.

Foto: Statens naturoppsyn

Skal prioritere kontroll

Lemo seier det er fleire grunnar til at det no er avdekka mange brot.

– Vi har fått beskjed frå departementet på at vi skal prioritere å vere ute på motorferdselskontroll. Så ei av forklaringa kan vere at vi er meir ute og utfører fleire kontroller.

I 2020 vart reglane for bruk av snøskuter endra og fleire har skaffa seg snøskuter både for nyttekøyring til hytta og for køyring i løypenett i fleire kommunar.

Lemo trur det kan ha ein samanheng med at fleire blir teke for brot på motorferdselslova.