Hopp til innhold

Hoftun fekk hjartestans

Glimts Erik Hoftun fekk hjartestans under kampen søndag, og vart sendt til sjukehus.

Skada Erik Hoftun
Foto: Bjarne Hagen / NRK

Berre nokre sekund ut i kampen krasjar spelande sportssjef Erik Hoftun med Glimt-spelar Roy Miller i lufta. Hoftun fekk kneet til Miller i brystkassa og landa på ryggen.

Han hadde hjartestans, ingen puls og ingen pust etter samanstøyten. Hoftun vart liggjande heilt i ro utanfor eigen sekstenmeter etter kollisjonen.

Lege Bernt Inge Embrå kom til og gav Hoftun nokre kraftige kakk i brystet, og la han i stabilt sideleie.

Kort tid etterpå vart han frakta av banen på båre, og sendt vidare til Nordlandssjukehuset med ambulanse.

Bodø/Glimt-lege Bernt Inge Embrå
Foto: Bjarne Hagen / NRK

- Tilstanden er stabil

Lege for Bodø/Glimt, Bernt Inge Embrå, forteljer til NRK at tilstanden til Hoftun no skal vere stabil.

- Det går nok ei stund før han er tilbake att, seier han.

Hoftun ligg til observasjon over natta.

Høyr intervju med lege Bernt Inge Embrå her.

Du kan lese om sjølve kampen her.

Erik Hoftun ligg skada.

Hoftun vart lagt i stabilt sideleie etter kollisjonen.

Foto: Bjarne Hagen / NRK