Hopp til innhold

Uvêret stansa produksjonen for Yara: – Har tapt fleire millionar

Eit lynnedslag stansa alle fabrikkane til Yara i Glomfjord på onsdag. No kjem resten av uvêret med meir lyn og torevêr.

Trond Iversen i Bodø sat tilfeldigvis ved eit vindauge på kontoret og titta ut på den brutale vinden onsdag morgon. Då small det plutseleg.

– Eg har aldri sett så sterk vind. Plutseleg skjedde dette, seier Iversen.

Kontoret Iversen jobbar på ligg rett ved ladepunktet for dei nye bussane i byen. Iversen og kollegaene var redd bussane kom til å fare av garde.

Men sjølv om lyn og torevêr for nokon er spennande underhaldning kan det for andre bety milliontap.

Tapte millionar

Heile Glomfjord mista nemleg straumen på onsdag.

– Då stoppa fabrikken for oss, seier fabrikksjef Øyvind Jenssen.

Yara har tre fabrikkar i Glomfjord. Sjølv om straumen berre var borte i nokre minutt hadde det store konsekvensar for dei.

– Alle fabrikkane stansa. Det tek tid å starte opp igjen når straumen forsvinn, seier Jenssen.

– Vi brukte heile onsdag natt og deler av torsdagen på å få det meste i gang igjen.

Yara

fabrikksjef Øyvind Jenssen seier det framleis er delar av fabrikken som er under reparasjon.

Foto: Ola Helness / NRK

Ein slik stopp i produksjon vert dyrt for fabrikken.

– Vi reknar med at det kan bli eit tap i omsetnadar på opptil tre millionar kronar.

– Det er mykje pengar også for oss. Det er slike tap vi helst skulle unngått. Heldigvis har vi normalt sett eit stabilt straumnett i Glomfjord, seier fabrikksjefen.

Lågtrykksfamilie på noregsferie

Ekstremvêret «Gyda» er i ferd med å rase seg ferdig langs norskekysten.

Fleire stader i landet vart det utforkøyringar og kollisjonar grunna uvêret.

Men «Gyda» kjem ikkje åleine. Ho er ein del av ein stor familie. Og no kjem resten av dei på noregsferie.

– Det betyr at det er ei rekke med lågtrykk som kjem etter kvarandre, seier vakthavande meteorolog Jon Austerheim.

Det kraftigaste har uvêret har allereie vore. Men meteorologen seier at vi likevel har noko i vente. Det kjem nemleg eit nytt bygevêr.

– Det er moglegheiter for lyn og torevêr i periodar også i helga, seier meteorologen.

Dei siste 24 timane er det registrert 125 lynnedslag i Trøndelag og Nordland.

NRK forklarer

Hvordan kan lyn og torden slå ut elektriske system?

Hvordan kan lyn og torden slå ut elektriske system?

Først: Hvorfor blir det lyn

Lyn og torden får du i kraftige bygeskyer som stikker høyt opp i atmosfæren. I disse skyene er det stor temperaturforskjell i topp og bumm. Det genererer spenningsforskjeller som gjør at det kommer lyn.

Hvordan kan lyn og torden slå ut elektriske system?

Hvordan kan det slå ut store fabrikker?

I fabrikker som Yara i Glomfjord og foregår det meste ved hjelp av elektriske systemer. Når lynet slår ned i en krets i disse systemene blir det for mye spenning for kretsen. Det gjør at de elektriske systemene kortslutter.

Hvordan kan lyn og torden slå ut elektriske system?

Kva er det viktig for vanlege folk å hugse på?

Trekk ut stikkontaktar til senitive apparat som TV og PC. Dei toler vanlegvis ikkje den ekstra spenninga i eit lynnedslag. I tillegg er det viktig for brannvern.

Meteorologisk institutt hadde ute farevarsel for lyn både onsdag, torsdag og fredag.

– Er det vanleg at Meteorologisk institutt har ute farevarsel for lyn så mange dagar etter kvarandre?

– Det er ikkje heilt unormalt om vinteren. Det skjer med ujamne mellomrom, seier Austerheim.

Farevarsel for lyn vart innført i fjor. Difor meiner meteorologen at vi kanskje ikkje er så van med å sjå det enno.

Kople ut TV-en ved farevarsel

Men varselet er til nytte for mange. Lyn er nemleg eit fenomen som kan ha skadelege effektar for ein del folk, mellom anna kraftbransjen.

– Alle som har sensitive elektriske komponentar og datasystem som er utsett for straumsjokk har stor nytte av det, seier meteorologen.

Slik såg det ut då Gyda traff moloen i Bodø onsdag.

Slik såg det ut då «Gyda» raste over moloen i Bodø onsdag.

Foto: Kjetil Skogen

Han peiker på at også vanlege folk bør tenkje over om dei har sensitive apparat som PC eller TV ståande i straumkontakta når det er varsla lyn.

Det er små marinar som avgjer om det vert lyn eller ikkje.

Difor er det beste du kan gjere halde deg oppdatert på farevarsla på yr sin nettstad.

Kvar lyn har slått ned kan du sjå her.

Iversen i Bodø synest det er heilt i orden at det kjem meir lyn og torevêr til helga.

– Eg trur eg skal halde meg inne til helga, men det kan godt vere eg får nokre nye blinkskot likevel, seier han.

På nettsaden lyn.met.no kan du sjå kvar lyn har slått ned. Disse lyna slo ned i Nordland på onsdag.

På nettstaden lyn.met.no kan du sjå kvar lyn har slått ned. Disse lyna slo ned i Nordland på onsdag.

Foto: skjermdump frå yr