Hopp til innhold

Lakseoppdrettar vil sprenge plass til anlegg: – Øydelegg livsverket mitt

Musikaren Håvard Lund lever av å leie ut bustader på øyperle i Gildeskål utanfor Bodø til folk som vil ha ro. Han reagerer kraftig på planane til oppdrettsselskap.

sdadad

FRISTAD FOR FOLK SOM SØKER RO: Den unike utleigestaden til Håvard Lund kan ikkje stå om det vert fiskeoppdrett på naboøya.

Foto: Martin Losvik

Lakseoppdrettaren Gigante Havbruk AS vil byggje eit landbasert oppdrettsanlegg på Feøya i Gildeskål kommune.

Det skal ikkje stå i sjøen, og vil difor ikkje vere belastande for naturen på same vis som lakseoppdrett i sjøen ofte får kritikk for å vere.

Men lokalbefolkninga er likevel ikkje nøgd.

– Pissar på livsverket

– Det er vanskeleg å vere sakleg når dei pissar på livsverket mitt.

Det seier Håvard Lund. Har er dagleg leiar i Fordypningsrommet Fleinvær AS. På engelsk kalla The Arctic Hideaway.

Håvard Lund, Fordypningsrommet Fleinvær

Håvard Lund er dagleg leiar for Fordypningsrommet AS.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

To mil ut i havgapet frå Bodø har Lund balansert små hus på søyler.

Det er ein stad der folk kan leige seg inn for å jobbe konsentrert utan auditiv eller visuell støy – med naturen som inspirasjon.

– Fleinvær er ein av dei få urørte stadene i Noreg. Disse stadane er noko verda treng no post-korona, seier Lund.

Sjølv busette han seg på Fleinvær fordi han vart inspirert av lokale aktørar som jobbar med skånsam handtering av ressursane i øysamfunnet.

Lund jobbar no med å leggje til rette for at kunstnarar får kreativ inspirasjon frå naturen.

– Det er moralsk forkasteleg å gje beng i livsverka til folk som er her allereie. Kvifor må dei på daud og liv kome hit, spør Lund.

Ikkje første gong

Men det er ikkje første gong det er usemje om dette anlegget.

I 2017 vart forslaget fremma for første gong. Då vart det lagt dødt etter mykje motstand frå naboar.

Feøya har til og med fått sin eigen støttegruppa på Facebook.

– Kommunen ønska no å bringe det fram igjen, difor er det tatt opp på nytt, seier Gisle Jakhelln frå Boarch arkitektar AS.

Plantegningar for oppdrettsanlegg på Feøya

Planteikningar for oppdrettsanlegget på Feøya

Foto: Boarch

Denne gongen er Boarch arkitektar AS forslagsstillar for prosjektet til Gigante Havbruk.

Jakhelln fortel at anlegget det er snakk om er landbasert, og difor vil vere meir skånsam for miljøet enn andre anlegg.

– Oppdrettslaks er ein nok så skeptisk til i dag, men denne type anlegg verkar meir fornuftig sett med mine auge.

Gigante Havbruk sitt anlegg skal verte sprengt ned i berget på Feøya. Fisken skal vere i eit djupt basseng og vatn blir sleppt sakte inn frå den eine sida av øya til den andre.

På den måten vert det lite utslepp av slam frå fisken til havet.

Fordypningsrommet Arctic Hideaway Fleinvær

Lakseoppdrettaren Gigante Havbruk AS vil byggje eit landbasert oppdrettsanlegg på Feøya i Gildeskål kommune.

Foto: Arctic Hideaway

Når dei brukar havvatn frå djupet vert dei mindre råka av lakselus.

– Då treng vi ikkje å bruke så mykje legemiddel og vi får meir kontroll på utslepp. Vi skal òg sørgje for å ikkje forstyrre meir enn absolutt naudsynt i omgjevnadane, seier Jakhelln.

Lover lite støy

Lund fortel at utleigestaden hans på fleinvær er nøye planlagt for at staden skal vere roleg og gjev gjestane rom til å tenkje – utan forstyrringar frå verken lys eller lyd.

 Fordypningsrommet Fleinvær

Fordjupingsrommet er ein stad der gjestane får leve tett på naturen, lang frå støy og distraksjonar.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Oppdrettsanlegget som no ligg på teiknebrettet skal etter planen ikkje bråke meir enn 40 dB.

Det er lite lyd i til dømes ein by, men Lund meiner det blir mykje støy for eit urørt område som Fleivær.

I tillegg vil Gigante Havbruk bruke eitt år på å sprenge fram dei tre anleggsbassenga.

Det er Lund redd vil skremme vekk mykje av dyrelivet og endre det lokale økosystemet.

– Eg kan ikkje gjere det eg gjer noko annan stad. Om anlegget vert bygd her, må eg leggje ned, seier Lund.

Men Jakhelln frå Boarch meiner det vert lite støy. Det seier han er fordi vatnet vert flytta av propellar som bruker lite energi og difor bråkar lite.

– Sjølvsagt vil det vere eit problem med tanke på det visuelle å leggje det på ein øy, men bassenga vert senka ned og berga på holma vil gje naturleg skjerming, seier han.

Lysa frå anlegget skal vende mot bassenga, difor trur ikkje Jakhelln befolkninga vil vere plaga av det heller.

Slik skal vatnet verte sleppt inn og ut av bassenga med laks

Slik skal vatnet verte sleppt inn og ut av bassenga med laks

Foto: Boarch

Pengane som rår

No er Jakhelln og Boarch i gong med ein reguleringsplan før dei set i gang med ein konsekvensutgreiing.

Då skal dei mellom anna sjå på korleis anlegget vil påverke fisk, fugleliv og friluftsliv.

Den første av denne typen anlegg i Noreg vert no bygd på Rødøy i Helgeland. Erfaringane dei får der frå vil dei take med seg til Feøya.

– Eg har trua på at dette er ei fornuftig løysing når ein først skal drive med lakseoppdrett, seier Jakhelln.

Men Lund på Fleinvær held på sitt.

Han meiner det er pengane som rår framfor naturen.

– Dette burde vert lagt til ein parkeringsplass eller eit industriområde på fastlandet. Om det er teknisk umogleg no, så må dei vente. Det har dei råd til.

Han krev at områda på Feøya skal bli verande urørt.

– Min arkitektur er sett på stolpar for å ikkje sette avtrykk. Gigante Havbruk set merker i naturen for alltid, seier Lund.

Gigante Havbruk AS og styreleiar Kjell Lorentsen ville ikkje kommentere denne saka til NRK.

Til Avisa Nordland kommenterer han derimot saka.

– Eg kan ikkje sjå at våre planar hamnar i konflikt med hans verksemd der ute, seier Lorentsen.

Lorentsen seier også det ikkje var ei taktisk besluting å sende ut høyringsvarselet midt i fellesferien.

– Det stemmer ikkje. Høyringsfristen går ut i midten av september, og alle skal bli høyrt. At høyringsfristen går ut om 14 dagar må vere ein misforståing. Den er utvida med 14 dagar og vi køyrer vanleg prosess rundt disse planane, svarer Lorentsen.

Merk:

Saka er oppdatert med kommenterer frå Lorentsen gitt til Avisa Nordland kl. 10.30 15.07.21

Et sitat frå Jakhelln er endra. Det stod tidlegare at man ikkje trengde å bruke så mykje antibiotika – dette er nå endra til legemiddel etter ønskje frå Gigante Salmon.