Hopp til innhold

Mikroplast funnen i morkaker:– Heilt klart grunn til bekymring

Det blei funne mikroplast i alle dei 62 morkakene som blei testa i studien.

Morkake som undersøkes

Ifølge ein ny studie finn mikroplast også vegen til morkakene. I Noreg blir det sloppe ut i overkant av 19.000 tonn mikroplast frå landbaserte kjelder kvart år.

Foto: Anette Torjusen / NRK

– Det er heilt klart grunn til bekymring, seier Hanne Charlotte Schjelderup som er leiar i Jordmorforbundet.

Ho er kjend med fleire studiar som viser at det er mikroplast som finn vegen inn i kroppane våre.

Forskarar har tidlegare funne ut at det finst mikroplast både i blodet vårt, og i brystmjølk.

No viser det seg at mikroplasten også finn fram til morkakene. I eit nytt forskingsprosjekt viser det seg at det var mikroplast i alle dei 62 morkakene som blei testa, skriv The Guardian.

Morkake

I alle dei 62 morkakene blei det funnet mikroplast.

Foto: Colourbox.com

Frå posar og flasker

Forskarane bak studien undersøkte 62 morkaker. Dei fann aller mest av plasttypen polyetylen, som også blir kalla polyeten.

Det blir brukt til å lage blant anna bereposar, rør eller flasker.

– Viss vi ser effekt på morkaker, kan alt pattedyrliv på denne planeten bli påverka. Det er ikkje bra, seier sjefforskaren og professor Matthew Campen ved University of New Mexico, US, til mediehuset.

Det er tidlegare gjort funn av mikroplast i morkaker, i 2020 for første gong, men då berre i ein studie av 4 kvinner.

Dette er nokre av funna i studien, publisert i det vitskapelege tidsskriftet Enviroment International:

  • Bak polyeten, fann forskarane mest av plasttypane PVC og nylon.
  • Mikroplasten var for det meste 0,01 millimeter i størrelse, som også betyr at dei er små nok til å bli frakta rundt i blodstraumen.

Men er mikroplast i kroppen noko vi berre må rekne med i dag, eller er det faktisk grunn til å vere bekymra?

Mikroplast på usannsynlege plassar

Det er framleis lite kunnskap rundt korleis mikroplast faktisk påverkar helsa vår.

Tidlegare forsking viser blant anna at mikroplast kan skade cellene i kroppen vår. For eksempel kan cellene døy, eller plasten kan skape ein allergisk reaksjon.

Forskarane bak morkakestudien seier til The Guardian at aukande konsentrasjon av mikroplast kroppen kan vere orsak til såkalla inflammatoriske tarmsjukdommar, tarmkreft og dårlegare sædkvalitet.

Hanne Charlotte Schjelderup i Jordmorforbundet meiner derfor vi skal ta funna på alvor.

– Både politikarar, næringsliv, du, eg og alle i befolkninga må gjere det vi kan for å redusere plast som er på avvege.

Hanne Charlotte Schjelderup, leder i Jordmorforbundet NSF
Foto: privat

Ho forklarar at mikroplasten er så små at dei eigentleg finn vegen til dei mest usannsynlege stader.

– Dei siste åra har vi sett fleire studiar som finn mikroplast i ulike delar av menneskekroppen, både i lungene våre, blodet vårt, morkake og brystmjølk.

Det betyr også at viss du for eksempel ammar ungen din, så kan sjølv ein nyfødd få i seg mikroplast gjennom morsmjølk.

Les også Trafikk gir enorme mengder mikroplast – lavere hastighet kan være løsningen

Høy fart bil

Men det er ikkje ein grunn til å la vere å amme, understrekar ho.

– Det er viktig at vi ammar trass i at vi har utfordringar med mikroplast, fordi vi får så mykje andre gode næringsstoff i morsmjølka, så det skal i alle fall ikkje vere noko mødrer bekymrar seg for, seier Schjelderup.

Leder i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup med et nyfødt barn på Rikshospitalet.
Foto: Jordmorforbundet

I Noreg blir det sloppe ut i overkant av 19.000 tonn mikroplast frå landbaserte kjelder kvart år, ifølge ei utgreiing gjort på oppdrag frå Miljødirektoratet i 2020.

– Men vi som samfunn må ta nokre grep med tanke på kor mykje plast vi brukar både til å pakke inn ting og elles, legg ho til.

Les også Forskere slår alarm om funn av mikroplast i norske fjorder

Havforskingsinstituttets prøvetråling etter villaks med lakselus ved Rosendal i Hardanger.

Usikker på risikoen

Det er ikkje endå kartlagd kor stor risiko inntaket av ikkje-nedbrytbar mikroplast er for oss menneske.

Men ifølge Schjelderup veit vi at langvarig og høg grad av eksponering av mikroplast kan føre til lungesjukdom, kreft og død.

– Det er grunn nok til bekymring, så det er heilt klart noko vi må vere merksame på.

Ho har trua på at så mange som mogleg derfor må gå over til miljøvenlege produkt når vi kjøper ting.

– Så kan vi ilag gjere noko med denne utfordringa.