Hopp til innhold

Prest gir kyrkja skulda for at sjølvmord er skambelagt

Kyrkja bør be om unnskyldning for å ha straffa og skambelagt sjølvmord gjennom fleire hundre år. Det meiner prest Odd Eidner.

Odd Eidner, prest i Bodø

Prest Odd Eidner meiner menneske som har opplevd sjølvmord ikkje treng straff og fordømming, men støtte, omsorg og kjærleik.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Historisk har kyrkja karakterisert sjølvmord som ei synd.

Menneske som hadde teke livet sitt fekk til dømes ikkje lov til å gravleggast på ein kyrkjegard før på midten av 1800-talet.

Dei var ikkje verdige til å kome i innvia jord.

– Kyrkja bør ta sjølvkritikk for den måten dei har påført mange etterlatne skam.

Det seier presten i Bodø, Odd Eidner, som også leiar for landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord (Leve) i Nordland.

Han meiner kyrkja si haldning til sjølvmord har straffa dei etterlatne.

– Menneske som har opplevd sjølvmord treng ikkje straff og fordømming. Dei treng støtte, omsorg og kjærleik.

Les også Monica mistet begge sønnene i selvmord: – Jeg følte meg helt alene

To unge menn står på hver sin side av sin mor på kjøkkenet. De er pyntet til jul.

Støtte frå biskop

Presten i Bodø får støtte frå den nye biskopen Svein Valle i Sør-Hålogaland bispedømme.

– Ja, det er eg einig i. Det trur eg kyrkja har gjort. Dette er haldningar og verdiar som har hengt litt igjen. Og som vi må ta eit oppgjer med og snakke om på ein annan måte. For det vi alle ønske er at færre skal ta sitt eige liv.

 Svein Valle er ny biskop i Sør-Hålogaland bispedømme.

Svein Valle vart ny biskop i Sør-Hålogaland bispedømme i september 2023.

Han er ikkje i tvil om at kyrkja sitt tidlegare syn har gjort det vanskelegare for dei etterlatne.

– Den praksisen som har vore, til dømes at dei som tok sjølvmord ikkje fekk gravleggast inne på kyrkjegarden, har ført til skam for familiar.

Les også Guro mista broren i selvmord: – Vi trodde han var trygg i fengselet

Frank og Guro

Fekk ikkje kristen gravlegging

Heilt sidan antikken har den kristne kyrkja sett på sjølvmord som noko gale fordi det er Gud som er herre over liv og død, ikkje vi sjølv.

– I motsetning til førkristen kultur, både i Romarriket og i det norrøne samfunnet, var det difor synd og eit alvorleg brotsverk å ta sitt eige liv, seier professor i kristendomshistorie ved Høgskulen i Innlandet, Eivor Andersen Oftestad.

Praksisen med at dei som hadde teke sitt eige liv måtte gravleggast utanfor kyrkjegarden kom inn i dei første kristenrettane i Noreg for om lag tusen år sidan, ifølge Oftestad.

Dei skulle heller ikkje få kristen gravlegging med preike og jordpåkasting.

kirkegård Karasjok

Menneske som hadde teke livet sitt fekk til dømes ikkje lov til å gravleggast på ein kyrkjegard før på midten av 1800-talet.

Foto: Dragan Cubrilo / NRK

Men ikkje berre det, kongen hadde då også retten på den avdøde sin formue og eigedom, seier Oftestad. Og om den avdøde var gift, hadde kongen rett på halvparten.

– Hensikta var truleg ikkje å straffe etterkommarane, men til skrekk og åtvaring for andre.

Her er Oftestad tydeleg på at etter 1600-talet var dette kongen si lov. Det skal også nemnast at kongen var kyrkjas overhovud.

– Det var dei verdslege styresmaktene som var streng på dette med formuesstraff og at dei ikkje fekk gravleggast på ein kyrkjegard, ikkje nødvendigvis prestane.

Professor i kristendomshistorie Eivor Andersen Oftestad står framfor en gul vegg ikledd svart høyhalset genser med lyst hår.

Professor i kristendomshistorie ved Høgskulen i Innlandet, Eivor Andersen Oftestad.

Foto: Joakim S. Enger

I lovverket vart formuesstraffa oppheva som straffeform då grunnlova kom i 1814. Medan forbodet mot gravlegging på ein kyrkjegard vart oppheva i 1843. Og i overgangen til 1900-talet vart det også vanleg med kristen gravlegging, ifølge Oftestad.

– Kyrkja har likevel heile tida hatt unntak. Det var om den avdøde var psykisk sjuk, sinnsforvirra eller viss vedkommande angra seg. Det at det er opp til Gud å dømme, har stått sterkt, seier professoren.

Les også Fleire familiar gravlegg sine i det stille

Fleire velger nedskalerte begravelser i det stille

Bør beklage

Presten i Bodø meiner kyrkja skal gå ut og beklage praksisen og haldninga si til dei etterlatne etter sjølvmord.

– Kyrkja har gjort dette overfor mange andre grupper i samfunnet.

Her kjem Eidner med døme som homofile og samar.

– Då tenkjer eg at etterlatne etter sjølvmord har også vorte utsett for overgrep av dei høge mennene i kyrkja.

Tynset kirkegård

Forbodet mot at dei som hadde teke sitt eige liv ikkje kunne gravleggast på ein kyrkjegard vart oppheva i 1843.

Foto: NRK

Sjølv om biskop Valle meiner kyrkja skal ta kritikken inn over seg, er han litt tilbakehalden med at kyrkja skal be etterlatne om unnskyldning.

– I etterpåklokskapens lys er det mange ting i historia som burde har vore gjort annleis. Det er vanskeleg å bedømme kva ein skal be om unnskyldning for og kva ein ikkje skal be om unnskyldning for. Eg trur det viktigaste er å sjå framover og seie at slik skal vi ikkje ha det lenger.

Ei unnskyldning som ei symbolsk handling, er det noko du vil ta til orde for at kyrkja bør gjere, eller blir det feil?

– Vi kjem til å tematisere det. Og vi har allereie tematisert det med biskopane, så det vil vi kome tilbake til.