Hopp til innhold

Mystiske lys på himmelen i Nord-Noreg

Frå Bodø i sør til Alta i nord har folk observert eit mystisk lys på himmelen.

Politiet i Nordland skriv på Twitter at dei har fått inn fleire meldingar om dette merkelege lyset.

Øystein Windstad var ein av dei som såg dette då han var i Bodø i kveld. Han vart bekymra.

Eg tenkte dette kan vere noko frå russisk side. Og om dette er russiske rakettar blir det fort alvorlege konsekvensar.

Han har bakgrunn som journalist og har jobba blant anna i Russland.

Men heldigvis er dette berre ein forskingsrakett med namn Bror som har blitt skote opp av Swedish Space Corporation (SSC) i samarbeid med nordlysforskarar frå det svenske instituttet for romfysikk.

Det gjekk kaldt nedover ryggen min i kveld då eg såg dette og tenkte mitt.

Les også Spesielt lysfenomen åpenbarte seg for vennegjeng: – Varte i 3-4 minutter

Spesielt lysfenomen ved Reinebringen

Forskinga vil bane veg

Prosjektleiar i SSC Krister Sjölander, seier til NRK at raketten er som eit fyrverkeri.

– Raketten har rundt åtte fyrverkeriskyts som ein aktiverer på ulike høgder i atmosfæren. Det er veldig spektakulært, seier Sjölander.

Nordlysforskning

Fargespel på kveldshimmelen etter at Swedish Space Corporation (SSC) torsdag skaut opp forskingsraketten Bror frå Esrange rakettskytefelt rundt 40 kilometer aust for Kiruna.

Foto: SSC / NTB

Ifølge han vil denne forskinga bane veg for ei djupare forståing av vêrforholda i verdsrommet, nordlyset og korleis det påverkar infrastrukturen vi sender til himmelen.

Bror vart skoten opp frå basen Esrange i Kiruna, og Sjölander seier at raketten landar i eit eige område.

– Den skal lande rundt åtte kilometer nord for der den vart skoten opp, slik at vi har moglegheita til å hente den tilbake.

Sende også opp rakettar frå Andøya

Det norske Andøya Space har også skote opp forskingsrakettar torsdags kveld. Det seier leiar for Andøya Space Sub-Orbital, Kolbjørn Blix.

– Vi har fire NASA-rakettar. Og det er eit forsøk som handlar om den samen type vitskap som dei har skote opp i Sverige.

YouTube kan ein følge rakettoppskytinga frå Andøya Space i natt. Og rundt klokka 22.00 vart det første paret med rakettar skotne opp frå basen.

Sjå oppskytinga i videoen under:

Andøya Space sende opp to NASA-rakettar torsdag kveld.

Blix seier grunnen til at dei skyt opp rakettar er for å finne ut av korleis dynamikken i luftstraumen er i den delen av himmelen som nordlyset er.

For å gjere det kan du skyte opp ein rakett på himmelen som inneheld eit stoff du slepp ut i atmosfæren. Det vil bli påverkar av vinden som er der. Då vil du sjå kor fort og i kva for retningar den driftar, og kor fort det går, seier han.

Også skal tre bakkestasjonar på Andøya, Alta og utanfor Bodø, ta bilete av dette slik at dei kan finne ut av korleis luftstraumen er. Det blir også brukt eit fly NASA som skal ta bilete av fenomenet.

Det er fordi når lufta stig opp over nordlyset, så vil satellittane kjenne det som ein fartsdump og gjere at dei til dømes kjem lågare enn dei skal, forklarar Blix.

Når forskerne på Andøya i 1995 sender opp en stor rakett, går alarmen hos de russiske generalene med atomkofferten. De har nemlig ikke fått varselet.

Når forskarane på Andøya i 1995 sender opp ein stor rakett, går alarmen hos dei russiske generalane med atomkofferten. Dei har nemleg ikkje fått varselet.