Hopp til innhold

Nora (17) tatt ut til landslaget etter å ha boksa i berre to år: – No skal eg satse på boksinga

17-åringen har allerede en gullmedalje i bagasjen. Satsing på kvinneboksing gir resultat, seier sjefen i bokseforbundet.

17 år gamle Nora Steensen etter boksekamp der hun holder opp medaljen hun har rundt halsen.

Etter ei uttakssamling på Olympiatoppen i Trondheim vart Nora Steensen teken ut på landslaget.

Foto: Privat

– Eg trudde eigentleg at eg ikkje fekk lov til å vere med, så det var kjekt å få den beskjeden.

Torsdag sist veke vart det jubel på kjøkkenet då 17 år gamle Nora Steensen frå Bodø fekk melding om at ho vart teken ut på juniorlandslaget i boksing.

– Det gir mykje motivasjon. No kjem eg til å satse på boksing.

17-åringen deltok på uttakssamlinga til Noregs Bokseforbund i slutten av januar på Olympiatoppen i Trondheim. I alt vart ni jenter mellom 15 og 19 år plukka ut til landslaget.

– Det var stort, og eigentleg eit sjokk.

Den talentfulle Bodøboksaren kan vise til fleire sterke resultat i løpet av sesongen. Steensen har vunne gull i Legacy Box Cup i Trondheim og sølv i Golden Girl i Sverige, som er ein av dei største dameturneringane i verda. I tillegg gjorde ho det svært godt i ungdoms-NM.

Dette har ho klart etter å ha boksa i berre to år.

Nora Steensen i bokseringen sammen med en annen person. I kledd hjelm, rød t-skjortet og hansker på hendene plassert framfor ansiktet.

Her er Nora Steensen på første sparringsrunde på landslagssamlinga i Trondheim.

Foto: Privat

– Premissleverandør av jenter

Boksing har historisk store namn som Mike Tyson og Muhammad Ali. Det er kjende boksarar i ein sport som gjerne er mannsdominert.

– Vi ser det på påmeldingane til NM at det er mykje fleire gutar. Det er ein draum å få fleire jenter inn i boksinga, seier Steensen.

Ho meiner Cecilia Brækhus har spelt ei sentral rolle i å gjere kampsporten betre for kvinner.

– Ho var veldig flink, og gjorde boksinga betre for kvinner og har kjempa mykje for det.

Nora Steensen i bokseringen mens treneren snakker til henne.

Nora Steensen saman med landslagstrenar Bjørn-Erik Enge.

Foto: Privat

Det har også bokseklubben i Bodø gjort, som er den klubben med flest kvinnelege utøvarar, ifølge Steensen.

– Det er eit godt miljø i klubben for at kvinner skal lykkast.

Det er generalsekretær Noregs Bokseforbund, Erik Nilsen einig i. Han skryt av Bodøklubben si emne til å inkludere kvinner i sporten.

– Bodø Bokseklubb har vore ein premissleverandør av jenter som utøvarar, trenar og leiarar.

Her nemner han visepresident Anne Tjønndal og Vera Schnabel. Sistnemnde var nominert som årets eldsjel på Idrettsgallaen i 2022.

– Bodø gror på alle frontar.

Les også I harnisk etter boksepresidentens sjokkuttalelse: – Jeg er tom for ord

Bokser Patricio Manuel er født kvinne, men har gått profesjonelle kamper i herreklassen.

Ei langsiktig satsing

Generalsekretæren seier det å satse på kvinner i boksing ikkje kjem av seg sjølv.

– Det er ei langsiktig satsing. Ei total satsing på kvinneboksing ser vi gir resultat.

Dei som er gjennom Female Box går heilt til toppen – seinast hausten 2021 vart Sunniva Hofstad første norske europameister på ungdoms- og juniornivå.

– Kor spesielt er det at Steensen har komme så langt på to år?

– Det viser at ho har vist seg veldig godt fram, det er ikkje alltid at talet på kampar betyr all verda. Det gjeld å vise seg fram og vere med i turneringar.

Han seier at aldersgruppa til Steensen er ei gruppe dei brukar god tid på og som må modnast.

– Vi ser for oss utøvarar som kan tenkje, vere og agere som toppidrettsutøvarar.

Les også Krisestart på årets skreisesong – har så langt bare fisket halvparten så mye som i fjor

Skreifiske, Jonas og Robert Brun

– Verkeleg gode nyheiter

Det var heilt tilfeldig at Steensen starta med kampsporten.

Trening har vore ein stor del av 17-åringen. Ho har spelt handball og gått på turn, men etter ei stund ville ho gjere noko anna.

– Som å trene styrke eller noko slikt, men eg fekk ikkje lov til å trene styrke på treningsstudio. Eg var for ung.

Då måtte ho finne på noko anna.

– Eg syns det var noko med boksinga som var annleis og interessant. Det var ikkje planen, det var mest for treninga sin del opphavleg, seier Steensen som ikkje legg skjul på at Bodø Bokseklubb har betydd mykje for ho.

Nora Steensen i bokseringen ikledd rød shorts og blå topp.

Nora Steensen boksar mot ei jente frå Belgia i finalen i Golden Girl i Borås i Sverige.

Foto: Privat

Klubben har hatt nokre gode resultat i Noregsmeisterskap opp gjennom åra, men det er ikkje mange som har vorte teke ut til ein rein landslagsplass. Det fortel Jan Myhre, hovudtrenar, Bodø Bokseklubb

– Så dette var verkeleg gode nyheiter.

– Mitt stoltaste augeblikk som far

Far Mats Steensen stadfestar at vegen til dottera si boksekarriere var tilfeldig.

– Vi foreldra er litt klar på at barn ikkje skal byrje på treningsstudio, ho fekk ikkje lov av mamma og pappa til det, seier han.

Då svarte dottera at ho måtte anten starte med bryting eller boksing, så då vart det boksing.

– Pappahjartet har det kanskje litt vondt, men boksing er ein utruleg god idrett treningsmessig.

Pappa Steensen fortel om ei dotter som er uredd av natur og har stort pågangsmot.

– Det er kanskje det stoltaste augeblikket eg har hatt som far i denne samanhengen. Heile familien var samla då vi fekk beskjeden, det er vanskeleg å beskrive.