Hopp til innhold

Karsten var toppsjef heilt til han sovna i eit kundemøte

Som toppsjef heldt Karsten Nestvold eigen sjukdom skjult lenge. Leiarar bør bli flinkare til å vere open om eigne problem, seier forskar.

Ein mann med skjegg og svart caps sit på ein fjelltopp med skodde bak seg

– Frå å vere nattas dronning blei eg den som gjekk og la meg først, seier Karsten Nestvold. Han måtte slutte i jobben, men blei gründer i staden.

Foto: Elisabeth Nestvold Eben

Møterom med sterile veggar, powerpointar og menneske i formelle klede er ein stor del av jobbkvardagen til Karsten Nestvold.

Som direktør i Innovasjon Noreg i Nordland er det mange som er avhengige av han.

Men kundemøtet i Narvik var han ikkje førebudd på. Bak seg denne dagen har han ei av mange netter med dårleg søvn.

Nestvold klarar derfor ikkje å halde seg vaken under kunden sin presentasjon.

– Då skjønte eg at det var over. Eg kan ikkje vere direktør i Innovasjon Norge og sitte og sove i kundemøte.

Ein mann i ullgenser og blå bukse står framfor ei lokalmat-messe

– Openheit om sjukdomen er viktig for å kunne bli møtt på ein god måte. Karsten Nestvold går her føre med eit godt eksempel, seier Noregs Parkinsonforbund.

Foto: Elisabeth Nestvold Eben

Han søv så tungt at dei rundt han slit med å vekke han. Etter kvart som han kvikna til, innsåg han at dette var dråpa som rann over begeret.

Etter fleire år med hemmelegheita valte han å ringe sjefen og slutte i jobben.

Ein «late bloomer»

Det sat langt inne for Nestvold. Vegen til topps i arbeidslivet var bygd på hardt arbeid over lang tid.

For skulegangen i Verdal i Trøndelag, der han er oppvaksen, var prega av dårlege karakterar og stryk i fleire fag.

Det var ikkje før han var fylt 27 år at han møtte ein lærar som knakk koden: Karsten var full av dysleksi.

– Då skjønte eg at det ikkje var meg det var noko gale med.

Ein mann med staver i hendene ligg framfor ein varde på fjelltur med blå himmel og havutsikt

Karsten Nestvold prøvar å halde seg aktiv så lenge han kan. Han vil jobbe i gründerbedrifta til han er minst 67 år, helst lenger.

Foto: Elisabeth Nestvold Eben

Han tok opp igjen norsk og engelsk, og stod med glans.

30 år gamal gjekk Karsten ut av Høgskulen i Trondheim som femte beste student, og hadde ingen tid å miste.

– Eg var ein litt late bloomer.

Han blei sjef for Nova Sea, eit av dei største oppdrettsselskapa i Nord-Noreg i dag. Etterpå stod Innovasjon Norge for tur.

– Når eg var 42 år gamal, då var eg på topp.

Men etter kvart som han klatra i stigen, begynte kroppen å gjere rare ting.

Ei hand held eit utval gule og kvite piller.

Nestvold har forsøkt fleire medisinar som skal hjelpe mot sjukdomen. I dag har han kutta drastisk ned på pillene fordi det var ein annan behandling som var betre – ein hjerneoperasjon.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Hallusinerte om nettene

Det lugga i heile venstresida, armen sovna av når han skulle notere i møter, og foten måtte han slepe etter seg.

Etter fleire merkelege symptom oppsøker Karsten lege. Der får han høyre at han har enten ME, MS, svulst i hjernen eller Parkinson.

Legane konkluderte med det siste.

– Det var det beste som kunne skjedd av dei alternativa, seier Nestvold.

Han får svakare og svakare motor. Pillene han må ta erstattar nattesøvnen med inngripande fantasi og hallusinasjonar.

– Eg kunne vakne opp og sjå ein mann som skulle ta meg. Så eg røyste meg opp og brøla til han.

Ein mann sit med redningsvest i ein båt

Nestvold har alltid likt å halde seg i aktivitet. Det har han ingen planar om å slutte med. Å vere aktiv er Nestvold sin beste medisin.

Foto: Elisabeth Nestvold Eben

Nestvold reflekterer høglydt om kvifor han ville halde sjukdomen hemmeleg.

– Eg valte ein strategi som eg tenkte at var riktig der og då. Eg ville ikkje vise noko teikn på svakheit eller noko slikt.

I dag tenker Nestvold at han skulle ha prata meir om sjukdomen. Men han er langt frå åleine om å nøle på det.

Ein mann står med ski på beina i slalombakke

Nestvold har gått mykje på ski etter han fekk sjukdomen, sjølv om han fell mange gongar. Det siste året har det blitt vanskelegare, så han held seg mest til golf og paddletennis.

Foto: Elisabeth Nestvold Eben

– Ikkje «duracell-drivne robotar»

Tom Karp er professor i leiing og har utdanna leiarar dei siste 19 åra.

– Leiarar har generelt mykje å hente på å framstå som heile menneske med styrkar og svakheiter, og ikkje som duracell-drivne robotar, seier han.

Men det er vanskelegare for folk i leiarstillingar å vere opne om desse tinga, meiner Karp.

– For å kome i posisjon, må leiarar ofte vise styrke. Samtidig må dei like fullt vise sårbarheit for å lukkast med å få folk med seg, seier Karp.

Tom Karp, professor i leiing ved Høgskolen Kristiania.

