Hopp til innhold

Hurtigruta endrar heimehamn: – Eg blei veldig overraska

I dag har dei markert skipet sine 130 år. No flyttar dei heimehamna for Hurtigruta MS Richard With.

Hurtigrutens 130-årsjubileum langs kysten

130 ÅR: Hurtigruta MS Richard With får ny heimehamn. – Det er beviset på at skipet har heimehamn her, seier varaordførar.

Foto: Hege Kristin Hagen / NRK

Over heile landet har Hurtigruta i dag feira 130-årsjubileum. På denne dagen for 30 år sidan hadde skipet sin aller første avgang.

Det har blitt markert på alle skip og kontor langs heile kysten, med opne skip og kake til dei besøkande.

Ekstra stor feiring var det på Stokmarknes i Nordland – og det ikkje utan grunn.

I dag kunngjorde nemleg Hurtigruta at Stokmarknes får vere heimehavna til skipet.

Det kom brått på for varaordførar i Stokmarknes, Åge Rusten (Ap).

– Eg må innrømme at eg blei rett og slett veldig positivt overraska. Det er ein veldig fin gest til heimstaden til Hurtigruta at det blir heimehamn no for dette skipet.

Hurtigrutens 130-årsjubileum langs kysten
Foto: Hege Kristin Hagen / NRK

Rusten meiner det har stor betyding for kommunen.

Turistar som kjem, og gods som blir transportert, har betydd utruleg mykje for folk i Stokmarknes gjennom 130 år, seier varaordføraren.

– Ein får dette beviset på at dette skipet har heimehamn på Stokmarknes. Det er der historia er, og slik skal det vere, seier han med eit smil.

Vil heidre historia

Det var 2. juli i 1893 at kaptein Richard With kasta loss då dampskipet Vesteraalen sette kursen frå Trondheim til Hammerfest.

Dei siste åra har skipet hatt Tromsø som heimehamn.

No vil Hurtigruta heidre historia bak Richard With, grunnleggaren av skipet, som er frå Stokmarknes.

– Stokmarknes er jo verkeleg opphavet for der historia vår starta. Det er noko med å hugse kven ein er og kor ein kjem frå. Vi tar det med oss i framtida, og då er Stokmarknes utruleg viktig.

Hurtigrutens 130-årsjubileum langs kysten
Foto: Hege Kristin Hagen / NRK

Det seier administrerande direktør i Hurtigruta Noreg, Hedda Felin.

– Det følast heilt fantastisk, det har eg verkeleg fått kjenne på i dag. 130 år med historie, ein veldig stolt historie.

Formelt sett betyr dette at Hurtigruta får tilhøyrsle til Stokmarknes. Men kunngjeringa har også symbolsk verdi, ifølge Felin.

– Det er eit viktig symbol å sjå Stokmarknes på hekken, som eg veit mange her er stolte av å sjå.

Les også Hurtigruten legger ned stillinger i Tromsø

Covid-19 på hurtigruteskipet Roald Amundsen

– Sjeldan oppleving

Kaptein på Hurtigruta, Geir Arne Johannesen, meiner det betyr mykje at MS Richard With er akkurat på Stokmarknes denne dagen.

Folkefesten som møtte skipet i dag, var ei sjeldan oppleving.

Hurtigrutens 130-årsjubileum langs kysten
Foto: Hege Kristin Hagen / NRK

– I dag var det heilt fantastisk. Det var ei oppleving vi ikkje så ofte har. Vi blei møtt med lokale småbåtar og lokalbåtar og kom til hamn her med den folkemengda. Det var stor stas.

Sjølv sette Johannesen sin fot på Hurtigruta første gong for 40 år sidan.

– Hurtigruta betyr mykje for meg. Eg har jo fått med meg ein del tiår og har vore med i ein del av historia for Hurtigruta.

Hurtigrutens 130-årsjubileum langs kysten
Foto: Hege Kristin Hagen / NRK

Han meiner kunngjeringa i dag er på sin plass.

– Det synest eg eigentleg er heilt på sin plass at dei får tilbake Stokmarknes som heimehamn for Hurtigruta. Eg får berre seie tusen takk for ein fantastisk dag og til alle som har vore med å lage denne folkefesten.

Les også Eksperter mener Hurtigruten brøt alkoholloven: – Reklamerer for et bestemt produkt

Hurtigruteskipet Otto Sverdrup ligg til kai i Ålesund. Vi ser baugen på skipet like over ei gangbru. I forgrunnen i biletet, ute av fokus, ser vi nokre julelys. På sidene av skipet er leilegheitsbygg, og bak ser vi snødekte fjell.

Les også Hurtigruten skal få enorme seil: – Forpliktet til å ta tunge klimagrep

2030 planlegger Hurtigruten Norge for bærekraftige skip med seil, som har solcellepaneler integrert.