Hopp til innhold

Opna ny romhamn – kan bli først i Europa til å sende opp satellitt

Torsdag tok Noreg eit stort steg mot å bli ein av Europas leiande romfartsnasjonar.

Isar launch from Andøya Spaceport pad A. En illustrasjon av en oppskytning fra Andøya Space.

ANDØYA: Ein illustrasjon av ei oppskyting frå Andøya Space.

Foto: Andøya Space / Trond Abrahamsen

H.K.H Kronprins Haakon opna romhamna på Andøya Spaceport, som gjer at Noreg kan bli først i Europa til å sende opp satellittar frå eige land.

– Det har vore kjempegøy, og alt har gått etter planen. Det har vore veldig stas å ha kronprinsen på besøk, seier dagleg leiar i Andøya Spaceport, Ingunn Berget til NRK.

Arbeidet med det første byggjetrinnet til romhamna byrja i mars 2022. Romhamna stod ferdig i oktober i år.

– Kva betyr det for Noreg at vi no kan sende opp satellittar?

– Det er viktig for nasjonal eigenevne, industrien og innovasjonskrafta vår. Det er spennande at vi er det landet som først blir operasjonelt klar til å sende opp satellittar i bane.

Les også Jobber på spreng for å bli Europas første romhavn

ingrid hanssen står på tomta hvor andøya spaceport skal bygge en oppskytningsrampe for

Kan bli først til å sende opp satellitt

– Noreg vart ein romnasjon for meir enn 60 år sidan. Andøya har vore ein hjørnestein i utviklinga av dette. Alle desse åra med hardt arbeid har ført til dagens opning av Andøya Spaceport.

Det sa Kronprins Haakon under opninga av romhamna.

– Aktiviteten her vil hjelpe oss med å overvake, analysere og kople. Vi kan få vital kunnskap, og saman kan vi finne betre løysingar for alle.

Kronprins Haakon åpner romhavna på Andøya Spaceport.

Kronprins Haakon stod for den høgtidelege opninga av Andøya Spaceport, som skal skyte bere-rakettar med små satellittar ut i bane rundt jorda.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Den nye hamna vil mellom anna vere ein viktig oppskytingsstad for mange jordobservasjons- og havovervakingssatellittar.

Men sjølv om infrastrukturen står klar, er det usikkert når den første satellitten blir send opp.

– Det veit vi ikkje. Men det at vi er ferdig med bygginga, gjer at vi nærmar oss, seier dagleg leiar Ingunn Berget.

Ingen andre land i Europa har ei ferdigbygd romhamn tilsvarande ho i Andøy kommune. Men liknande basar er under bygging også i Skottland og Kiruna i Sverige.

– Blir Noreg først med å sende opp ein satellitt?

– Vi trur det. Vi har komme såpass langt no at kunden må gjere ferdig bereraketten til satellitten, seier Berget.

Les også Svensk forskningsrakett styrtet i fjellside i Troms: – Kunne aldri skjedd fra norsk jord

Den svenske raketten TEXUS 58 i fjellet Likka i Målselv.

– Viktig for Noreg og Europa

I januar 1995 utløyste ei rakettoppskyting frå Andøya nesten ein atomkrig.

Sidan den gong har Andøya Space skote opp ei handfull forskingsrakettar i året. Men ingen av dei har vore store nok til å sende satellittar som kan bli verande i rommet.

– For det treng du mykje sterkare greier til, og det er det dei no skal ta i bruk på Andøya, seier NRK journalist Halvard Sandberg. Han har jobba med romfart i over 20 år.

Ifølgje Sandberg er Andøya ein bra plass å sende opp slike rakettar, fordi der kan du skyte trygt frå mange vinklar.

– Det er viktig for Noreg og Europa å ha ein sjølvstendig stad der ein kan nå og sende laster ut i rommet. Og ikkje vere heilt avhengig av Amerikanarane. Europa har eigentleg ikkje det, så dette kan bli første stad.

Andøya Spaceport

Den nye hamna vil mellom anna vere ein viktig oppskytingsstad for mange jordobservasjons- og havovervakingssatellittar.

Foto: Grafikk/Andøya Spaceport AS

– Stor dag for Andøya

Ein som var svært fornøgd etter opninga var ordførar i Andøy kommune, Kjell-Are Johansen (Ap).

– Dette er ein merkedag for Andøya. Vi har opna den nye spaceporten som skal kunne sende opp rakettar med satellittar som veg opp mot hundre tonn, seier Johansen.

Rrdfører i Andøy kommune, Kjell-Are Johansen (Ap).

Ordførar i Andøy kommune, Kjell-Are Johansen seier det var ein stor dag for Andøy.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Han seier vidare at dette vil bety enormt mykje for utviklinga av Andøy-samfunnet, regionen og nasjonen Noreg.

– Den vil tiltrekkje seg nye næringar og nye turistaktivitetar til Andøy. Så det er ein stor dag.