Hopp til innhold

Høyre om NTP: – Alle flyplassar på Helgeland består

Flyplassen i Mosjøen vert ikkje lagd ned, og storflyplassen i Rana er omtalt i Nasjonal Transportplan. – Svært gledeleg, seier ordføraren i Vefsn.

Mosjøen lufthavn, Kjærstad

KLÅR TALE: Leiar av transportkomiteen, Nikolai Astrup, er klinkande klår i sitt ord.

Foto: Katrine Olsen Sørgård / NRK

– Vi har ikkje planar om å leggje ned flyplassen i Mosjøen. Når det gjeld bygginga av ny flyplass i Rana, kjem vi tilbake til dette i NTP, seier Nikolai Astrup, som er leiar i transportkomiteen på Stortinget.

Når Nasjonal Transportplan blir presentert før påske, får vi endeleg svar på kva for store samferdsleprosjekt regjeringa vil prioritere dei neste ti åra.

Om eit større prosjekt ikkje ligg i NTP, kjem det ikkje til å bli gjennomført, konstaterer Astrup. Difor er ein storflyplass i Rana avhengig av at dei kjem med.

– Eg kan ikkje kommentere kva som kjem i Nasjonal transportplan, men at flyplassen vil bli omtalt i NTP er heilt sikkert. Vi har notert oss at det er eit stort lokalt engasjement rundt flyplassen i Rana og derfor er det også riktig og viktig at prosjektet omtalast.

– Håpar Hauan nemnes på siste line

Ein av dei som har engasjert seg mykje i flyplassdebatten på Helgeland, er ordførar i Vefsn, Jann-Arne Løvdahl (Ap). Han gler seg over delar av Astrup sitt utsegn, men håpar Rana-flyplassen ikkje vert noko av.

Jann-Arne Løvdahl, ordfører Vefsn (Ap)

TRYGG: – Eg kjenner meg trygg på at politikarane snakkar sant når dei seier at Kjærstad består, seier ordførar Jann-Arne Løvdal.

Foto: Sofie Haraldsen

– Vi har jobba lenge for å unngå ei nedlegging av Kjærstad, og no får vi ei forsikring. Det er vi glade for. Eg er totalt imot flyprosjektet på Hauan, og håpar det blir omtalt på siste linje i hele NTP, seier Løvdahl.

Men det å behalda flyplassen i Mosjøen og potensielt byggja ein ny i Rana går ikkje heilt i hop. Avinor har, som rådgjevande organ, sagt at flyplassen i Mosjøen må leggjast ned for å ha passasjergrunnlag i Rana.

Rana-ordførar Geir Waage (Ap) understeker at dei aldri har hatt som mål at det skal leggjast ned nokon flyplassar på Helgeland.

– Vi har et mål og det er at Helgeland skal få ein stor flyplass og et flytilbod på lik linje med resten av landet.

– Ikkje Avinor som avgjer

– Avinor har gitt sitt synspunkt, og vi lyttar sjølvsagt til fagetatane våre. Men det hender at politikarane gjer andre vurderingar ut frå andre omsyn enn det Avinor legg til grunn.

Men noko konkret svar på om Rana-flyplassen vert bygd eller ikkje, vil ikkje Astrup svara på.

– At et prosjekt ikkje er gjort kjend på førehand betyr verken at det blir eit ja eller eit nei.