Hopp til innhold

Sjåartala for VM i Qatar stuper – Jacob ser heller VM frå 1998

Heime hos Jacob Antonsen er det VM-feber på fjernsynet, men utan eitt sekund frå Qatar. Sjåartala for VM i år viser at Antonsen er i godt selskap.

Jacob Breda Antonsen byter VM i Qatar med 24 år gamle kampar

Jacob Breda Antonsen iført ein klassisk Argentina-drakt. I år ser han VM frå 1998, og ikkje Qatar-VM. Det bør heller ikkje andre gjere, ifølge Nils Henrik Smith.

Foto: Privat

– I går såg eg Noreg-Marokko frå 1998, seier Antonsen.

Ved sidan av å vere prest i Den norske kyrkje, er han lidenskapleg fotballinteressert.

Men då fotballen begynte å rulle i Qatar sist søndag var det utan Antonsen som sjåar.

Han boikottar nemleg årets fotball-VM i ørkenlandet.

– Grunnen er den slaveliknande praksisen som Qatar har drive med i mange år, og som har ført til at mange fattige framandarbeidarar har kome heim i kister.

– Dei orda tør ein liksom ikkje å bruke, men det er det som gjer det heile veldig alvorleg.

I desse dagar ser han heller alle kampar frå VM i 1998 i Frankrike.

– I tillegg er Noreg med, så det er heilt nydeleg, seier han til NRK.

Jacob boikotter VM i Qatar med 24 år gamle fotballkamper

– Eg har lagt om sendeskjemaet. Det er like mange lag, og like mange kampar som VM i år. Så det går opp. 

Foto: Privat

Færre ser på VM i Qatar

Ei fersk oversikt tyder på at Antonsen ikkje er åleine om å sjå på andre ting enn VM i år.

Nye tal viser nemleg ein nedgang i sjåartid på 30 prosent i år, mot VM i Russland i 2018.

Medan 2018 hadde eit snitt på 356.000 sjåarar i 2018, har VM i Qatar 2022 eit snitt på 227.000 så langt.

VM i Qatar har vore omstridt. Det grunnar i alt frå måten landet fekk tildelt meisterskapet på, til arbeidsforholda til dei mange tusen migrantarbeidarane som har jobba under svært dårlege forhold.

Det skuldast også måten skeive og kvinner sine rettar blir varetatt i landet.

Antonsen, Lysa og og Hjelseth deltek alle på kveldens debatt. Sjå debatten om det er moralsk å sjå VM i Qatar direkte på Lytring frå Bodø:

Boikottar VM: – Det er gale å sjå på

Heller ikkje forfattar og journalist i fotballmagasinet Josimar, Nils Henrik Smith, ser på VM i år.

Det bør heller ikkje andre gjere, meiner han.

– Ja, eg meiner det er gale å sjå på årets VM-sluttspel.

Han grunngir det med den menneskelege lidinga som VM i år er bygd på, med grov og systematisk utnytting av framandarbeidarar i Qatar.

Heller ikkje skribent og samfunnsdebatant, Nils Henrik Smith, ser på VM i år.

– Ein boikott vil neppe endre samfunnsordninga i Qatar. Den kan derimot gjere det vanskelegare for FIFA å velje ein liknande arrangør neste gong, seier Smith.

Foto: Kagge Forlag

– Det gjer at det er utillateleg å sjå på. Så handlar det sjølvsagt om å gi eit signal. Det er viktig at flest mogleg viser via handling at vi ikkje aksepterer at fotballen blir misbrukt på denne måten.

– Er boikott den einaste korrekte måten å handtere VM i år?

– Eg klarar ikkje å sjå noko alternativ. Det har ikkje med påføring av skam å gjere, men bevisstgjering av kva vi faktisk vel når vi vel å sjå på VM i Qatar.

– Pengar er det einaste språket FIFA forstår, derfor må ein vise at meisterskapet i år er noko som færre er villige til å investere tid og kjensler i.

– Kan det på ingen måte vere gunstig, for eksempel ved å vere bevisst problemstillingane og dekke omstenda?

– Eg skjønar ikkje på kva måte det skal rettferdiggjere å sjå på kampane. All merksemd rundt det sportslege rettferdiggjer, sett frå FIFA sin ståstad, avgjerda om å legge VM dit. Det vil også gjere det enklare for dei å ta ei liknande vurdering i framtida.

