Hopp til innhold

Herrebunad blir meir og meir populært: – Eg har mange kompisar som er sjalu nå

Morten Thoresen, brytar på landslaget, samanliknar kjensla av å kle seg i bunad med å ta på seg landslagsdrakta.

Bryterkongen Morten Thoresen prøver Nordlandsbunaden for første gang.

Morten Thoresen fortel at det var ei stor oppleving å prøve bunaden for første gong.

Foto: Preben Hunstad

Det er ikkje lenge til nasjonaldagen, og bunad er i vinden som aldri før.

No er det særleg gutane som har kasta seg på trenden.

Ein av dei er ein brytar frå Bodø.

Som å representere Noreg

– Det er det finaste plagget ein kan ha. Det ligg så mange tradisjonar i det. Det er på ein måte det som er Noreg, seier Morten Thoresen, som har vunne 13 NM-medaljar, EM og representerer Bodø Brytarklubb.

Morten Thoresen er klar for finale i bryte-EM

Slik er vi van med å sjå landslagsbrytaren Morten Thoresen. Her før bryte-EM i februar i fjor.

Foto: Norges Bryteforbund

Bunad har stått høgt på ønskelista til brytaren i mange år. Det er berre nokre månadar sida han fekk sin eigen.

– Første gong eg tok han på meg blei eg sjukt stolt. Det er noko med å ha på dei tradisjonane som ligg i det plagget.

Sjå Morten få bunaden sin:

Thoresen samanliknar kjensla med å kle seg i bunad, med kjensla av å kle seg i landslagsdrakta.

– For min del blir det litt same kjensla. Eg representerer landet. Det gjer eg også når eg kjem med bunad.

Etter at Thoresen sjølv bestilte bunad gjekk det ikkje lang tid før boren heiv seg på og ville ha bunad sjølv.

Han har no blitt ein trendsettar både i egen familie og i vennegjengen.

– Eg har ekstremt mange kompisar som har funne ut at de er sjalu nå. Eg trur det er mange som er sjalu på dei få herrane med bunad.

Sidan OL i 94

Dei siste to åra har salet på herrebunad auka med 25 prosent, fortel kjedeleiar i Noregs husflidslag, Per Willy Næsseth.

– Talet på menn som vil ha bunad er jamt stigande, seier Barbro Tronhuus Storlien, som er styreleiar i Noregs Husflidlag.

Storlien fortel at herrebunadene tok ordentleg av etter OL på Lillehammer i 94.

– Då var det mykje bunad mellom anna på opningsseremonien. Eg trur at jo fleire menn ein ser med bunad, desto lettare er det å tenkje at «dette kan eg også ha». Det har ein smitteeffekt, seier ho.

Morten Thoresen, som har vunnet 13 NM-medaljer og representerer Bodø Bryteklubb, prøver sin nye nordlandsbunad

På husfliden i Bodø fekk Morten Thoresen opplæring i korleis han skal ta på – og ta vare på bunaden sin.

Foto: Preben Hunstad

– Vent litt med herrebunad

Styreleiaren meiner at bunad er ein investering fleire tar seg råd til mellom anna fordi det er berekraftig. Dei siste åra har Husflid-butikkane i Noreg utvida tilbodet for å reparere og sy ut bunadar. Sidan 2018 har talet på bunadar Husfliden fekk inn for reperasjon eller utsøm auka med 40 %.

– Med bunad har du pentøy resten av livet. Du slepp maset med motesvingingar for bunaden er tidlaus, seier Storlien.

Våren er også tida for konfirmasjonar. Jenter har tradisjonelt fått bunad til konfirmasjonen, men Storlien råder gutane til å vente litt.

– Gutar er vakse ut litt seinare, så for dei kan det vere lurt å vente litt. Det er ikkje noko fint om det vert litt stutt.

Under koronapandemien har det vore vanskelegare å selje bunad. Mellom anna fordi det ikkje er så lett å ta mål av folk når ein ikkje kan kome nært innpå, fortel Storlien.

– Men vi ser samstundes at folk vil markere dei merkedagane vi har. I fjor gjekk folk med bunad sjølv om 17. mai ikkje vart slik vi skulle ønske. Slik vert det nok i år også.

Ligg i slekta

Storlien fortel at Husflid-butikkane rundt om i landet har merka at fleire unge vil ha bunad, og det gjeld også mennene.

– Kvifor trur du at det er tilfelle?

– Bunad er ikkje berre eit klesplagg. Det er ein forteljing om kven vi er, kvar vi har vakse opp og kvar vi har familien vår. Når vi har han på den har vi på ein historie.

Storlien meiner at heilskapen i bunadensinteressa kjem i tillegg til sjølve plagget.

– Folk vil ha noko som knyter dei til heimstaden. Han kan vere eit minne om besteforeldre eller foreldre.

Alt om bunadene

Det same gjeld Morten Thoresen. Det er ikkje tilfeldig at han valte nordlandsbunaden.

– Med den skjøner alle kvar eg kjem frå, og alle kan med ein gang sjå at eg kjem frå Nord-Noreg.

No kan nordlandbrytaren nesten ikkje vente til 17 mai. Då skal ha bruke bunaden for første gong.

– Eg er litt usikker på om eg blir sittande i karantene, men uansett kva som skjer skal eg ha på meg den bunaden. Det er 110 % sikkert! Uansett om eg berre må sitte heime i karantene.

Les NRKs saker om bunader her.