Hopp til innhold

Myrvoll ikkje spurt om Terra

I dag legg granskarane i Price Waterhouse Coopers fram rapporten som omhandlar Rana si rolle i Terra-skandalen.

Inge Myrvoll
Foto: Eva Berget / NRK

Men tidlegare ordførar Inge Myrvoll i Rana er ikkje spurd om å gi sin versjon av Terra-saka.

Inge Myrvoll sat som ordførar i perioden der investeringane vart gjort.

Underleg

Myrvoll tykkjer det er underleg at han ikkje er spurt. Både politikarar og administrasjonen er spurt ut av granskarane.

- Det forundrar meg at eg ikkje er spurt. Eg berre registrerer at dei ikkje har snakka med meg, seier Myrvoll.

Han ser ikkje bort i frå at han vert omtalt.

- Eg ser ikkje bort i frå at eg er omtalt. Eg er spent på kva dei skriv om meg utan at eg har fått gitt min versjon,seier Myrvoll.