Les også Tyskland markerte mot Fifa: – Samme som å nekte oss en stemme

Tyskland

Ein boikott vil neppe endre samfunnsordninga i Qatar. Den kan derimot gjere det vanskelegare for FIFA å velje ein liknande arrangør neste gong, ifølge Smith.

Fotballsosiolog: – Blir ikkje avgjort av TV-sjåarar

Det å forhindre at neste VM går til Saudi-Arabia er det beste utfallet ved ein boikott, ifølge Arve Hjelseth.

– Eg meiner ein kan sjå på VM, fordi verdshistoria ikkje blir avgjort av kven som sit framfor TV-en og ser på fotball.

Arve Hjelseth

– FIFA er korrupte og Qatar er openbert korrupte. Men som ein kollega sa til meg i går, verda er korrupt. Om ein skulle lagt desse vilkåra til grunn så måtte alle meisterskap gå i Skandinavia. Til og med Tyskland bestakk truleg FIFA-delegatar før dei fekk meisterskapet i 2006.

Foto: Odd Roger Langørgen

Han er fotballsosiolog ved NTNU og forskar på publikumskultur. Difor kikar han innom VM for å sjå kva som skjer på tribunen.

– Er det ikkje dette myndigheitene i Qatar ønsker, at folk skal sjå på kor flott VM er?

– Eg trur ikkje tyngda av TV-sjåarar tar Qatar sitt forsøk på å presentere seg sjølv for god fisk. Mange journalistar lukkast med kome bak denne fasaden. Overfor FIFA og Qatar vil nok å boikotte sponsorar vere vel så effektivt som å ikkje sjå på.

Hjelseth har stor sympati med dei som boikottar, og fortel at han er på lik linje med dei.

– Eg ser ikkje på sjølv. Eg har ikkje noko engasjement for eit VM i eit land utan fotballtradisjonar og eg synest tildelinga var latterleg. Men eg vil ikkje kritisere moralen til dei som vel å sjå på VM.

Les også Klaveness avslører: NFF forsøkte å finne motkandidat til Infantino

5 Norges fotballpresident Lise Klaveness i studio.

Qatar utan rykte før VM

I Qatar er kritikken som går på menneskerettar og migrantarbeidarane noko som først og fremst har kome i stort omfang etter tildelinga av fotball-VM.

– Derfor skil Qatar seg ut frå land som Russland, Kina og Saudi-Arabia, som frå før er kjende for å vere autoritære regime med brot på menneskerettane.

Charlotte Lysa, forsker

– Fotball-VM er ikkje det einaste grepet. Ein har også Al Jazeera og sportsdelen Beln Sports, i tillegg til investeringar i Europa. Qatar har jobba seg opp for å få ein posisjon både politisk og sikkerheitspolitisk.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Det seier Charlotte Lysa, fotballforskar ved UiO.

– Hadde Qatar kome betre ut av det dersom dei ikkje hadde søkt på VM?

– Det blir berre spekulasjonar. Men eg synest det er interessant at Saudi-Arabia følger i dei same fotspora, med vissa om kritikken som har kome mot Qatar. Der har dei gjort ei vurdering.

Les også Bild: Tyskland vil ta rettslige skritt mot Fifa etter regnbuenekt

Tyskland under en trening i Qatar.

– Kvifor er fotball-VM viktig for Qatar?

Det er for å få den merksemda som følger med. Qatar har sidan midten av 90-talet drive ein ganske offensiv politikk der sport har vore ein del av det. Det er eit lite land med enorme ressursar, men utan noko særleg militært forsvar. Derfor er dei heilt avhengige av sterke internasjonale relasjonar.

Og problemet for Qatar var ikkje at dei hadde eit dårleg rykte før tildelinga av VM, men at dei ikkje hadde noko rykte i det heile tatt, seier Lysa.

– Eg trur ikkje så mange kunne plassere Qatar på kartet før 2010. Så for Qatar handlar dette om å bli ein viktig aktør.

Tilbake til høgdepunktet

Jacob Antonsen ønsker å halde seg sjølv ansvarleg, og meiner tildelinga til Qatar har fått alt for få konsekvensar.

– Publikum ser på VM, uavhengig om landet dei kjem frå er med eller ei. Denne makta brukar statar som Qatar aktivt. Då tenker eg at det må få konsekvensar, om ikkje anna enn for meg sjølv.

– Vi er opptatte av å meine det rette, og innimellom må vi gjere det rette også.

Tysdag 29. november skal Antonsen skru på det som for mange nordmenn er tidenes norske fotballhøgdepunkt: 2-1-sigeren mot Brasil.