Hopp til innhold

Regjeringa kuttar Husbank-stønad: – Alvorleg og umusikalsk

Regjeringa vil ikkje lenger gi stønad til kommunar som investerer i nye sjukeheim og omsorgsbustader. – Det vil gi store utfordringar i kommunane, meiner MDG.

Sykehjem

ELDREBØLGE: Det har lenge blitt prata om at Noreg ventar ein eldrebølge. No ser fleire kommunar den demografiske utviklinga. Likevel er ikkje tilskotet for å byggje sjukeheim med i forslaget til statsbudsjett.

Foto: Ahmet Dogan / NRK

Det blir stadig fleire eldre i Nord-Noreg.

Og dei gamle treng også ein stad å bu.

I fjor brukte Husbanken 1,6 milliardar kroner til å bygge eller rehabilitere 942 omsorgsplassar i norske kommunar.

Det var pengar Husbanken forvalta på vegner av Helse- og omsorgsdepartementet.

Men i forslaget til statsbudsjett ser det ut til å bli ein bråstopp i stønaden i 2023.

Ifølge KS, som er kommunesektoren si interesseorganisasjon, vil eit kutt få konsekvensar for tenestetilbodet i kommunane.

– KS ber om at forslaget revurderast, seier regiondirektør Tom Mikalsen i KS Nord-Noreg.

Kommunane har stønaden i budsjettet

Kuttforslaget vekker oppsikt også politisk.

– Dette forslaget kom som lyn frå klår himmel. Ordninga har levd trygt sidan ho blei oppretta i 2008, seier Håkon Møller som er gruppeleiar for Miljøpartiet Dei Grøne på Nordland fylkesting.

Håkon Møller (MDG), leder for Plan- og miljøutvalget i Bodø kommune.

Håkon Møller, gruppeleiar for Miljøpartiet Dei Grøne på Nordland fylkesting, meiner det gjer vondt verre for kommunane når tilskotet frå husbanken forsvinn samstundes som befolkninga blir eldre.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

No vil han ha fylkestinget i Nordland med seg på å krevje at ordninga blir vidareført.

Mange kommunar har nemleg rekna med at stønaden til investeringar skal halde fram i åra som kjem.

Til dømes har Hamarøy kommune budsjettert med tilskot på meir enn 110 millionar til bygging av 40 nye omsorgsbustader. På sikt vil dei bygge ein ny sjukeheim.

– Det er ganske alvorleg for ein liten kommune som oss. I tillegg er det ein situasjon som fleire kommunar står i, seier ordførar Britt Kristoffersen (Sp).

Ho peiker på at det kjem ei eldrebølge. I tillegg blir stadig fleire oppgåver lagt over på kommunane frå spesialisthelsetenesta.

– Eg synest det er umusikalsk å ta bort slike tilskotsordningar som skal gjere kommunane i stand til å møte dei utfordringane og behova som er.

Hamarøy, ordfører, sp, britt kristoffersen

Hamarøy-ordførar Britt Kristoffersen seier dei er nøydde til å byggje sjukeheimen på eit eller anna tidspunkt. Utan tilskotet betyr det ein tøffare prioritering.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

– Utan tilskotet fryktar vi at det til dømes går ut over oppvekstsektoren.

Bodø kommune har budsjettert med meir enn 200 millionar til helsehus og omsorgsbustader i sin økonomiplan.

Ordførar i Bodø, Ida Pinnerød (Ap), peiker på at mange oppgåver har blitt flytta frå sjukehus til kommunar, og at dei difor har fått fleire pasientar og brukarar med større behov.

Ordfører i Bodø, Ida Pinnerød

Ordførar i Bodø, Ida Pinnerød (Ap) peiker på at Bodø har hatt ein svært høg prisvekst. Samstundes må dei gå kritisk gjennom investeringstakta.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

– Det er jo ikkje tvil om at tilskotsordninga har vore viktig. Ho betyr mykje for framdrift i utbygginga av helse- og omsorgsbygg.

Likevel seier ordføraren at norsk økonomi er heilt avhengig av at styresmaktene bremser offentleg pengebruk, slik at Noreg dempar inflasjon og hindrar auka renter som vil gå hardt ut over både kommunane og vanlege folk.

– Det betyr at også kommunane må dempe investeringstakta, seier Pinnerød.

Helse- og omsorgsdepartementet

Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap) avviser at Investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar er avvikla.

– Men i likskap med fleire andre statlege investeringsprosjekt har vi ikkje funne rom for å prioritere middel til nye tilsegn om tilskot i 2023.

Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap).

– ​​​​​​​ Det er positivt at investeringstilskotet har bidratt til god byggeaktivitet i kommunane, men for 2023 har vi ikkje funnet rom for nye tilskot, seier statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen.

Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

Årsaka er at regjeringa er nøydd til å gjennomføre tøffe prioriteringar i den økonomiske situasjonen Noreg og Europa er i no, seier ho.

Rønning-Arnesen understrekar at forslaget i statsbudsjettet ikkje har innverknad på utbetalinga av tilskot til heildøgns omsorgsplassar, som allereie er innvilga.

Det er 4750 heildøgns omsorgsplassar som per september 2022 enno ikkje er ferdige.

Desse vil få tilskot i tråd med vanleg saksgang. Regelverket gjeld framleis.

Kor meiner de at kommunane skal hente desse pengane når dei ikkje får stønaden dei har rekna med?

– Hovudregelen er at kommunale oppgåver skal finansierast gjennom dei frie inntektene. Eg har forståing for at også kommunane må ta vanskelege val framover.

Gjer vondt verre

Håkon Møller i MDG fryktar at dersom kuttet blir vedtatt, vil mange planlagde utbyggings- og rehabiliteringsprosjekt måtte blir skyvd på eller bli nedskalerte.

Alternativet meiner han er å avlyse investeringar dei treng på andre område. Uansett trur han det blir krevjande for kommunane.

– Mange har allereie skore investeringsbudsjetta sine «til beinet», seier Møller.

Han trur kombinasjonen av fleire eldre og anstrengt økonomi allereie tynger kommunane i Nordland.

– Demografi og økonomi er to store utfordringar for kommunane framover, særleg i distriktskommunar med søkkande innbyggjartal. Å fjerne investeringstilskotet vil gjere vondt verre.

No håper han fylkestinget i Nordland sender eit klart signal til Stortinget om at tilskotet må bli vidareført på dagens nivå.

Fylkestinget vil stemme over MDG sitt forslag onsdag ettermiddag.

Fleire skal bu heime

Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen legg til at regjeringa er i gang med ei reform som skal gjere det trygt å bu lenger heime.

Vi har bede Husbanken greie ut eit eldrebustadprogram. Så må vi sjølvsagt sørge for at dei som har behov for heildøgns omsorgstenester får det. Omsorgstenester er et kommunalt ansvar og eg har tillit til at kommunane gjer gode vurderingar om kva som er best tilpassa tilbod for sine innbyggjarar og utvidar kapasiteten der det er naudsynt.