Hopp til innhold

Høyre i Nord-Noreg vil ha to regionar

Høyre i Nordland, Troms og Finnmark er samde om å dele Nord-Noreg inn i to regionar.

.

NYTT KART: Slik vil kartet over Nord-Noreg sjå ut, om Høyre i regionen får det som dei vil.

Foto: NRK

– Det er eit ulikt syn i alle tre fylka, men dette blei då eit kompromiss, seier fylkesleiar i Nordland Høyre, Jonny Finstad.

På Høyre sitt landsmøte i Oslo i dag vart dei tre fylkeslaga samde. Dei vil slå saman Troms og Finnmark, og late Nordland vere som det er i dag.

– Me landa på at grensene vert som dei er i dag. Me er likevel opne for å flytte på grensene om dette er ynskjeleg, seier Finstad.

Fylkesleiarar i Høyre frå Nord-Noreg

NØGDE: Dei tre fylkesleiarane kom fram til eit kompromiss, trass i store usemjer fram til no. Frå venstre: Jo Inge Hesjevik, Jonny Finstad og Geir-Inge Sivertsen.

Foto: Daniel Sørdahl / Høyre

Usemje

– Det var jo ikkje vårt fyrste ynskje, seier Geir-Inge Sivertsen, fylkesleiar i Troms Høyre.

Fordi sjølv om dei tre fylka i dag presenterte si anbefaling samla, har det ikkje vore plankekøyring å kome til einigheit.

– Me tok til orde for, og meiner framleis, at Nord-Noreg hadde stått sterkare som éin region. Dette innser me det ikkje er mogleg å komme til einigheit om, so me har gått med på kompromisset med to regionar, seier Sivertsen.

Finnmark stod saman med Troms i eit ynskjer om ein samla Nord-Noregsregion.

– Me hadde kanskje stått endå sterkare om me var eitt Nord-Noreg, seier Jo Inge Hesjevik, fylkesleiar i Finnmark Høyre.

Men Nordland var ikkje einig i dette argumentet, og sette foten ned. Kompromisset blei då å slå saman Finnmark og Troms, medan Nordland blir verande som det er i dag.

– Nord-Noreg er for stort til å berre vere éin region, seier Finstad.

Regionreformen

EITT ALTERNATIV: Slik såg eitt av alternativa ut; éin samla region i Nord-Noreg, med den sørlege grensa flytta lengre nord.

Freista av oppgåver

Ein viktig grunn til at Høyre i Nord-Noreg fatta dette vedtaket, var regjeringa si gulrot; nye oppgåver.

– Finnmark er jo eit fylke med 74 000 innbyggjarar. Det står fram som lite når det skal delast ut oppgåver, seier fylkesleiaren i Finnmark Høyre, Jo Inge Hesjevik.

– Med over 200 000 innbyggjarar får me langt meir musklar til å løyse dei oppgåvene me får, seier Hesjevik.

Kva oppgåver som eventuelt kjem til regionane som går inn for samanslåingar er enno ikkje klårt.

Positive reaksjonar

I dag presenterte Høyre i Nord-Noreg si anbefaling til den sitjande regjeringa og til Høyre sitt landsmøte.

– Har de fått nokre reaksjonar på ytringa?

– Dei som har nemnt det, uttrykkjer at dei er nøgd med at me kom til einigheit. Det er fleire andre parti som slit med det, seier Sivertsen.