Hopp til innhold

Lars finn kvinnehat på nett dagleg: – Det står veldig grove ting

Forskingsartikkel viser at nettfellesskap rundt kvinnehat har auka dei siste ti åra.

Lars Kolstø framfor ein datamaskin som viser eit chatteforum.

Lars Kolstø finn mykje kvinnehat på nett. Noko av det han finn er for grovt til at han vil gjenta det.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Kvinnehat på nett er veldig vanleg.

Det hevdar den 34 år gamle helsefagarbeidaren Lars Kolstø.

Heime på Kopervik i Rogaland brukar han mykje tid på internett, og er dagleg innom forskjellige nettstadar, forum eller Reddit-kanalar og les kva andre skriv og kommenterer.

Der kjem han ofte over meme, bilete og videoar som viser eit hat mot kvinner.

Det blir teke tak i av dei fleste nettstadar, men det er framleis mange stadar der det står veldig grove ting. Spesielt retta mot kvinner.

Kva konkret som blir skrive på desse stadane, er så grovt at Kolstø ikkje vil gjenta det.

– Med mindre du har sterk mage så søkjer du ikkje opp dei stadane der.

Illustrasjon av ein kommentar som kjem frå eit incel-nettforum.

Dette er ein kommentar på eit incel-nettforum. Kommentaren var opphavleg skrive på engelsk. Bla vidare for å sjå fleire dømer.

Illustrasjon av ein kommentar som kjem frå eit incel-nettforum. Der står "Jeg har lyst å drepe alle sammen".
Illustrasjon av ein kommentar på eit incel-nettforum.
Illustrasjon av ein kommentar som kjem frå eit incel-nettforum
Illustrasjon av ein kommentar som kjem frå eit incel-nettforum.

Nettfellesskap rundt kvinnehat har auka i omfang og blitt meir ekstreme dei siste ti åra. Dette er nettsamfunn som definerer seg som kvinnehatarar og som lev i ufrivillig sølibat, også kalla incels.

Det viser ein forskingsartikkel finansiert av Medietilsynet/Rådet for anvendt medieforsking.

Her har forskarar gått igjennom 70 publikasjonar om incels, maskulinitet, misogyni og nettsamfunn.

– Vi fann både at dette miljøet har konsolidert seg, og vi ser at det blir delt via sosiale medium, seier seniorforskar Fredrik Langeland. Han er ein av forskarane bak studien og jobbar ved Nordlandsforskning.

Ein Reddit-tråd på engelsk der det står "I want to punch her in the face".

Ein tråd på Reddit står det på engelsk at «Eg vil slå ho i ansiktet».

Foto: Thomas Helland / NRK

Gått frå chat til nettstad

Kvifor har det auka?

Det vi ser gjennom forskinga er at desse nettforuma der incels er og denne subkulturen på ein måte konsoliderer seg gjennom eigne nettforum. Dei utvikla seg frå anonyme chattestader til å få eigne definerte nettstader.

Det finst fleire nettstader og forum, og ifølge Langeland blir dei stengt ned med jamne mellomrom. Men så endrar dei karakter og kjem opp att igjen.

– Retorikken og språkbruken i desse foruma er ekstremt dryg, seier Langeland.

Langeland seier at ifølge forsking er dette menn som kjenner på utanforskap og avvisning. Her er ein illustrasjon av ein ung mann som går i ei gate med ein paraply som regnar over han.

Langeland seier at ifølge forsking er dette menn som kjenner på utanforskap og avvisning.

Illustrasjon: Egil Ursin / NRK

Ifølgje forsking kjenner mennene inne på foruma på utanforskap og avvisning, forklarar seniorforskaren. Forskarane snakkar om ein indoktrinering-prosess der mennene i søken på informasjon sakte men sikker blir dei drege inn i desse nettverka, fortel han.

På same tid streka han under at dette er eit globalt nettfenomen.

Kva er det som har auka? Har hatet auka eller er det spreiinga av hatet?

Det er vanskeleg å svare på. Det er ingen av dei tinga vi har sett som seie noko om det. Vi ser at det rommet på anonyme chatteforum og desse eigne foruma for kvinnehat, har auka. Men kva som gjer at dette aukar, det gir ikkje denne forskinga svar på.

Les også Solgt 68 millioner liter energidrikk: – Drikker én til to daglig

Nora Rubi Karlsen

Tilhøyrer den ekstreme delen av internett

Dette tilhøyrer gjerne den ekstreme delen av internett.

Det meiner Reddit-brukarar NRK har snakka med.

NRK la ut eit innlegg på den anonyme nettstaden og spurde brukarane om kva for inntrykk dei har om kvinnehat på nett, og om dei meiner hatet har auka dei siste ti åra. Responsen var blanda.

Nokon meiner hatet har auka, men trur det har det i tråd med at internett har fått fleire brukarar og blitt større. Andre meiner kvinnehatet har minka.

Bilete viser ein kvit redditfigur på svart bakrgunn. Figuren har likner en bjørn med antenne på hovudet.

Redditbrukar 1

Det er vanskeleg for meg å kvantifisere, det er nok mykje meir i tal, men talet på brukarar har også auka enormt.

Opplevinga mi er at eg oftare såg grove ekstreme haldningar for 10-15 år sidan enn eg gjer i dag, men at dei haldningane kom frå eit mykje lågare tal brukarar.