– Eg har ikkje noko tal på kor mange leiarar som ikkje ønsker å vise svakheit, men ut frå eiga erfaring vil eg hevde at det er svært få som ønsker å snakke om, så vel som tør å, vise former for svakheit, seier professor Tom Karp.

Foto: Privat

Det er vanskeleg fordi dei må bryte med gjengse førestillingar om kva leiingsideal handlar om. Det kan altså vere ein karrieremessig risiko som mange ikkje er villige til å ta.

Men innanfor visse grenser er det styrke i å vise svakheit, meiner Karp.

Les også På utsiden lever han et vellykket liv – nå har han stått frem og fortalt om depresjonen

Lars Erik Lund

Ein styrke som vekker tillit

Tom Karp får støtte frå psykolog Peder Kjøs.

– Vi vil at dei på toppen skal vere solide, stødige, føreseielege og trygge. Det er dei andre som skal vakle og tvile.

– Ein må treffe akkurat det vindauget kor du er akkurat passe sterk og passe menneskeleg til at vi kan ha tillit og kjenne igjen og stole på.

Kjøs kallar det ein vanskeleg balansegang.

Peder Kjøs

– Eg trur i mange leiarposisjonar at det er rom for, og eigentleg også bra, å vise fram meir sårbarheit, tvil og slike ting, seier psykolog Peder Kjøs.

Foto: Kristoffer Myhre

Karp og Kjøs er einige om at det ligg ein god verdi av at også leiarar er ærlege om ting dei strever med. Kjøs viser til at det i dei seinare åra har vore nokre toppleiarar og politikarar som har vist fram «den menneskelege faktoren».

– Det i seg sjølv blir ein ting som gir tillit, men på ein meir avansert måte, fordi vi føler at denne personen ikkje er sånn «fake» knallhard.

Les også Pistolmannen frå Molde

Pistolmannen frå Molde, Arman Vestad, på veg inn til Nes heradsrett for å vitne i Orderud-saken i 2001

Hjernesjukdomen som aukar raskast

For Karsten Nestvold sin del har det vore viktig å stå fram med sjukdomen.

– Eg håpar at folk ikkje er så raske til å dømme sjølv om ein kanskje snublar litt når ein går, seier Nestvold.

Sjølv har han blitt stoppa av politiet på golfbana for å blåse promillekontroll for eit stort publikum.

Ein mann med golfkølle i handa speler golf i solnedgang

Ein av Nestvold sine mange turar på golfbana i Bodø.

Foto: Elisabeth Nestvold Eben

Noregs Parkinsonforbund opplever at det er mange som forvekslar sjukdomsteikn på det å vere påverka av rusmiddel.

– Karsten si historie er ein blant mange og viser at Parkinson har mange ansikt og rammar kvinner og menn i ulike aldersgrupper.

Det seier seniorrådgivar for helsefag i Noregs Parkinsonforbund, Ragnhild S. Støkket.

Ragnhild S. Støkket, Norges Parkinsonforbund

Ragnhild S. Støkket fortel at mange med sjukdomen opplever stigmatisering.

Foto: Norges Parkinsonforbund

Ho opplyser at det er estimert rundt 10.000 og 12.000 personar i Noreg som har Parkinsons sjukdom.

– Parkinsons sjukdom er den hjernesjukdomen i verda som aukar raskast. Det er venta at talet vil bli fordobla globalt dei neste 20 åra.

Forbundet jobbar mot førestillinga om at parkinson er ein «gamalmannsjukdom».

Blitt mjukare med åra

I dag har Kasten kutta ned på medisinane, blant anna på grunn av ein hjerneoperasjon for to år sidan der han fekk operert inn to sondar i hjernen.

Karsten går rett og slett på batteri. Eller rettare sagt straum som han justerer med mobilen.

– Viss eg skal spele paddle eller golf ein dag så skrur eg opp straumen. Så må eg skru ned straumen, viss ikkje så blir eg hyper.

Ein mobil illustrerer korleis Karsten Nestvold justerer straumen i eigen kropp.

På mobilen sin, via ein app, justerer Nestvold straumen opp og ned etter behov.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Men sjølv om Nestvold slutta i jobben i Innovasjon Norge, hadde han framleis meir å gi. Han ville bli gründer, og blei det med utgangspunkt i sennepsoppskrifta til mormora som dei kalla «mimmi».

Det blei starten på Mimi Sennep, eit selskap i Nord-Noreg som omsette for 6 millionar kroner i 2022. Den driv han i dag saman med kona, Elisabeth Eben.

Elisabeth Eben og Karsten Nestvold.

– Eg fall for Karsten fordi han er ein fantastisk mann. Han er sprek, aktiv og med på alt som er gøy, i tillegg til å vere verdas beste samtalepartnar og ven, seier Elisabeth Eben om ektemannen. Dei møttest og gifta seg etter at Nestvold blei sjuk.

Foto: Privat

– Det er viktig for meg å stå lengst mogleg i arbeid. Det blir nok av tunge dagar, så det er greitt å ha med seg nokre som er positive, seier Nestvold.

Difor er dagane også fylt med aktivitetar som golf og paddleboard.

Nestvold kjenner seg langt frå ferdig. Men sjukdomen har endra han.

– Eg er ein sterk personlegdom, men eg er litt mjukare no.

Du kan høyre meir om Karsten si historie i podkasten Øyeblikket:

Les også Fikk USA-drømmen ødelagt av TV-serie – flyttet til fiskevær i Lofoten med 14 innbyggere

Charles og Rachel