Vanja Sommerseth fekk ei av dei vanlegaste kreftformene.
Det som såg ut til å vere ei lita, ufarleg vorte på nasen, viste seg å vere krefttypen basalcellekreft.
Ho blei nekta den beste behandlinga, som finst i Noreg.
NRK har tidlegare fortalt at Vanja på eige initiativ drog til Danmark og fekk behandlinga der.
Summen på 55.000 kroner betalte ho sjølv, og søkte i ettertid om å få refundert utlegget.
No har ho fått avslag.
Grunngjevinga er at behandlinga ho fekk i Danmark, er tilgjengeleg i Noreg.
– Veldig rart
Sommerseth synest grunngjevinga gir lite meining.
– Eg synest det er veldig rart, fordi grunngjevinga for avslaget er at behandlinga finst i Noreg, men den fekk eg jo ikkje. Det tenker eg er veldig merkeleg argumentasjon, seier ho.
BEHANDLING: Vanja Sommerseth med eit sår på nasen etter kreft. Ho er godt fornøgd med behandlinga ho fekk i Danmark.
Foto: privatFor å få den beste behandlinga, kalla Mohs kirurgi, måtte ho til utlandet sjølv om metoden finst i Noreg. Årsaka var Sommerseth sitt postnummer.
– Viss eg hadde budd i Drammen, så kunne eg ha fått det. Men fordi eg bur i Bø i Vesterålen, så måtte eg ha vanleg kirurgi der resultatet ikkje blir like bra, har Sommerseth tidlegare sagt til NRK.
Vanleg kirurgi i dette tilfellet er at ein større bit av Vanja si nase ville blitt operert bort.
Fleire har reagert på praksisen. Helsedirektoratet meiner at det prinsipielt er eit problem at det er forskjellige helsetilbod etter kor du bur i landet. Det same gjer pasient- og brukarombodet.
Helse Sør-Aust har også tatt initiativ til at dette blir eit nasjonalt behandlingstilbod. Kven som får ansvaret for det, er opp til helsemyndigheitene, presiserte dei.
NRK forklarer
Hva er Mohs kirurgi?
Mohs kirurgi er en form for kirurgi hvor man fjerner hudkreft, og som går over flere trinn.
For hvert trinn kontrolleres vevet som er tatt ut gjennom å studere det i et mikroskop.
Dette gjør man fordi enkelte typer hudkreft kan vokse med «spaghettiarmer» under huden.
Gjennom å studere vevet som er fjernet i et mikroskop, sikres det at man har fått med alt av det syke vevet. Også de mer skjulte «spaghettiarmene».
Ser man i mikroskopet at ikke alt har kommet med, skjæres det bort litt til. Dette fortsetter til alt av kreft er vekk.
Metoden betyr at det bare må fjernes 1-2 millimeter rundt svulsten. Kort sagt: Det sparer mest mulig friskt vev, samtidig som en sikrer at svulsten blir borte.
Standard utskjæring innebærer på sin side at man gjør seg opp en mening om hvor tumoren ender i huden, og legger på 5-15 millimeter margin rundt.
– Problemet er at om kreften vokser med spaghettiarmer under huden, og en ikke skjærer ut riktig skive, så vil man kunne gå glipp av kreftceller, sier overlege Linn Landrø.
Mohs kirurgi innebærer altså ikke bare at mer av det friske vevet spares: Resultatet blir også bedre, ved at man er sikker på å ha fått bort alt av det syke vevet.
Kreftforeininga: – Hårreisande
Helfo har betalt Sommerseth tilbake rundt 12.000 kroner, som er det dei meiner behandlinga ville ha kosta i Noreg.
Utanlandskontoret har avslått søknaden om å få refundert resten av beløpet på 55.000 kroner.
Brage Larsen Sollund, distriktsleiar for Nord-Noreg i Kreftforeininga, har ikkje forståing for avslaget på tilbakebetaling.
– Vi synest dette er hårreisande.
BØR FÅ VELJE: – Det er fritt sjukehusval. Då skal ein ha moglegheit til å velje denne typen behandling. Dette er ei god behandling alle fortener å få.
Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRKI Sommerseth sitt tilfelle var tilbakemeldinga at dei som gjorde denne behandlinga, berre tar imot pasientar frå Helse Sør-Aust.
Klaga vidare
Rikshospitalet forklarte at behandlinga er svært ressurskrevjande. Det er kjernen i kvifor så få pasientar får tilbodet. Alternativet er ei behandling som fjernar heile nasevingen.
Frå før har Kreftforeininga engasjert seg i saka. Dei har ei eigen rettshjelpsteneste der dei hjelper pasientar og pårørande.
Larsen Sollund opplyser om at avslaget er sendt vidare til klagenemnda for behandling i utlandet.
– Det kokar inni meg når ein ikkje får behandling fordi ein har feil postadresse, og som samtidig ikkje blir tilbydd i HelseNord. Det held ikkje.
Viser til grunngjevinga
Sollund meiner at Sommerseth blir avvist på bakgrunn av geografi, og at ho først og fremst burde fått behandlinga i Noreg, slik ho ville dersom ho budde i Oslo.
– Vi meiner det er ei ulovleg diskriminering. Vi er bekymra for at det utviklar seg til eit betre tilbod enkelte stader i landet, og dei som har råd til å betale for behandling i utlandet.
Utanlandskontoret har blitt førespegla kritikken. Dei har ingen kommentar, men seier:
– Vi kan ikkje kommentere tausheitsbelagde opplysingar. Dersom vedkommande har fått eit vedtak frå oss vil grunngjevinga vise seg der.
Sommerseth er opptatt av at dei som kjem etter ho, med same diagnosen, får hjelp til å finne riktig behandling og får dekka utgiftene.
– Eg tenker det skal vere likt for alle uansett om du bur i Nord-Noreg eller Aust-Noreg. Ein skal ha moglegheit til den same behandlinga, meiner Sommerseth.