Hopp til innhold

Laurdag kan du sjå årets einaste måneformørking

Formørkinga blir synleg i heile landet, og det kan bli lenge til neste gong du får sjå ho.

Supermåne og total måneformørkelse sett fra Oslo i 2015

MÅNEFORMØRKING: Eit lite tidsrom laurdag kveld kan du vere vitne til at månen trer inn i skuggen til jorda.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Haustmørket har for lengst senka seg.

Då nyttar mange høvet til å sjå opp på stjernehimmelen.

Fleire spektakulære himmelfenomen lar vente på seg dei neste månadane.

Først ut er måneformørkinga komande laurdag. Det er den einaste formørkinga vi kan observere frå Noreg i 2023.

– Om himmelen blir klår kan formørkinga sjåast i heile Noreg, seier astronom Jan-Erik Ovaldsen, som driv den astronomiske handboka «Himmelkalendaren».

Figur frå Jan-Erik Ovaldsen som står bak Himmelkalenderen

Det er delen nedst på måneskiva som kjem inn i heilskuggen av Jorda.

Foto: Jan-Erik Ovaldsen

På linje i verdsrommet

Kvart einaste år inntreffer minimum to og maksimalt fem måneformørkingar på jorda.

Men det er slett ikkje sikkert at du er så heldig å få sjå dei.

Ei måneformørking skjer når sola, jorda og månen står på linje i verdsrommet. Då blir månen liggande i skuggen frå jorda.

Når månen ligg heilskuggen av jorda, får vi ei total måneformørking.

Dei gongane månen berre ligg i delar av skuggen, blir det kalla delvis måneformørking.

– Det er berre ein liten bit nedst på måneskiva som blir ete opp av skuggen frå jorda. Likevel kan det vere artig å ta ein kikk viss vêret er godt, seier Ovaldsen.

Jan-Erik Ovaldsen

Jan-Erik Ovaldsen er astronom og gir ut den astronomiske handboka Himmelkalenderen.

Foto: Privat

På laurdag er det snakk om ei delvis måneformørking.

– Ein ser også at skuggen som jorda dannar på måneskiva er bua, noko som skuldast at jorda er rund, for dei som framleis er usikre på det.

Formørkinga er størst klokka 22:14.

Den delvise fasen startar klokka 21:35 og sluttar 22:54.

Figur frå Jan-Erik Ovaldsen

28.–29. oktober: Figuren viser tidspunkta du kan vente deg å sjå måneformørkinga.

Foto: Jan-Erik Ovaldsen

Måneformørking og rakettar på same kveld

– Totale måneformørkingar er sjølvsagt den mest interessante varianten, seier Ovaldsen.

Og den neste totale her i landet kjem 7. september 2025. Men den blir ikkje optimal fordi den totale fasen startar før månen står opp.

Vi i Noreg må faktisk vente til 31. desember 2028 før vi kan observere heile forløpet til ei total måneformørking.

– Då blir det måneformørking og rakettar på same kveld, seier Ovaldsen.

Dei neste delvise formørkingane blir i 2024.

8. april kan ei lita, delvis solformørking sjåast lågt på himmelen på Svalbard, men er ikkje synleg frå Fastlands-Noreg. 18. september 2024 inntreffer ei lita, delvis måneformørking.

Men fortvil ikkje. Det står fleire spennande vêrfenomen på kalenderen dei neste månadane, ifølge astronomen.

Ildkule fra meteorsverm (Leonidene) i 2009

SVERM: Ein meteorsverm er ei hending i verdsrommet der ei stor mengde meteorar er synlege i løpet av svært kort tid. Her ei eldkule frå meteorsvermen Leonidene i 2009.

Foto: Navicore/Wikipedia

Meteorsverm i november

På bestemte tider av året kan vi oppleve meteorar eller stjerneskot i store tal.

Dei plutselege lysstripene skuldast små kosmiske partiklar, vanlegvis støv frå kometar, som kjem inn i jordatmosfæra med enorm fart.

Både partiklane og lufta blir varma opp på grunn av friksjonen som skjer, og det er dette vi på bakken ser som meteorar.

To faste førjulssvermar er Leonidene og Geminidene.

Først ut er Leonidene:

– Den maksimale aktiviteten for 2023-utgåva er antatt å kome i 6-tida på morgonen laurdag 18. november. Anbefalinga blir dermed å følge med på himmelen frå utpå natta og heilt fram til morgongry laurdag, seier Ovaldsen.

Månen er grei og held seg unna heile natta. Aktiviteten blir truleg gjennomsnittleg, altså med om lag 10–15 meteorar i timen på det meste under ein mørk og klår nattehimmel.

Så til det Ovaldsen kallar den flottaste og mest pålitelege av alle årvisse svermar, viss ein har flaks med vêr og månefase: Geminidene.

– Månen vil i alle fall ikkje lage problem denne gongen, seier han.

Han anbefaler å halde utkikk etter meteorar frå 02-tida på natta til morgongry torsdag 14. desember, og frå klokka 19 og utover kvelden natt til fredag.