Hopp til innhold

Lofot-strand toppa liste over Europas finaste strender

Enda ein gong vinn norsk strand Lonely Planets liste over Europa sine beste strender.

Hauklandstranda

Hauklandstranda er kåra til Europas vakraste for andre gong.

Foto: Pascal Debrunner / UNSPLASH

Du må ikkje til varmare strøk for å finne dei vakraste strendene i Europa.

Det anerkjente forlaget Lonely Planet har nyleg kåra Europas finaste strender i 2024.

Og heilt øvst tronar ei perle i Lofoten.

Nemleg Hauklandstranda i Vestvågøy kommune.

Det er ikkje første gong stranda stikk av med sigeren.

I 2021 danka Lofoten blant anna ut strender frå Spania, Hellas, Portugal og Danmark i kåringa. Og det gjer stranda i år òg.

– Vatnet er kjølig, men du vil likevel ønskje å hoppe i det, skriv Lonely Planet.

Dei beskriv Lofoten som ein arktisk draum, og at Hauklandstranda, eller Hauklandssanden som den heiter i Kartverket, er eineståande med spisse granittoppar, mjuk sand og blått hav.

Les også Blir aldri varmt i vannet, men stranda er kåret til Europas beste

Hauklandstranda

– Skaper stoltheit

Ordførar Jonny Finstad (H) er godt fornøgd med at stranda i kommunen hans enda ein gong hevdar seg i Lonely Planet si oversikt.

Han seier det føyer seg inn i ei lang rekke av utmerkingar dei har fått for Hauklandstranda.

– Når vi får slike utmerkingar frå anerkjente publikasjonar, så skaper det jo stoltheit. I tillegg er det god marknadsføring både for Lofoten og Hauklandstranda som destinasjon.

– Overraskande?

– Nei da. Vi veit jo kva vi har av naturkvalitetar i kommunen vår. Vi har jo fått ei lang rekke utmerkingar tidlegare. Dagbladet har vel kåra det til Noregs finaste strand òg.

No er dei i gang med å ruste opp infrastrukturen rundt stranda.

Hauklandstranda på Vestvågøy

Lonely Planet beskriv Hauklandstranda som eineståande med spisse granittoppar, mjuk sand og blått hav.

Foto: Randi Saupstad

– Vi held på med å lage eit ordentleg servicebygg, slik at vi kan ta imot gjester med toalettfasilitetar og alt mogleg.

Det nye servicebygget er planlagt ferdig i desember, men han trur dei skal greie å ha noko betre parkeringsmoglegheiter klare til sommaren.

Les også Turistkommunen er Noregs fattigaste: – Får ikkje inntekt av naturen

Reinebringen i Moskenes kommune. Et stort og bratt fjell over en liten bebyggelse med hus, er ikledd hvit snø. Og i forgrunnen står turister på rekke og rad med kameraer.

Store forventningar til sesongen

Finstad seier at å toppe internasjonale strand-lister har sine bakdelar òg.

På sommarstid er det stor trafikk av turistar og gjestar som vil oppleve stranda. Då er det viktig å legge til rette med toalettfasilitetar og parkeringsplassar.

– Så er det viktig at det ikkje blir til forkleinelse for fastbuande.

Les også Delte ut 600 bæsjeposer til turister i Lofoten: – Halvering av avføring i naturen

Bæsj i naturen

– Har du tru på sommarsesongen som står for tur?

– Prognosane ser bra ut for 2024. Vi har store forventningar til sesongen. Dei siste åra har det vore svært varmt i Europa, så kanskje vil fleire søke nordover for ein litt kjøligare sommar.

Trekker fleire turistar

Reiselivssjef i Lofoten, Line Renate Samuelsen, seier at merksemda frå Lonely Planet bidrar til å trekke enda fleire turistar til Lofoten.

– Det betyr mykje for Lofoten som reiselivsdestinasjon. Det er ein natur her som grip deg, og så har vi så mange stader som Hauklandstranda. Kontrastane her er så fantastiske frå årstid til årstid.

– Kva er det som Hauklandstranda spesiell?

– Kontrasten mellom fjella der, og så har ein midnattssola rett ved om sommaren som gir lange lyse netter. Det er eit arktisk landskap samtidig som det ser ut som ei karibisk strand.

Reiselivssjef i Destination Lofoten, Line Renate Samuelsen.

Reiselivssjef i Lofoten, Line Renate Samuelsen, gleder seg over at Hauklandstranda når til topps i strandkåring for andre gang.

Foto: John Inge Johansen

Samuelsen fortel om ein god vintersesong for reiselivet i Lofoten. Det er ennå for tidleg å seie korleis sommaren blir.

– Vi høyrer at det ser bra ut på sommaren. Men det er først ut på hausten at vi får tal på korleis det faktisk har gått.