Hopp til innhold

Fem grunnar til å IKKJE droppe Trænafestivalen

«Her er fem grunnar til å droppe Trænafestivalen» skreiv ein fransk bloggar i VG i dag. Dei som er på festivalen er heilt ueinige.

Kelly Dynne

REISER LANGT FOR TRÆNA: Kelly Dynne fekk vite om Trænafestivalen frå venninna, og reiste heilt frå solfylte California til forblåste Træna – for festivalens skuld.

Foto: Amanda Rørmark Åsberg / NRK

– Eg kjem aldri til å dra tilbake, med mindre absolutt alt har blitt forandra frå i fjor.

Desse orda sto på trykk i VG Meiningar torsdag, og kjem frå den franske bloggaren Lorelou Desjardins. Og kvar er det ho aldri vil reise tilbake til? Trænafestivalen.

I innlegget skriv Desjardins om at Noreg har imponerande mange festivalar i den korte sommarsesongen. Ho hadde høyrt mykje godt om Trænafestivalen og sett vakre midnattssolbilete på nett. Likevel var eitt besøk meir enn nok, og ho lista fem grunnar til at andre ikkje bør reise til festivalen i havgapet:

  1. Lydsystemet er grufullt
  2. Det har blitt altfor kommersielt
  3. Sikkerheita er for streng
  4. Det er ein fyllefest for tenåringar ...
  5. ... og eit Instagram-paradis for Oslo-hipsterar
Lorelou Desjardins

KRASS KRITIKK: Den franske bloggaren Lorelou Desjardins hadde ikkje ei god oppleving på Træna i 2016. I eit blogginnlegg i VG rår ho andre til å ikkje reise på festivalen.

Foto: NRK

Dei som er på Træna er ueinige

Sjølv om Desjardins ikkje hadde ei god oppleving på Træna, strøymer musikkglade festivalgåarar til i år også. Ifølgje festivalsjef Jim Ove Marthinussen kjem det kring 5.000 til øya i havgapet dei neste dagane.

Og uansett kven NRK pratar med, verkar det som desse fem grunnane dukkar opp igjen og igjen:

1. – God stemning

– Musikken, maten og vêret gjer berre stemninga er heilt knall, fniser Ann-Iren Range.

Ho sit på ein benk med veninna og nyt ettermiddagssola. Bak ho høyrer ein folk som pratar høglydt og livleg musikk. Det er enn so lenge lite som minner om gjestar misnøgde med sikkerheitssjekken ved inngangen eller lydsystemet.

Ann-Iren Rage

GLEDESSPREIAR: – Det verkar som om folk er nøgd, i alle fall so langt, seier Ann-Iren Rage.

Foto: Ole Dalen / NRK

2. – Naturen er storslått

At naturen på Helgeland er vakker, var også Desjardins einig i. Den er faktisk trekkplaster nok til å trekkje folk halve kloden rundt.

– Det er litt kaldt, men eg nyt verkeleg det eg ser, seier Kelly Dynne.

Ho og venen hennar har reist heilt frå San Diego i California for å besøke Træna.

– Ho tipsa meg om dette for ei stund sidan, og etter å ha sett nokre bilete på nett måtte eg berre ta turen, seier Dynne.

Træna

VAKKER SOM FÅ: Helgelandskysten har mange perler som framleis er uoppdaga, men øysamfunnet Træna har byrja få eit rykte.

Foto: Terje Mortensen

3. – Artistane er i toppklasse

Amanda Delara, Sigrid, Arif, Aurora og Rafferty. Dette er berre nokre av artistane som går på scena under årets Trænafestival. Anna Räz frå Sveits fekk høyre om festivalen for fleire år sidan, men trengde ei «unnskylding» for å kome.

– Då eg såg kva artistar som skulle spele, måtte eg berre ta turen, seier Räz.

Den nordnorske naturen veg også tungt inn, for etter festivalen på Helgeland skal ho bruke heile to veker for å gå fjellturar i Lofoten.

Anna Räz

FJELLA LOKKAR: Anna Räz har lenge ønska å besøke Nordland for å gå i fjellet, og artistlista til Trænafestivalen blei den siste skuven ho trengde.

Foto: Amanda Rørmark Åsberg / NRK

4. – Alle eg møter er hyggelege

– Ein blir kjend med so mange nye menneske på Træna!

Kristine Krane pratar entusiastisk. Ho fortel at folk på øya møter ho med eit smil, same om ho kjenner dei godt eller ikkje.

Kanskje vert gjestane påverka av den hyggjelege lokalbefolkninga på berre 400 menneske?

Kristine Krane

VENLEG: Kristin seier alle ho møter på øya verkar ekstra hyggjelege.

Foto: Ole Dalen / NRK

5. – Det er ei heilt eiga oppleving

– Dette er ein heilt særeigen festival. Om eg berre skulle vald éin i sommar, hadde eg vald Trænafestivalen, seier Eva Brekke.

Ho kom seg til Træna på ein litt spesiell måte – med seglbåt! Det er ikkje alle festivalar ein kan reise til på slike måtar.

Eva Brekke og Guri Stokke

NØGDE: Eva Brekke og veninna Guri Stokke tykkjer godt om den unike musikkopplevinga dei får i havgapet.

Foto: Ole Dalen / NRK

Men festivalen på Træna er nett starta. Kanskje treng dei besøkande meir tid for å innsjå kva Lorelou Desjardins meinte med blogginnlegget sitt? Om dei kjem til å oppleve det same som ho vil berre tida vise.

Følg med på stemninga på Træna via NRK Nordland si facebookside: