Hopp til innhold

Farevarsel for kraftige vindkast: – Bind fast trampolinen

Haustferien er allereie godt i gang fleire stader i landet. Andre stader står ferie for tur. Men meteorologane anbefaler å binde fast trampolinen.

Haust er tida for lågtrykk og mykje vind.

Og denne helga får heile kysten i Noreg smake på haustvinden.

Eit digert lågtrykk ruller nemleg oppover Noregskysten.

Sikre lause gjenstandar

Frå søndag morgon til måndag morgon er det venta lokalt kraftige vindkast som kan bli opp til 30 meter pr. sekund fleire stader i landet.

I Nordland gjeld det i hovudsak Helgeland, Saltfjellet, Salten og Often.

Iselin Skjervagen, statsmeteorolog

Iselin Skjervagen er statsmeteorolog og vakthavande meteorolog i Tromsø.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– Det er viktig å sikre lause gjenstandar og unngå unødvendig ferdsel på utsette stader, seier statsmeteorolog Iselin Skjervagen og legg til.

– Bind fast trampolina og ta inn potteplanter eller liknande som du er redd for.

Også statsmeteorolog Pernille Borander kjem med ein klår anbefaling til folk som bur i område med farevarsel for kraftig vind.

– Bruk dagen til å rydde inn hagemøblar og andre lause gjenstander.

Tweet frå meteorologane

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast frå Rogaland i sør til Nordland i nord frå søndag til måndag morgon.

Vent med hummarfiske og fjelltur

1. oktober er startdato for Hummarfisket i heile landet. Men statsmeteorologen råder folk til å vere spesielt forsiktige i standsona og på sjøen.

– Eg ville ikkje lagt hummarfisket til i søndag. Sidan dette er kortvarig og berre varer til måndag, ville eg venta til litt utpå måndagen med å dra ut for å fiske hummar.

Tweet frå meteorologane

Meteorologane varslar bølger opp til 5 meter langs kysten av Sør-Noreg.

Søndag vil heller ikkje vere ein god tid for å ta seg ein søndagstur i fjellet. Jo høgare ein kjem, så meir utsett vil ein verte for vêret.

– Det er større sannsyn for å få meir enn 30 m/s på dei fleste stader som ligg høgt, seier Skjervagen.

Heller ikkje på Vestlandet kjem dei unna vêret. Meteorologane har sendt ut farevarsel for kraftige vindkast for Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag.

Lokkøya i Bø.

Har du planar om å frå på Hummarfiske i helga råder meteorologane til å halde seg unna søndagen.

Foto: Jan-Helge Andersen

– Med andre ord vert det kraftig vind langs heile kysten, seier statsmeteorologen.

Vinden kjem frå sør og søraust og vil minke først i sør.

Men der får dei til gjengjeld regn på menyen.

Tweet frå meteorologane

Det er sendt ut gult farevarsel for lokalt mykje regn i Østfold, Akershus og Oslo.

Regnfull og vindfull haustferie

På deler av Austlandet er det varsla for flaum på oransje nivå.

meteorologen seier lågtrykket er ganske kraftig, og at det er venta mykje regn i Agder, Vestfold, Telemark og Viken fram mot neste veke.

– Det vil bli mykje regn og vind i heile landet mot slutten av helga. Det blir kanskje ikkje den beste veke å ha haustferie på med dei førebelse prognosane, seier Skjervagen.

Tweet frå meteorologane

Søndag er det venta mykje regn og nokon stader får liten storm frå sør og søraustleg retning i fjellet. Meteorologane ber folk hugse vinterdekk.

Vêrvinnaren for neste veke kan sjå ut til å bli Finnmark.

Men ein skal ikkje fortvile Agder, Oslo og Viken heller. Inn mot neste helg kan nemleg dei sitte med det beste vêret.

Kanskje vert ikkje haustferien så verst for barn på Austlandet, om dei berre kjem seg igjennom alt regnet først.