Hopp til innhold

Hamarøy vil saksøke staten

Då fastlandssambandet til Lofoten vart opna i desember i fjor vart også talet på avgangar med ferga frå Skutvik i Hamarøy til Lofoten kutta kraftig.

MS/Vågan

No er Hamarøy borte som ferjestrekning. Med berre ein avgang i døgeret var det krisemøte i kommunen i går, der dei frykta at heile turistindustrien skulle gå dukken, seier ordførar Rolf Steffensen.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

No vil kommunen saksøke staten, elles fryktar dei at heile turistnæringa går konkurs, seier ordførar Rolf Steffensen.

- Dette er eit sterkt uttrykk for ein desperat situasjon. Det er eit rop om å verte høyrt, seier Steffensen.

Delt ved Vestfjorden

Tilgjenge er dårlegare i Lofoten, for Noreg er fortsatt delt ved Vestfjorden. Før gjekk det fire fergestrekningar, Lødingen til Bognes, Bodø til Moskenes, mot Narvik og Skutvik til Skarberget.

No er Hamarøy borte som fergestrekning. Med berre ein avgang i døgnet var det krisemøte i kommunen i går, der dei frykta at heile turistindustrien skal gå dukken, seier ordførar Rolf Steffensen.

- Fleire av verksemdene som var representert på møtet kunne rapportere om ein tilbakegang på 20 til 50%, når det gjeld omsetning og besøk. Det er dramatisk, seier Steffensen.

Ein avgang i døgeret

Han meinar hovudgrunnen er at Skutvik-ferja berre har ein avgang i døgeret.

- Det er heilt opplagt. Me ser jo at sommar-Hamarøy er veldig stilleståande akkurat no, seier Steffensen.

No ynskjer kommunen ei juridisk vurdering av om ferja verkeleg kan leggjast ned, fordi Hamarøy står på ei statleg liste over stadar med kommunikasjons-utfordringar.

- Det har ikkje vore ein politisk prosess, som har ført til eit vedtak, seier Steffensen.

Sjølvvalt

Statssekretær Erik Lahnstein i Samferdsledepartementet seier at fylkeskommunen sjølv var delaktig i å leggje ned Ferjesambandet.

- Nordland fylkeskommune valte sjølv å leggje ned ferga Svolvær - Skutvik, seier Lahnstein.

Han seier at dei har hatt ein tett dialog med fylkeskommunen.

- Det er ei løysing me har valt i dialog med fylket. Me har diskutert korleis dei totale ressursane på ferje-området bør disponerast. Eg skjønnar at Hamarøy kommune er komen i ein vanskeleg situasjon, seier Lahnstein.

Heilt feil

Fylkesrådsleiar Odd Eriksen tek sterk avstand frå uttalingane til statssekretær Erik Lahnstein i Samferdsledepartementet.

- Det er heilt åpenbart at samferdsledepartementet si politiske leiing legg ansvaret på fylkeskommunen, seier Eriksen.

Han kallar det hårreisande.

- Det er nesten hårreisande. Sanninga er at samferdsleministar Liv Signe Navarsete ville leggje ned ferje-sambandet. Det var fylkeskommunen i samtale med stortinget som fekk opprettholdt sambandet. Dette er direkte feil, seier Eriksen.

Sambandet er vedtatt nedlagt frå 2009, men går i dag ein gong i døgeret som ei prøveordning.