Hopp til innhold

Lucia stammar frå ein heidensk skummel demon

Om vi går langt bak i gamal norsk folketru var den vakre helgenen mykje skumlare enn ho er i dag. Men tradisjonen kjem også frå ei missekonkurranse.

Illustrasjon av en demondame som sitter i snøen med røde øyne og en stokk i hendene.

Luciatradisjonen har røter i den heidenske tradisjonen om Lussi, ei italiensk helgen og ei svensk missekonkurranse.

Illustrasjon: Egil Ursin / NRK

I morgon kjem tusenvis av barn med lys i henda til å dele ut bollar.

Og kven vil ikkje vere den vakre Lucia som går fremst?

Det er ikkje så rart, for Luciadagen har faktisk vore ein missekonkurranse.

Men om vi går langt nok tilbake i tida var ikkje skapningen som denne dagen handla om vakker i det heile.

Ho var rett og slett ei slags demon.

Ei joledemon

– Vi hadde tradisjon med Lucia lenge før ho fekk lys i håret, seier Geir Thomas Risåsen, tradisjonsekspert ved norsk folkemuseum.

13. desember var nemleg frå gamalt av ei slags frist for å vere i rute med førebuingane til jul.

Trossa du fristen kunne det få alvorlege følger.

Lussi kunne kome.

– Lussi var ein slags kontrollør. Ho sjekka om at du var i rute med joleførebuingane dine, seier Risåsen.

Geir Thomas Risåsen

Geir Thomas Risåsen, tradisjonsekspert ved norsk folkemuseum, fortel at Lucia-tradisjonen har mange opphav.

Foto: Privat

Men ho var ikkje som ein kven som helst kontrollør.

– Ho fôr igjennom lufta på Lussilangnatt med daudingar, mordarar og alskens forferdelege vesen, fortel tradisjonseksperten.

Viss du ikkje var i rute, risikerte du å få besøk, eller rett og slett bli med i dragsuget.

Difor kunne ein ifølge gamal folketru ikkje vere ute natta mellom 13. og 14. desember.

DENMARK LUCIA

I kristen tradisjon er dagen ein døyr ein festdag. Difor feirar vi 13. desember, altså dagen sankta Lucia døydde.

Foto: BORBERG THOMAS / Ap

Men korleis i all verda blei denne tradisjonen slik ho er no – ei lang rekke barn med lys i hender og hår som syngar?

Helgen for svaksynte

– Lucia-tradisjonen er eigentleg sat saman av fleire tradisjonar, seier Risåsen.

For det første, helgenen Lucia frå Siracusa.

St. Lucia relikvier

Santa Lucia lei martyrdøden 13. desember i 304, og var ei ekte person.

Foto: Wikimedia commons / Didier Descouens

Det er mange mytar om helgenen sankta Lucia.

– Mellom anna hadde ho veldig vakre augo. Ein myte er at vaktarane stakk ut ago på henne. På gamle måleri av Lucia har ho ofte eit breitt der det er to ago, forklarar Risåsen.

Og faktisk er Lucia også vernehelgen for dei blinde og svaksynte.

Sankta Lucia

Sankta Lucia vernehelgen for dei blinde og svaksynte. På dette gamle oljemåleriet med ukjent opphav held helgenen eit fat med to auge.

Foto: Lucia (oljemaleri). Ukjent maler.

Men som vi veit, blei 13. desember markert også før vår moderne Lucia-tradisjon. Då i ei litt skumlare variant.

Kvifor?

Fram til 1700 følgde vi den gregorianske kalenderen. Då falt 13. desember på den mørkaste tida av året. Altså vintersolkverv, forklarar tradisjonsforskaren.

Og denne natta fôr demonen Lussi gjennom lufta og passa på at alle var i rute med sine juleførebuingar. Difor kallar vi natta for Lussilangnatt.

– På eit eller anna tidspunkt blei den heidenske demonen forveksla med helgenen Lucia, seier tradisjonsforskaren.

Les også Difor har du alltid plass til dessert

Riskrem med lun kirsebærsaus og karamelliserte mandelflak

Ei svensk missekonkurranse

Men om vi skal forstå kvifor vi begynte å vandre rundt og synge medan vi delte ut bollar 13. desember, må vi til Sverige.

I eit gamalt herregardshus var det nemleg nokon som fekk ei fiffig idé. Etter denne lange og skumle natta ville dei vekke gjestane denne mørke morgonen på ein spesiell måte.

Luciamorgen på Koberg i Västergötland 1848, Fritz von Dardel.

Luciamorgen på Koberg i Västergötland 1848, Fritz von Dardel. Offentleggjort med løyve av Nordiska Museet.

Foto: Nordiska museet

– Gjestene blei vekte av fiolinspel og ein syngande kvitkledd dame med eit brett med lys og mat til gjesten, seier Risåsen.

På 1880-talet ville Nordiska Museet løfte fram gamle svenske tradisjonar. Difor begynte dei å arrangere Lucia slik vi kjenner det i dag.

Luciafeiring i Stavanger domkirke 2016

Men først etter 2. verdskrig kom denne tradisjonen til Noreg, Danmark og Finland. Og tradisjonen var ikkje allemannseige før på 70-talet.

Foto: Tomas Ystrøm / NRK

Men først i 1928 blei riktig stort i Sverige.

– Stockholms dagblad lagde nemleg eit stort Luciatog i Stockholms gater. I botn låg faktisk ei missekonkurranse om kven som skulle vere Lucia.

Nett dette med missekonkurranse er det kanskje mange jenter i skular og barnehagar som framleis kjenner igjen?

Lucia

Også i den moderne Lucia-tradisjonen er kvite kleda, bollar og lys ein viktig del.

Foto: Asbjørn Odd Berge / Asbjørn Odd Berge/NRK

Og dei hadde faktisk klart å putte inn enno ein malplassert juletradisjon:

Stjernegutane.

– Stjernegutane høyrde til 6. januar, dei heilage tre kongers dag. Men dei synest vel det såg flott ut i Luciatoget.

Les også Hvor lenge er det innafor å være på julebesøk?– Tror folk tar hintet når ungene legger seg

Anne Marie Madsen

Eksotisk svenskehandel

Annechen Bahr Bugge, forskar ved forbruksinstituttet SIFO ved Oslo Met, fortel at Lucia-tradisjonen ikkje er den einaste svenske juletradisjonen vi no trykker til vårt bryst.

– Vi er veldig inspirert av svenske tradisjonar når det gjeld jul. Det ser ein òg på kva vi et og drikk.

Anneche Bahr Bugge - Forsker

Annechen Bahr Bugge, forskar ved forbruksinstituttet SIFO ved Oslo Met fortel at mange av juletradisjonane våre kjem frå Sverige.

Foto: OsloMet

Lussekattane kjem mellom anna sjølvsagt derfrå.

– Det var eksklusive bakverk på storgardar i Sverige, fortel Bahr Bugge.

– Generelt var det eit større utval i Sverige etter 2. verdskrig. Då begynte svenskehandelen, men det handla ikkje om billigare mat som no.

I staden drog nordmenn til Sverige for å handle luksusvarer.

– Dei handla til dømes nylonstrømper, gløgg og safran til lussekattar. Det er ein av grunnane til at mykje av mattradisjonane våre kjem frå Sverige, fortel forskaren.

Les også Ribbefeitt er rottenes favoritt: – Kan kome opp gjennom toalettet

Mus har gått i felle.

Les også SAS foreslo at hunden kunne bli igjen: – Jeg synes det er en ansvarsfraskrivelse

Malin og Alfa på Bodø lufthavn