Hopp til innhold

Himmelblå-øya klar for storinnrykk

I fjor førte 15.000 besøkande på Himmelblå-øya Ylvingen til fergekaos og mange sinte turistar. – I år er vi bedre førebudd, lovar turistnæringa.

fergekø til Vega

LAANGE KØAR TIL HIMMELBLÅLANDET: Politiet måtte rykke ut etter at det koka over for enkelte i ferjekøen på Vega.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

7. mars har Himmelblå sesongpremiere på NRK1. I åtte nye episodar kan du ta turen til Ylvingen for å følgje Marit og dei andre frå den populære serien. Men det er ikkje berre tv-publikum som gler seg til serien startar opp att.

Reiselivsnæringa førebur seg no på ein turisteksplosjon i sommar.

– Det ser vi fram til. Det jo ei veldig fin oppkøyring for oss til turistsesongen, seier marknadsansvarleg Sølvi Kristoffersen i Destinasjon Helgeland.

Himmelblå er den mest sette norske dramaserien nokon sinne. Over 1,3 millionar sjåarar følgde sesongavslutninga på Himmelblå på NRK i mars 2009.

Himmelblå-effekt med bismak

Mellom juni og august i fjor sette om lag 15.000 personar beina sine på Himmelblå-øya Ylvingen, mot berre 1.000 besøkande sommaren før. For ei øy som kun har 24 fastbuande var auken av besøkande merkbar.

– Vi synast det gjekk veldig bra etter tilhøva, for det var ikkje lagt til rette for turisme, seier Kristoffersen.

Eit av problema var ferjekapasiteten, som vart forsterka av tekniske problem. Mange blei ståande fleire timar i kø. Politiet måtte til slutt rykke ut, etter at det koka over for enkelte i ferjekøen på Vega.

Torghatten Trafikkselskap lovar bot og betring, og har saman med Nordland fylkeskommune sett i gang tiltak som skal gjere dei betre førebudd på den venta turistinvasjonen i sommar. Høgsesongen sett trafikkselskapet inn to ekstra ferjer.

– Vi sett inn B-ferja på Vennesund - Holm og sett inn ei ekstra ferje mellom Igerøy og Tjøtta. Og så aukar vi frekvensen mellom Horn og Igerøy, seier trafikksjef i Torghatten Trafikkselskap Ingar Mathisen.

Hausten 2008 kjøpte investor Ellef Ellegård frå Kragerø Himmelblå-pensjonatet frå NRK-serien. I sommar blir det café i autentiske lokaler frå tv-serien.

– Bedre førebudd i år

Ylvingen skole

I sommer kan du overnatte på Ylvingen skole.

Foto: Maria Pettersen

Ei anna utfordring i fjor sommar var at NRK var i gang med innspeling til serien då turistane kom til Ylvingen, utan at det var plass til begge delar. Manglande infrastruktur var eit anna problem, men det blir no løyst, seier Kristoffersen.

– Det blir overnatting i Himmelblå-caféen og i det gamle skulebygget på Ylvingen. Så får vi toalett og dusj, ekstra flytebrygge, og Helgeland Museum jobbar med eit kart som viser kvar dei ulike karakterane bor i serien. Og så er jo NRK borte frå øya, seier ho.

Hans Rossiné

Dramasjef Hans Rossiné.

Foto: Fredrik Arff / NRK

Dramasjef i NRK Hans Rossiné gler seg enormt til den tredje og siste sesongen av Himmelblå skal sendast på kanalen. Han

– Det er eit stort potensial som kan takast ut. No får reiselivsnæringa ein ny stor sjanse, seier han.

Dramasjefen synast det gjekk greit med turistbesøk på øya under innspelinga av sesong tre av Himmelblå i fjor, og lovar at den siste sesongen av Himmelblå også blir den beste.

– Eg har enorme forventningar. Det har blitt ein knallsesong, og absolutt den beste vi har laga. Her blir historia fortalt til ende, med ein stor og spanande finale.

Håpar på varig vekst

Musikkvalgene har satt et stort og viktig preg på Himmelblå

VAKRE SØR-HELGELAND: Himmelblålandet.

Foto: Illustrasjon: Audun Gjelsvik Magnæs

Sølvi Kristoffersen og Destinasjon Helgeland har i vinter kursa nye guidar som skal ta seg av dei besøkande på Ylvingen i sommar. Reiselivsselskapet har som mål å skape eit produkt regionen kan leve av vidare.

– No har vi gode opplevingar frå Ylvingen, så i Noreg kjem vi nok til å markandsføre Helgeland som Himmelblåland framover, seier Kristoffersen.

Under reiselivsmessa i Lillestrøm i januar, presenterte Destinasjon Helgeland pakketurar til Ylvingen. Kristoffersen håpar Himmelblå-effekten vil vare framover.

– Det er litt forskjell på denne regionen og andre som har satsa på film- og bokturisme. Bøker blir lest om og om igjen, og dette er eit meir kortsiktig løp. Men vi veit at det gjerne tar 4-5 år før ein ser toppen av slik marknadsføring. Dessutan finns serien på dvd, og det kan jo hende vi får sjå han i reprise, seier Kristoffersen.

Himmelblå sesong tre har åtte episodar. Den første kan du sjå på NRK1 7. mars.