Hopp til innhold

Familien har drive garden i 17 generasjonar – Maria veit ikkje om ho vil ta over

Kvart år går fleire tusen gardsbruk i arv, men ikkje alle orkar å overta. «Odelsskam», kallar Maria Lavik det.

Gården i Eksingedalen

KIMAR GJENNOM HUNDREÅR: – Eg vil kalla det odelsskam. Den skamma me ber på, me som ikkje tek over ein gard som har gått i generasjonar i slekta, seier Maria Lavik, her som lita jente.

Foto: Maria Lavik

Gjennom fleire hundre år har gardar i dette landet gått i arv.

Bøndene har grøfta og heldt jorda i hevd. Alltid med tanke på dei som skal komme etter.

Det har odelsretten sørga for.

Men kva om du ikkje veit om du vil ta over?

Maria Lavik
– Odelsskam er tanken på at eg bryt ein pakt med 17 generasjonar før meg. Dei har rydda jorda og gjort det dei kan for å gje frå seg garden i betre stand enn den var då dei tok over.
Maria vaks opp på ein sauegard i Eksingedalen i Vestland.
Ho veit ikkje om ho orkar å bli den 18. generasjonen.

Som eldste barn i syskenflokken fall odelsretten på Maria (36). Garden har vore i familien sidan slutten av 1500-talet.

Jordajenta, du var venta, skreiv «besten» til ho, då ho var bitte lita.

– Eg har aldri vurdert å ta over garden, sånn skikkeleg.

Ho flytta heimanfrå då ho var 16 år gammal, og såg seg ikkje tilbake.

– Det handlar om at eg har hatt andre interesser. Eg ser også på familien min at det har vore tungt å vere bonde, seier 36-åringen.

– Den skamma me ber på

– Eg vil kalla det odelsskam. Den skamma me ber på, me som ikkje tek over ein gard som har gått i generasjonar i slekta. Me som vel eit meir behageleg og privilegert liv, skreiv ho i ein kronikk i Vårt Land.

I etterkant har ho blitt kontakta av andre med odelsrett som har kjent på det same.

I 2019 gjekk 5200 gardsbruk i arv frå eit familiemedlem til eit anna.

sauer Eksingedalen
Det er ikkje berre jorda forfedrane etterlet seg som er verdifull.
Historiar, segn og verdifull kunnskap som er tilpassa og ulike for kvar gard og familie, kan forvitre når garden vert selt ut av familien. 

Det at ho er fyrste kvinne i arverekkja som får mogelegheit til å overta, er eit paradoks i seg sjølv, seier Maria.

– Det er litt ironisk at vi har kjempa fram at kvinner skal ha odelsrett, men så er det den same likestillinga som gjør at fleire kvinner dreg til byane og utfaldar seg der.

– Eg vil kalla det odelsskam. Den skamma me ber på, me som ikkje tek over ein gard som har gått i generasjonar i slekta.

Maria Lavik
maria

TRIVAST BEST I BYEN: No trivast Maria best med det urbane liv i byen.

Foto: Maria Lavik

Kan skape passive eigarar

Det har skjedd store endringar i jordbruket dei siste 30 åra.

Då odelsretten blei grunnlovsfesta, var 80 prosent av dei som budde i Noreg knytt til landbruket.

I dag er knappe 3 prosent av den yrkesaktive befolkninga sysselsett i jordbruksnæringa.

Kva for ein plass skal odelslova då ha?

– Tanken om å bevare eit breitt, folkeleg eigarskap til jordressursane er viktige for eitkvart samfunn, seier forskar ved Ruralis, Eirik Magnus Fuglestad.

Han fortel om konsekvensane av at mange held fast på odelsretten utan å ville drive med matproduksjon sjølv.

– Det som skjer er at mange som eig gardar ikkje driv garden sjølv, men heller leiger ut jorda.

Det fører til at mange av dei bøndene som vil drive matproduksjon må leige jorda, i staden for å eige, fortel Fuglestad.

– I tillegg kan det føre til at dei som vil drive med jordbruk ikkje får tak i ein gard, fordi det sitt folk som har odel og passivt driv garden.

«Odelsretten maa ikke ophæves», eller?

Politisk er odelsretten eit omstridt tema.

I Grunnlovens paragraf 107 står det at «Odelsretten maa ikke ophæves», men i 2018 foreslo Høgre, Frp og Venstre å oppheve han.

Forslaget vart stemd ned.

Høgre er delt i spørsmålet, medan SV, Sp og Ap har gått til val på å behalde odelslova.

Variantar av odelsretten finst også i Austerrike, Sveits, Tyskland, Island og Færøyane.

Egil Christoffer Hoen er nestleiar i Noregs Bondelag.

– Odelsretten er ikkje konfliktfri, men det er den beste moglegheita vi har for å ha ein viss rekkjefølge og føreseielegheit, seier han.

Han trur skamma over å takke nei var meir framståande før i tida.

– Det har blitt ganske vanleg å ikkje ville bruke odelsretten sin, seier han.

– Det er litt ironisk at vi har kjempa fram at kvinner skal ha odelsrett, men så er det den same likestillinga som gjør at fleire kvinner drar til byene og utfoldar seg der.

Maria Lavik

Å velje landbruk

odel
Ei odelsjente som vil ta i bruk odelsretten sin, er Synneva Gjelland (25).
Ho vaks opp på ein idyllisk gard på Voss i Vestland.
Det var aldri sikkert at det var bonde Synneva skulle bli. Først då ho var 20, bestemde ho seg:
Synneva med kalv
– Eg tenkte: Kvifor skal eg ikkje det, når eg har verdas største privilegium med odel?

At ho var første kvinne med odel i familien, gjorde at det kjentest ekstra viktig å overta odelen.

Ho er ikkje sikker på om ho hadde valt bondeyrket om det ikkje var for odelsretten.

For Synneva blei det etter kvart merkeleg å tenkje at ho ikkje skulle drive med dyrking og dyrehald når ho faktisk hadde moglegheita.

– Eg gler meg til å ta fatt!