Hopp til innhold

Noreg er blant dei dårlegaste i verda – berre eit fåtal får døy heime

Om lag 70 prosent ønskjer å døy heime. Men dårleg kapasitet og lite informasjon om tilbodet gjer at få vel det, ifølge forskarar.

Sjukepleiar Benedikte Havig Os.

Palliativ sjukepleiar Benedikte Havig Os seier ho vil legge til rette for at fleire kan døy heime.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– For mange kan det å døy heime vere ein ukomplisert og god slutt på livet, som gir nærleik, kjærleik, humor og ein familiær situasjon, seier Benedikte Havig Os.

Ho er ambulerande palliativ sjukepleiar i Bodø kommune. Det betyr at ho reiser heim til menneske som er i livets siste fase.

Ein del av jobben er og å legge til rette for at dei som ønskjer kan få døy heime.

– For pasienten kan det vere fint å vere i ro i eigen heim. Mange har gjerne vore inn og ut av sjukehus og fått lite tid med familien sin. Og på slutten så ønskjer dei å vere i fred i sine omgjevnadar.

Og tilbakemeldingar frå pårørande som har sagt farvel til sin kjære heime, har vore positive, seier Os.

For 100 år sidan døydde rundt 90 prosent av alle nordmenn i eigen heim. I 2021 døydde berre rundt 15 prosent heime, viser tal frå Dødsårsaksregisteret.

Men dei som døyr ein planlagt død heime er truleg lågare. For dei tala skil ikkje på sjølvmord, uventa dødsfall eller ein planlagd heimedød.

– Vi som jobbar med dette, er motivert til å legge til rette slik at dette kan bli litt som i gamle dagar. Ein av dei naturlege tinga å velje, seier Os.

Les også Vanja bur i nord og blei nekta behandling i sør – får ikkje refundert for behandlinga i utlandet

Vanja Sommerseth før operasjonen.

Blant dei dårlegaste i verda

– Det er få som bruker den moglegheita. Styresmaktene ønskjer å leggje til rette for både meir heimetid og meir heimedød. Men sjølv om det skal vere ei reell valmoglegheit, så ser vi framleis at det er eit potensial som ikkje blir utnytta.

Det seier professor i klinisk sjukepleie ved Universitetet i Sørøst-Norge, Grethe Eilertsen.

Ho fortel at om lag 70 prosent ønskjer å døy heime, viser internasjonale undersøkingar. Og i ei stortingsmelding frå 2020 står det at helse- og omsorgstenesta skal innrettast slik at dei som ønskjer det, kan få døy i eigen heim.

Men i Noreg er det veldig få som får ein planlagd heimedød.

Faktisk er Noreg blant dei landa i verda der færrast døyr heime.

Lege Camilla Kjellstadli ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin (Sefas) har laga ei oversikt, gjeve att i Sykepleien.no.

Den viser at Noreg (13 prosent) og Japan (11 prosent) er landa der færrast døyr heime.

I USA og Nederland døyr så mange som 31 prosent heime, medan 24 prosent gjer det i Danmark.

Dårleg kapasitet

Av rundt 40.000 dødsfall i 2021, var det berre i overkant av 6.000 av dei som skjedde heime, viser tal frå Dødsårsaksregisteret.

I motsetning døde over 11.000 personar på sjukehus, og 22.000 døde på annan helseinstitusjon.

– Det har blitt ein slags institusjonalisering av døden. Mange tenkjer kanskje at det er tryggare å døy på sjukehus og sjukeheimar, seier Eilertsen.

Illustrasjon av ei dame som ligger for døden heime med ein mann og ei dame rundt seg.

Noreg er blant dei landa i verda der færrast døyr heime.

Illustrasjon: Egil Ursin / NRK

Grunnane til at så få dør heime er samansette, fortel ho. Til dømes når det kjem til eldre, er om lag 55 prosent av pasientar som tek i mot heimesjukepleie einslege.

– Dette vil ofte gjere det meir krevjande å legge til rette for å døy heime. Det krev stor innsats frå dei pårørande og den kommunale helsetenesta.

Det kan også skuldast mangel på informasjon om tilbodet og kapasitet i den kommunale helsetenesta, ifølge Eilertsen.

Avhengig av eldskjeler

Det har også Anne Kristine Sørstrøm inntrykk av. Ho er universitetslektor ved Nord Universitet i Bodø, og skriv for tida doktorgrad om korleis sjukepleiarar i Bodø og Tromsø kommune opplever å leggje til rette for heimedød i heimetenesta.

For sjølv om dei fleste sjukepleiarane syns det er givande å legge til rette for heimedød, er det krevjande på grunn av lite ressursar.

Sjukepleiar Anne Kristine Sørstørm i kvite sjukehusklede med håret sett opp.

Universitetslektor ved Nord Universitet, Anne Kristine Sørstrøm trur fleire må døy heime i framtida.

Foto: Nadia Norskott / Nord Universitet

– I mangel på nok ressursar og bemanning, så er det enkelte sjukepleiarar i magre distrikt, som ein kan kallar for eldsjeler, som får dette til å bli eit reelt tilbod, seier Sørstrøm.

Heimesjukepleia kan vere ei teneste med store avstandar og relativt lite ressursar sett i forhold til andre tenester.

Ho seier sjukepleiarane er så fleksible i jobben at dei stiller opp utanfor arbeidstida si, ho kallar det dugnadsarbeid. Her nemner ho sjukepleiarar som har feltsenger på kontoret for å vere tilgjengeleg for pasientar og pårørande viss det skulle skje noko i løpet av natta.

Les også Ny rapport om vold i jobben: – Det verste tilfellet gjorde at jeg ikke turte å gå på tur

Monica Fjeld

Trur fleire må døy heime i framtida

I helsepersonellkommisjonen sin rapport som kom i byrjinga av februar, meinte dei at innsatsen framover må styrkast mot kommunal omsorg og det aukande talet på eldre.

Dei siste 20 åra har det vorte 40.000 fleire over 80 år i Noreg. Frå 2020 til 2040 blir det 250.000 fleire.

Ettersom talet på eldre, sjuke og pleietrengande aukar, trur Sørstrøm at fleire i framtida må belage seg på død heime.

– Eg trur at heimesjukepleia kjem til å ta over fleire av dei tenestene og funksjonane som har vore tilbydt på sjukeheim og sjukehus, fordi det er trongt over alt.

Les også Fikk våke-hjelp da mor lå for døden

Privatfoto av mor i split med Kathrine Skavnes og mor Kari i sykeseng