Hopp til innhold

3000 sesongarbeidarar er på veg: – Heile vinterfisket står no på spel

I Øksnes i Vesterålen er 90 prosent av økonomien knytta til vinterfisket. Men no fryktar industrien at fulle karantenehotell og manglande grensekontroll kan føre til kaos.

Myre sett fra høyden

Skreifisket er det viktigaste sesongfisket etter torsk i Noreg. Her på Myre i Øksnes er økonomien svært avhengig av fisket.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Allereie i slutten av november kjem dei første gjestearbeidarane frå såkalla raude land som Romania, Litauen og Latvia.

Under det travle vinterfisket frå januar til april jobbar normalt i overkant av 3000 utanlandske arbeidarar på fiskemottak i Lofoten, Vesterålen og Sør-Troms.

Dei fleste kjem med bil over svenskegrensa, til dømes på Bjørnfjell i Narvik.

– Vi vil ikkje ha smitta inn i samfunnet. Men vi vil gjerne ha arbeidstakarane, seier ordførar John Danielsen (Sp) i Øksnes.

John Danielsen, Ordfører Øksnes(Ap)

Ordførar John Danielsen i Øksnes.

Foto: Ane Høyem / NRK

Tradisjonelt kjem mange utan arbeidskontrakt som reiser rundt for å skaffe seg arbeid.

Skreifisket er det viktigaste sesongfisket etter torsk i Noreg. Og under vinterfisket er det sjansar for å tene gode pengar.

Men i år er optimismen snudd til uro.

– Heile vinterfisket og mottakssituasjonen står no på spel. Dette er nøydd å vere på plass i løpet av kort tid. Fisken den ventar ikkje, seier Danielsen.

I kommunen på nordvestsida av Langøya i Vesterålen er vinterfisket livsgrunnlaget.

90 prosent av økonomien i lokalsamfunnet er knytt til aktiviteten frå januar til utgangen av april, ifølge ordføraren.

Krev auka grensekontroll

I oktober stramma regjeringa inn reglane for utanlandske arbeidarar. Politiet er tilbake på grensene til våre naboland, med støtte frå Heimevernet.

Målet er å hindre importsmitte. Dei som ikkje kan vise til ei gyldig arbeidsavtale blir avvist. Men grensene blir ikkje kontrollert døgnet rundt.

– Dersom vi ikkje får den på plass, er det ei utfordring. Det kjem folk til landet som kan ha smitte med seg, seier Danielsen.

Fryktar fulle karantenehotell

Om få dagar kjem dei første utanlandske sesongarbeidarane som skal jobbe under vinterfisket i Nord-Noreg.

Dei må vere på plass når fisket startar rundt årsskiftet.

Overlevering av dagens fangst til Gunnar Klo AS på Myre februar 2020.

Fiskeindustrien er avhengig av gjestearbeidarar under det travle vinterfisket frå januar til april.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Men det er eit problem. Dei er mange, og dei kjem frå raude land.

Utanlandske arbeidarar som skal inn i landet må først vise til resultat frå ein negativ koronatest som ikkje er eldre enn 72 timar. Deretter ventar 10 dagar i karantene.

– Det er ikkje mogleg å gjennomføre det, seier ordførar John Danielsen.

Regjeringa krev einerom med eiga toalett for kvar enkelt under karanteneperioden, noko som til dømes kan løysast med brakkeriggar. For arbeidsgivarar som ikkje får dette på plass, kan nærmaste karantenehotell vere eit alternativ.

Her følgjer det med ein eigendel på 1500,- per dag for kvar person. Det må bedrifta betale.

I Nordland er det sett av om lag 20 hotellrom i Narvik, og ytterlegare 24 i Bodø og like mange i Mo i Rana.

Det er altfor lite når fleire tusen arbeidarar kjem over grensa i løpet av nokre veker, fryktar Danielsen.

Kjem til å kjøpa mindre fisk

Myre Fiskemottak har satsa dei siste åra, og har totalt fem anlegg i Nord-Norge. I den travle vintersesongen hentar bedrifta normalt inn opp mot 400 utanlandske arbeidarar.

I august fekk to arbeidarar ved Myre Fiskemottak påvist covid-19.

Kai Freddy Evensen

Kai Freddy Evensen ved Myre Fiskeindustri.

Foto: Dan Henrik Klasusen / NRK

Prosjektleiar Kai Freddy Evensen i Myre Fiskemottak seier at dei no må tenkja heilt nytt.

– Vi vurderar å ta ned talet på folk i år og heller avgrensa kjøpet av fisk og råstoff i år på grunn av logistikken som forskriftene krev.

Evensen seier at dei ynskjer seg endring i forskrifta slik at små isolerte kohortar kan bu saman og ikkje på einerom.

Sjømat Norge har bedt om støtte frå Nærings- og fiskeridepartementet til karantenehotell, skriv Fiskeribladet.

– Vi ber om at noko av kompensasjonspengane som er løyvde, går til lettar i eigendelen for karantenehotell, seier Sjømat Norge-sjef Geir Ove Ystmark.

Fiskeriminister Ingebrigtsen seier til avisa at det er det naturleg å ha ein diskusjon om hvem som skal dekke kor mykje av kostnadene når myndigheitene setter restriksjonar.

Ikkje bekymra

Fylkesmann Tom Cato Karlsen i Nordland deler den uroa Øksnes-ordføraren kjenner på.

Fylkesmann i Nordland, Tom Cato Karlsen.

Fylkesmann Tom Cato Karlsen i Nordland

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

– Ja, eg deler den bekymringa for mengda utanlandske arbeidarar som vanlegvis kjem til Lofoten og Vesterålen. Vi har tatt dette vidare opp med Justisministeren.

Men fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen er derimot ikkje bekymra.

– Det ligg ikkje i min natur å bekymre meg, det jobbast med gode løysingar. Her må det kunne gjerast pragmatiske grep som ikkje går ut over smittevernet, seier han.

Han påpeikar også at det er mange norske arbeidslause som vil kunne søkja seg arbeid i sesongen.