Det kom inn over 350 forslag til kandidatar og over 4600 stemmer då Avisa Nordland og NRK Nordland bad om hjelp til å finne Årets Nordlending 2022.
Etter ein stor høyringsrunde blant folket har juryen no komme fram til vinnaren i år.
Årets Nordlending 2022 er Glimt-supporterane
– I takt med prestasjonane til laget har det skjedd mykje med tilskodarane på Aspmyra. Ein gong var dei skammeleg få og pinleg stille.
– Slik er det ikkje lenger. No er det songen, fargane og smila som løftar Glimt gjennom Noreg og Europa, heiter det i grunngivinga til juryen.
Juryen har bestått av Vibeke Madsen i NRK Nordland, Daniel Bjarmann-Simonsen i NHO Nordland, Gro Bergrabb i Nordland Musikkfestveke og Jan-Eirik Hanssen i Avisa Nordland.
Dei skriv vidare:
– Det er ei mektig oppleving når eit samstemt kor med 8.000 nordlendingar løftar dei gule skjerfa og syng «Å eg veit meg eit land».
– Før såg vi rart på folk som ropte og song. No ser vi rart på dei som ikkje gjer det. Kvar kamp har blitt ein fest.
JURYEN: Disse fire utgjør juryen til Årets Nordlending 2022. Jan-Eirik Hanssen (sjefredaktør Avisa Nordland), Vibeke Madsen (distriktsredaktør NRK Nordland) Gro Bergrabb (direktør Nordland Musikkfestuke) og Daniel Bjarmann-Simonsen (direktør NHO Nordland).
Foto: Kjetil Rakkenes Anda / ANJuryen peikar også på at dagens supporterar følger opp ein sterk tradisjon.
– På 70-talet var Glimt sjølve symbolet for nordnorsk identitet, stoltheit og kamp mot diskriminering – på og utanfor fotballbanen.
– Glimt-tilhengarane – med Halvdan Sivertsen, Knut Eide og Arnulf «med tannkosten» Bendixen i spissen – innførte engelsk supporterkultur til Noreg med gule antrekk, kreativ song, plakatar og felles opptog til Aspmyra før kamp.
J-feltet på Aspmyra stadion.
Foto: Mats Torbergsen / Mats TorbergsenSet Bodø på kartet
Glimt-supporterane fekk flest stemmer i kåringa for året.
Folka har gitt mange grunngivingar når dei har stemt på Glimt-supporterane. Mange trekker fram samhald, positivitet og god støtte i grunngivingane sine.
«Dei har sett Bodø og Glimt på kartet internasjonalt, og haustar ros kvar enn dei reiser. I tillegg til å lage mykje liv og røre på tribunar over heile landet, og i Europa, er dei inkluderande»
«GLIS bidrar til mindre einsemd for mange nordlendingar som blir trekte til hovudstaden. Legning og etnisitet er uviktig. I GLIS-familien er alle like viktige og velkomne.»
Glimt sine supportarar i sør, som er kalla «Glimt i sør», gjorde alt dei kunne for å hjelpe spelarane borte mot Strømmen.