– Eg synest det er ran på høglys dag, seier hundeeigar Kjell Mathisen.
Skal du ha med deg hunden på tur, må du som oftast ta kjæledyret med som spesialbagasje.
Fleire reagerer nå på at Norwegian 1. februar skrudde opp prisane for å frakte hundar med seg på fly.
Mathisen har tre hundar av typen Gordon setter. Alle hundane driv konkurranse på høgt nivå i Noreg og utanlands. Derfor har Mathisen ofte med seg hundane på reiser knytt til fritid, utstilling og jakt.
Sist han reiste med Norwegian, i september, hevdar han at han måtte han ut med 900 kroner per hund kvar veg.
Etter prisjusteringane til flyselskapet må han nå betale 1500 kroner for kvar hund, ein veg.
Det betyr at Kjell Mathisen må ut med 9000 kroner for å få med seg hundane på tur frå Oslo til Alta.
– Dette er heilt klart blitt butikk for Norwegian, meiner Mathisen.
– Og det må dei få lov til. Men prisane har jo tatt heilt av, seier han.
Mathisen er ikkje åleine om å skulle ha med seg hund på private ærend, jakt eller utstilling.
Han trur dette fører til at mange vil vurdere om dei kan halde på med utstillingar eller avl. Og at mange vil avgrense seg i forbindelse med jakta, og andre aktivitetar med hund, når flybillettane blir vesentleg dyrare enn kva dei var.
Norwegian har ikkje svart på kva prisen var i september i fjor, men dei bekreftar at dei har skrudd opp prisane etter 1. februar.
Krevjande for flyselskapane
Kommunikasjonsdirektør Charlotte Holmbergh i Norwegian forklarer prisaukinga med stor etterspurnad.
– Det er veldig viktig for oss å ta hand om dyr som skal fraktast med oss på best mogleg vis. Det finst stor etterspurnad på å frakte dyr og vi har avgrensa med plassar om bord og i lasterommet.
– Det har vore nødvendig å justere opp prisane ettersom vi fraktar fleire dyr og det er både tid- og ressurskrevjande. Det er dessutan ekstra dyrt på vinteren i Skandinavia på grunn av kulda.
Og Norwegian er ikkje det einaste flyselskapet som har sat opp prisane for frakt av hund.
Fleire flyselskap gjer det mogleg å ha med dyr i last om vinteren. Widerøe auka prisen for dette med 50 kroner i oktober 2022.
Kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Silje Brandvoll, seier at dei ikkje har planar om å justere opp prisane med det første.
For Kjetil Mathisen kom prisauken til Norwegian overraskande på.
– Rammar tusenvis
– Dette rammar jo tusenvis av personar. Eg forstår at det er prisstiging generelt i samfunnet, men at ein berre skal dobling over natta utan å melde ifrå, det synest eg er heilt horribelt.
Og han er ikkje aleine om å reagere.
Yngve Gjelsvik i Noregs Hundar sitt landsforbund er blant dei som har fått med seg prisauken. Han meiner det er heilt klart at det blir vanskeleg for folk som skal ha med seg hundar i ulike tilfelle.
– Det er unødvendig dyrt og eg er redd det vil sette ein stoppar for aktivitet for veldig mange.
Det typiske dersom ein skal vere med på arrangement, som for eksempel utstilling, er at mange arrangement går føre seg i austlandsregionen.
– Det blir vanskeleg å drive med den type aktivitet når ein bur så langt nord på grunn av prisane.
Også Eli Hall i Norsk puddelklubb reagerer på prisauken, sjølv om ho har forståing for at prisane generelt aukar. Ho meiner prisen er urimeleg høg.
– Det krev kanskje ekstra å handtere hundar, men det har det alltid gjort. Så det er ikkje noko endring i det dei transporterer, og då synest eg det er rart at dei sett opp prisen så mykje som dei gjer, seier Hall.
Ho synest det er lite sosialt med tanke på kor mange hundeeigarar det er i Noreg.
– Dei gjer det jo veldig vanskeleg for folk som skal reise med hund, og nokre er jo avhengige av å reise med fly. Det er jo eit familiemedlem du skal ha med deg.
Ingen andre endringar
Frakt av hund ligg i kategorien spesialbagasje, det same som barnevogn, surfebrett eller våpenkoffert. Norwegian kjem ikkje til å auke prisane på anna spesialbaggasje eller dyr som er med i kabinen.
– Prisjusteringa gjeld berre for dyr som reiser i last. Prisen avheng om reisa er innanlands eller internasjonal, seier Charlotte Holmbergh, kommunikasjonsdirektør i Norwegian.