Hopp til innhold

Nektar skuld for dødsfallet

Mannen som er sikta etter ein dødeleg slosskamp i Tysfjord, godtek ikkje varetektsfengsel, seier hans advokat.

Bolig i Kjøpsvik

Politiet vil i dag gjennomføre tekniske undersøkingar i huset, kor ein 68 år gammal mann omkom etter ein slosskamp laurdag.

Foto: Kristian Larsen

Ifølge advokat Egil Malm har den sikta mannen sagt at han ikkje har gjort det som han er siktet for.

- Noe mer om hendelsesforløpet ønsker jeg ikke å si noe om, sier Malm.

- Kva skjer videre i saken fra deres side nå?

- Jeg har drøftet forskjellige spørsmål med politiet.

- Kommer dere til å akseptere en eventuell varetektsfengsling?

- Nei, han har ikke til hensikt å akseptere det. Nå skal det være et møte i retten klokken 13 i dag og da får vi drøfte det nærmere, sier Egil Malm.

- Vil du vurdere mannen som syk?

- Det vil jeg ikke uttale meg om, sier Malm.

Psykiatrisk pasient

Den sikta 47-åringen skal ha slitt med psykiske problem, og har vore innlagt på psykiatrisk sjukehus.

- Vi kan stadfeste at han har vore innlagt på ein psykiatrisk institusjon den siste tida. Men vi kan ikkje stadfeste om han framleis var under behandling, seier politiadvokat Mona Madsen til NRK.

Ein 68 år gammal mann døde etter slåsskampen i Kjøpsvik i Tysfjord kommune laurdag ettermiddag. Politiet har pågripe og sikta ein mann for lekamsskading.

Nektar skuld

Mannen politiet meiner var involvert i slosskampen er ein ugift og barnlaus 47-åring frå Tysfjord kommune. Han nektar for å ha noko med siktinga å gjere.

- Han seier han ikkje har gjort det siktinga seier han har gjort. At han er uskuldig. Men eg vil ikkje gå nærmare inn på dette før han har avgitt forklaring for politiet, seier mannen sin advokat, Egil Malm til Dagbladet .

Han stadfestar at klienten har vore under psykiatrisk behandling i fleire år.

- Og den psykiatiske bakgrunnen hans gjer at vi uansett må få ein judisiell vurdering på om han er straffrettsleg tilregneleg eller ikkje, seier Malm.

- Svikta av psykiatrien

Familien til den 47 år gamle gjerningsmannen er i sjokk og sinne, fordi dei meiner psykiatrien har svikta 47-åringen, skriv Fremover .

Etter å ha vore til behandling ved ein psykiatrisk institusjon i Finnmark i fleire veker, blei mannen sendt sørover med hurtigruta. Ombord skal han ha drukket og truga med sjølvmord, skriv avisa. I Bodø hamna han igjen på psykiatrisk sjukehus, men han kom ikkje direkte til Kjøpsvik frå behandlinga.

- Han har hatt alvorlege psykiske problem i mange år. Vi i familien har vore alvorleg bekymra, og har gjort fleire fremstøyt for å få eit skikkeleg behandlingstilbud. Men vi er blitt avvist med at han ikkje er umyndiggjort, seier kvinna til Fremover.

Familien meiner mannen har blitt ein kasteball i systemet, og at han burde fått tvangsbehandling.

- Vi som pårørande har ikkje hatt noko vi skulle sagt. Eg er forbanna på psykiatrien. Han er ei fare for seg sjølv og sine omgivnader når han rusar seg. Då blir han valdeleg.

Ikkje oppklart

Politiet kjenner ikkje i detalj bakgrunn for dette slagsmålet, og reknar difor ikkje saka som oppklart.

- Vi har en person som er mistenkt for å ha vore i slagsmål med avdøde, men vi kjenner ikkje dødsårsaka. Difor vil vi begjære obduksjon, seier politiinspektør Kjetil Wollstad.

Politiet vil no avhøyre personar som kan ha opplysningar om det som har skjedd. Samstundes vil politiet foreta tekniske undersøkingar på åstaden. Kona til avdøde er no teken hand om av kommunehelsetenesten.

Kjøpsvik

Kjøpsvik

Foto: Faksimile Google Maps