Det er nok lettare å nå eit mykje større publikum for dette i dag enn det var tidlegare.

Bilete viser ein kvit redditfigur på svart bakrgunn. Figuren har likner en bjørn med antenne på hovudet.

Redditbrukar 2

Eg trur at eksponering av polarisering og hat på nett har auka i dei siste ti åra og kvinnehat er ein av mange. Om det faktisk har vorte meir eller om det berre er vi som har vorte meir klar over det, det veit eg ikkje.

Bilete viser ein kvit redditfigur på svart bakrgunn. Figuren har likner en bjørn med antenne på hovudet.

Redditbrukar 3

Erfaringa mi er tvert imot at det har minska. For 10 år sida var det ein mykje meir daglegdags sexisme som var mainstream på Reddit.

Kulturen har utvikla seg til å vere meir oppteken av sosial rettferd og mindre tolerant for sjåvinistisk humor.

Over det same tidsrommet har vi jo samtidig for første gong sett incel-terrorister. Eg trur ein del av forklaringa er at hat-grupper har vorte meir og meir isolerte.

Redditbrukar 4

Inntrykket mitt er at det i utgangspuntet er konsentrert i nokre nettmiljø, men at det i dei siste åra i større grad har spreidd seg til større publikum, typisk kamuflert som memes, vitsar og sjølvhjelpsråd.

Likevel er det vanskeleg å seie sikkert om det er omfanget, eksponeringa eller begge som har auka.

Mannosfære-synspunkt meir vanleg

– Har kvinnehat i nettfellesskap auka?

Ja, absolutt. Men her kan ein ikkje berre skulde på incels, det er ein ganske introvert subkultur. Dei er ikkje oppteken av å pushe seg inn i offentlegheita, men det er meir generelle mannosfære-synspunkt som har blitt vanlegare.

Det fortel Lasse Josephsen. Han er journalist og kan mykje om høgreekstremisme og mannosfæren.

NRK forklarer

Kva er mannosfæren?

Kva er mannosfæren?

Kva er mannosfæren?

«Manosphere», eller mannosfæren på norsk, er eit samleomgrep på fleire miljø som ikkje er så stor fan av feminisme og kvinner.

Det er eit landsskap på internett som består av forskjellige subkulturar, men dei har ein felles ide og eit likt syn på samfunnet.

Det er at likestilling og feminisme har øydelagt samfunnet.

Kva er mannosfæren?

Kva er gruppene innanfor landskapet?

Ifølge Lasse Josephsen så er der fem grupperingar innanfor dette landskapet på internett:

  • Incel – gutar og menn som lev i ufrivillig sølibat.
  • MGTOW – som er «Men going their own way»
  • Pick-up-artists – som er storsjekkarane og prøvar å vere dyktige i å tiltrekke og forføre kvinner.
  • MRA – Men's Rights Activists, er meir krakilske mannsrett-forkjemparar.
  • Så har du litt ymse påverkarar og personlegdommar, som til dømes Andrew Tate.
Kva er mannosfæren?

Kvifor har dei eit negativt syn på feminisme og kvinner?

Spesielt incel, men også resten av mannosfæren, ser på den kvinnelege frigjeringa på 60-talet som ein stor katastrofe, ifølge Lasse Josephsen.

Frigjeringa splitta opp kjernefamilien, gjorde at kvinner kunne ha samleie utanfor ekteskap og få barn med fleire menn.

– Mange incel har vekse opp utan far og meiner at feilen ligg i den seksuelle revolusjonen.

Han meiner mange av mennene vil tilbake til den tida der mannen var den overordna i familien og i samfunnet.

– Det var eit sunt og ordna samfunn, medan i dag lev vi i eit kaos, forklarar Josephsen.

Kvifor meiner du at mannosfære-synspunkt blitt vanlegare?

Eg kan seie at det oppstod allereie då Trump vart president. Store delar av mannosfæren har ein greie for Trump. Dei ser på han som ein «macho» redningsmann som skal redde maskuliniteten i vesten, som dei meiner er fråfallen.

Josephsen seier at også at Andrew Tate er ein profil som har knekt koden for å spreie dette bodskapet til sosiale medium.

Då har du plutseleg ein mann frå mannosfæren, den relativt rare subkulturen, som plutseleg er på alle sine lepper og det mest kjende namnet i verda.

– Ein farleg ideologi

– Dette er ein farleg ideologi som er i mot likestilling og demokrati, seier Martta Ojala ved Nord Universitet i Bodø.

Ho skrive for tida doktorgrad om mannosfæren der ho skal sjå på desse forskjellige nettforuma og maskulinitet.

Martta Ojala

Doktorgradsstipendiat ved Nord universitet seier at det ligg ein farleg ideologi i mannosfæren.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Ho syns det er trist at menn søkjer råd og hjelp i desse foruma. Ojala tenkjer at meir likestilling er det som skal til.

I det store bilde så handlar det om mannsrolla, at det skal vere ok for menn å be om hjelp, vise kjensler, og dele problem eller ting dei slit med.

Les også Kampen om mannen

Mann ved PC-en

Les også Flere unge søker hjelp med spilleavhengighet. TV- og dataspill får deler av skylda

Poker på nett