Hopp til innhold

Elisabeth (27) fekk 50 flått på kroppen: – Kraup over alt

Elisabeth Kristin Målvatn vart sjølv bytte då ho var på rådyrjakt. Flåttekspert seier at vi må vente oss meir av det med varmare klima og færre beitedyr.

Elisabeth Kristin Målvatn fekk over 50 flått på kroppen på jakt.

Elisabeth er nøgd med byttet, men var sjølv bytte for 50 flått då bildet vart tatt.

Foto: Privat

– Det var ekstremt. Eg har aldri opplevd liknande, seier Elisabeth Kristin Målvatn.

Ho var på rådyrjakt på Herøy vest for Sandnessjøen slik ho har vore kvart år.

Til å begynne med var alt slik det plar vere. Ho stilte seg opp på post og venta.

Kravla over heile kroppen

– Så kom det brølande ut ein rådyrbukk framfor meg. Eg brøla tilbake og fekk han til å stoppe, før eg skaut han, fortel Målvatn.

Som ho plar fann ho bukken i skogen, tok ut innvolla og set seg ned for å vente på sambuaren som framleis sat på sin rådyrpost.

Elisabeth Kristin Målvatn og sambuaren vart angripne av flått på jakt.

Elisabeth Kristin Målvatn og sambuaren vart angripne av flått på jakt.

– Då oppdaga eg at det begynte å kravle over alt på kroppen. Det kraup flått over alt, seier jegeren.

Flåtten kraup inn under jaktvesten og inn i ullundertøyet. Seinare oppdaga sambuaren at flåtten hadde kravla heilt ned i trusa hans.

– Eg har aldri vore borti noko så ille før. Då vi sat på post seinare måtte vi plukke flått frå ansikta til kvarandre som om vi var to apekattar.

Flått-babyboom

– Ho har sikkert vore borti eit område som det har vore flåttegg. Når dei klekker ut kan det kome 1000–2000 flått samstundes, seier biolog Yvonne Kerlefsen.

Yvonne Kerlefsen

Yvonne Kerlefsen er biolog på Flåttsenteret.

Foto: Flåttsenteret

Ho jobbar på Nasjonal kompetanseteneste for flåttbårne sjukdommar – også kalla Flåttsenteret.

Dei driv med forsking, informasjonsarbeid og undervisning, og får ofte høyre om folk som har hatt møte med den vesle blodsugaren.

– Viss ein går forbi eit slikt område kan du fort få 50 flått på deg. Det er ikkje uvanleg. Men dei er ofte så små at det er på grensa til at du ser dei, seier Kerlefsen.

Flåttbabyene beveger seg ikkje så fort som dei større flåttane, og vil difor vere konsentrert på eit mindre område, forklarar flåtteksperten.

Kryp nordover

Tidlegare har store deler av Nord-Noreg vore skåna for flåtten.

Men i sommar har fleire sett det vesle edderkoppdyret.

– Vi seier at flåttgrensa i nord går ved Dønna, utanfor Sandessjøen. Nord for det er det ikkje faste bestandar av flått, men dei kan kome med trekkfuglar og trekkdyr, fortel biologen.

Men flåtten er på full fart nordover. Før var han lenger sør.

I ein studie frå 2011 som samanlikna område der det var funne flått med data frå 40-talet viste at flåtten allereie då hadde funne seg til rette lenger nord og oppe i høgda.

Flått sitter på et strå

Flåtten er blind, men kan lukte byttet når det kjem forbi.

Foto: Erik Karits / Pixabay

– Det er ingen som går og tel flått kvart år, men generelt kan vi seie at det er mykje meir flått langs kysten i Noreg.

– Kvifor er det slik?

– Hovudårsaka er at klima vert varmare og våtere. Då trivst flåtten betre. I tillegg er det færre gardsbruk. Då gror mykje av kulturlandskapet igjen, og du får tettare vegetasjon.

I tillegg har hjortedyrbestanden økt. Når vaksne hoflåtten legg egg treng ho mykje blod. Difor er hjortedyr og større pattedyr eit viktig vertsdyr for flåtten, fortel eksperten.

Flått suger blod

Om flåtten vert sittande på i meir enn eit døgn er risikoen for å få sjukdommar høgare.

Foto: Colourbox

Viktig å sjekke seg

Og flåtten sjølv kan bere med seg bakteriar, virus og parasittar som kan gi sjukdom hos både menneske og dyr.

Flåtten vert ikkje sjølv sjuk, men kan gje alvorleg sjukdom som hjernebetennelse til oss menneske.

Om ein bur i risikoområde for flått: i Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud, rår Kerlefsen folk til å ta vaksinen for TBE. Det er eit virus ein til no ikkje kan behandle i etterkant.

– Det er ikkje mogleg å bli kvitt flåtten i naturen. Difor er det viktigaste å sjekke seg for flått. Jo lenger flåtten sit på huda, dess farlegare er det.

Flåtten er blind, men han kan lukte.

Difor kan det vere noko i det når nokon meiner dei vert meir bitne enn andre. Men biologen seier at det har det førebels blitt forska for lite på.

Det som derimot er forska på, er kven som er mest utsett for flåttbit.

– Eldre menn er og overrepresentert i sjukdomsstatistikken. Det kan vere fordi dei er meir ute på jakt og dårlege til å sjekke seg for flåttbit. Også barn i førskulealder blir ofte bitne.

– Men har vi noko nytte av flåtten?

– Det er ingen dyr som berre lever av å ete flått, men nokon fuglar et det. Ein kan kanskje ikkje seie at flåtten har ein direkte nytte for oss, men dei er jo nyttige for seg sjølv, virus og bakteriar.

Elisabeth Kristin Målvatn

Elisabeth Kristin Målvatn har drive med jakt i fleire år. Ho har ei eigen blogg der ho legg ut bilde av jakt og friluft.

Foto: Privat

Held fram med å jakte

Tilbake på Herøy oppdaga Elisabeth og sambuaren framleis fleire kryp – sjølv etter at dei har dusja.

– Vi kjem til å halde fram med å jakte i kveld. Det gjer oss stor glede og fine naturopplevingar å jakte, seier ho.

– Men eg hadde ikkje telta der ute. Det går ikkje an å slappe av når dei kryp inn under kleda.