Hopp til innhold

Márjá er på turne for å lære folk å vere vanskeleg for politiet: – Oppsiktsvekkande, seier Frp

Natur og ungdom er på turne i Nord-Noreg for å lære folk å vere vanskeleg for politiet. Stortingsrepresentant for Frp meiner dei bør miste statsstøtta.

Maria Karlsen (23) på Riddu Riđđu-festivalen 2021

KURS: Márjá Karlsen held kurs i heile Nord-Noreg for å lære folk opp i sivil ulydnad.

Foto: Maien Gaup Sandberg

– Eg vil argumentere for at når folk først skal bruke såpass alvorlege verkemiddel som sivil ulydnad, er det ganske klokt å kurse folk så dei veit kva dei er med på.

Det seier kunstnar og aktivist Márjá Karlsen.

Ho er no ute på turné og skal halde kurs i sivil ulydnad i fem byar før nye aksjonar i Fosen-saka. Det gjer ho i samråd med Natur og ungdom.

11. oktober er det to år sidan Høgsterett fastslo at vindturbinane på Fosen bryt med dei samiske rettane. Det er framleis uklart kva som vil skje med turbinane.

– I februar og mars hadde vi store aksjonar i sivil ulydnad og med dei fekk vi pressa fram ei unnskyldning frå den norske regjeringa. Likevel har eigentleg ingenting skjedd og det held ikkje mål, seier Karlsen.

Difor skal dei aksjonere igjen den 11. oktober.

Foreldre ville vere med

Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland beklaga tidlegare i år menneskerettsbrot i Fosen-saka etter store demonstrasjonar i Oslo.

No er det varsla nye aksjonar.

Men kva bøter kan ein få? Hamnar dei på rullebladet? Korleis er hendingsgangen?

Det er det folka som møter opp på kursa lurer på, forklarar Karlsen.

– Det er litt forskjellige folk som møter opp på desse kursa. Nokre er frå natur og ungdom, samiske ungdomsorganisasjonar og mange er også berre seg sjølv.

Fosenaksjonistene vever inne på OED.

Her sit Márjá Karlsen (til venstre) inne på Olje- og energidepartementet og aksjonerer i Fosensaka.

Foto: Rasmus Berg

Karlsen hadde kurs i Bodø fredag, deretter gjekk turen til Harstad, Tromsø, Alta og Kautokeino.

På kursa i Harstad og i Tromsø dukka til og med foreldre opp og ville vere med.

Frp: – Dei har lite å gjere på

– Det er ganske oppsiktsvekkande at ein skal vere ulydig, seier Dagfinn Henrik Olsen.

Han er stortingsrepresentant for Nordland i Framstegspartiet og meiner at det verke som om organisasjonen har lite å gjere.

– Om ein ikkje har større forståing for dette så må ein berre auke gebyra på dette og straffeutmålinga for å ikkje halde seg til norsk lov. Det er det som må vere medisinen frå samfunnet om ein ikkje har større forståing.

Les også Aksjonistene fjernet med makt av politiet – får full støtte av Greta Thunberg

Demonstranter bæres ut av OED

Olsen tar til orde for å straffe organisasjonane ytterlegare. Han vil både fjerne statsstøtta, og auke bøtelegginga.

– Å ta frå dei statsstøtta er jo ein passande reaksjon, seier Olsen.

Natur og ungdom får om lag 7 millionar kroner i statsstøtte. Olsen meiner det er feil at samfunnet skal støtte opp under slik verksemd.

Natur og ungdom: – Treng ein historietime

Det er leiar i Natur og Ungdom, Gina Gylver, heilt ueinig i.

– Eg har lenge vore tydeleg på at sivil ulydnad ikkje er noko som utfordrar demokratiet eller noko ein skal miste statsstøtta for. Vi har vist gong på gong at sivil ulydnad faktisk er noko som bygger demokratiet, seier Gylver.

Gina Gylver. Fra Natur og Ungdoms kurs i sivil ulydighet under Riddu Riđđu 2022.

Gina Gylver under kurs i sivil ulydnad under Riddu Riđđu 2022.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Ho meiner beklaginga frå regjeringa beviser dette.

– Det såg vi tydeleg under Fosenaksjonen tidlegare i vinter der regjeringa nekta at det gjekk føre seg eit menneskerettsbrot på Fosen, fram til vi blokkerte ti departement og samla fleire hundre til sivil ulydnad-aksjon i Oslo sentrum, seier Gylver.

– Viss ein ønsker å trekke ein organisasjon som driv med sivil ulydnad så treng ein seg ein historietime, for dette er med på å styrke demokratiet.

Les også Støre: – Om det er eit menneskerettsbrot, så er svaret ja

Frokost Fosen + stratsminister + statsråd

– Kan du forstå at folk har kritiske innvendingar til det?

– Ja, det gjer eg. Eg forstår at folk synest det er skremmande med unge menneske som oppfordrar til å bryte lova.

Gylver trekk likevel fram at aksjonane er fredelege, og at mange av dei rettane vi tar for gitt har blitt kjempa av folk som har tort å bruke verkemiddel som sivil ulydnad.

– Anten det er kvinner, skeive, svarte, eller samar sine rettar, så er det kampar som har tore å utfordre status quo.

Les også Kjempar mot vindkraftanlegg: – I verste tilfelle endar det som i Fosen-saka

Reineigar i Jillen-Njaarke reinbeitedistrikt, Ole Henrik Kappfjell